PRIVAT ANLEGG: Ole Christian Dokkeberg og Mina Holm bur i eit hus som ikkje kan knytast til det offentlege avløpsnettet. Difor har dei eit privat reinseanlegg i hagen.
Foto: Reidar Gregersen / NRK
Blant dei som allereie nå har gjort sitt for reinare vatn, er Mina Holm og Ole Christian Dokkeberg i Lillehammer.
Dei fekk pålegg om å skifte ut det private reinseanlegget sitt i fjor, og i sommar var det gjort.
To nye tankar er grave ned i hagen. Til saman kosta alt 260.000 kroner. Eit stort innhogg i økonomien for paret.
Ole Christian legg ikkje skjul på at han synest det var lite rom for å diskutere løysingar.
– Vi fekk berre beskjed om at anlegget var for gammalt, og at det ikkje reinska godt nok lengre.
Dei fortalde historia si først i avisa GD.
Slik ser det nye anlegget ut. Med fleire kamre som skil ut ulike avfallsstoff.
Foto: Reidar Gregersen / NRK
I Noreg finst det i overkant av 320 000 små og private avløpsanlegg.
Alle anlegg som er meir enn 30 år gamle må bytast ut innan 2033. Og det er huseigaren si plikt å sørge for at det skjer.
Det hamnar i Oslofjorden
Dei aller fleste av oss har bustadar som er knytt til eit offentleg avløpsnett. Men på bygda har framleis mange sine eigne private reinseanlegg.
I samband med den nye tiltaksplanen for Oslofjorden, ber regjeringa kommunane igjen sørge for at gamle reinseanlegg blir skifta ut eller utbetra. Og at dei får fortgang i arbeidet.
Nyleg avgått klima- og miljøminister, Andreas Bjelland Eriksen (Ap), seier til NRK at gamle, private avløpsanlegg er med på å forureine.
Og at det er viktig at gamle anlegg blir bytta ut. I heile nedbørsfeltet til Oslofjorden.
Tidlegare klima og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen er sikker: alle gamle reinseanlegg må skiftast ut.
Foto: Terje Gording Hong / NRK
Heile 118 kommunar ligg i nedbørsfeltet til Oslofjorden.
Planen har høyringsfrist denne veka.
Men det er ikkje første gong kommunane blir bedt om å skjerpe seg.
Fart på arbeidet
Lillehammer kommune har sjølv vedteke å følge kravet som kom i 2019, om å sørge for å få bytta ut gamle anlegg.
Her er det 1500 private reinseanlegg. Og til nå har 150 huseigarar fått eit krav om å skifte ut sitt. Men det er berre starten.
Mange hundre har fått brev i posten om at det må skje helst innan 2030, og at dei sjølve må følge opp.
Mina Holm og Ole Christian Dokkeberg bur like ved elva Rinna. Ei av elvene i Lillehammer som treng å bli reinare, ifølge kommunen. – Vi vil jo ikkje forureine, seier paret. Men dei synest det har vore krevjande.
Foto: Reidar Gregersen / NRK
Det vil seie at dei må skaffe eit firma som går over anlegget og ser om det er godt nok. Og deretter kan bytte det ut eller skifte delar av det.
Fleire har også vorte truga med tvangsmulkt. Slik som Ole Christian og Mina.
– Og det vil vi sjølvsagt ikkje ha, seier Ole Christian. Han synest at toppen av alt var at kommunen tok 10.000 kroner for å behandle byggesøknaden til anlegget.
Mange spørsmål
Leiar for vatn og avløp i Lillehammer kommune, Anniken Reitan Borgestrand stadfestar at det har komme mange spørsmål.
Og at mange er veldig usikre på kva dei må gjere.
Anniken Reitan Borgestrand er leiar for vann og avløp i Lillehammer kommune.
Foto: Inger Johanne Solli / NRK
Derfor har kommunen arrangert to store informasjonsmøte. Der huseigarar har fått informasjon om kva dei må gjere og kvifor dei må gjere det.
– Dei møta burde dei hatt i fjor, om ikkje før, seier Ole Christian Dokkeberg. For dei var det for seint, det nye anlegget var alt på plass.
Anniken Reitan Borgestrand innrømmer at dei burde gjeve meir informasjon tidlegare.
– Vi undervurderte nok kor sterkt dette påverka folk.
Fleire har nå også fått utsetting på framdrifta. Men om nokre år må alle vere ferdige.
Vanskeleg å dokumentere
Eit av spørsmåla som går att, er om det er mogleg å ta eigne prøver frå avløpet for å dokumentere at det gamle anlegget er godt nok.
Lillehammer kommune har hatt to store informasjonsmøte for folk med private reinseanlegg. Der har mange vore sinte og meint kommunen er urimeleg.
Foto: Inger Johanne Solli / NRK
Men ifølge seniorrådgjevar Guro Hensel i Nibio er det så å seie umogleg å dokumentere om eit gamalt anlegg fungerer. Fordi vatnet renn vidare ut i grunnen og blandar seg med anna avrenning.
– Så da er det slik at anlegget i seg sjølv må kunne dokumentere at det følger dei forskriftene som kom i 2007.
Det betyr blant anna stor nok kapasitet, og at det er tilpassa grunnen der det er etablert. Og det er stort sett ikkje eldre anlegg, seier Guro Hensel.