O'Reilly, Guehi, Haaland
I TRØBBEL: Både Nico O’Reilly (til venstre) og Marc Guéhi gjorde store tabbar i Englands oppgjer mot Spania. Spørsmålet er om Haalands lagkompisar i Manchester City var prega av skuldingane mot klubben. Foto: NTB

Spørsmålet blir stilt breitt i England etter storkampen i London i Nasjonsligaen laurdag kveld. Både BBC og fleire andre medium er på saka, og i sosiale medium blir det spekulert i om det finst ein samanheng.

Verdsmeister Spania stakk til slutt av med ein 3–2-siger i det som blei ein underhaldande kamp, men oppgjeret blei prega av fleire oppsiktsvekkande store feil, sett ut frå kvaliteten på spelarane i dei to laga:

To minutt spelt: Englands midtstoppar Marc Guéhi gjev enkelt frå seg ballen til Lamine Yamal i det han prøver ei klønete vending på eigen halvdel. Resultat: Mål til Spania.

59 minutt spelt: Nico O’Reilly prøvar å slå ein enkel pasning til ein lagkompis, men feilbereknar totalt, og sender kula til Dani Olmo. Resultat: Spanias nummer ti finn ein godt plassert Álex Baena, som hamrar inn 2–2 for spanjolane.

I tillegg laga Spanias Rodri straffe då han på klønete vis felte Jude Bellingham etter 53 minutt.

Sjå situasjonane her og døm sjølv:

City-tilknyting

Felles for dei tre tabbemakarane er sjølvsagt at dei er sterkt knytt til Manchester City.

O’Reilly og Guéhi er sentrale brikker i klubben nå, medan Rodri styrte midten for dei lyseblå frå 2019 til i sommar, og er som ei klubblegende å rekne.

Ein annan som mildt sagt er sentral i klubben nå, er sjølvsagt Erling Braut Haaland. Den norske superspissen skåra to nye landsslagsmål mot Danmark torsdag, men fredag kom nyheita om at City er funne skuldig i 114 av 115 tiltalepunkt knytte til Premier Leagues økonomiregelverk.

Haaland
SUKSESS: Ingenting har stoppa Haaland på landslaget så langt. Foto: Cornelius Poppe / NTB

Klubben har heile tida bedyra si uskuld, og allereie nå varsla at dei kjem til å anke ein eventuell dom.

Nyheita slo ned som ei bombe, sjølv om prosessen har tatt lang tid. Kommentator i NRK-sporten Jan Petter Saltvedt meiner ein dom kan vere «den største skandalen i heile fotballhistoria».

Trur ikkje på samanheng

Laurdag føremiddag skulle eigentleg Haaland stille på pressekonferanse i forkant av oppgjeret mot Portugal søndag, men 26-åringen blei skjerma.

Den norske landslagsleiinga hadde garantert fått med seg at Spanias pressekonferanse, med nettopp Rodri, før matchen mot England nærast berre handla om City-skuldingane.

Sjølv om den engelske pressa gjorde eit poeng ut av at det var City-spelarar som stod bak dei største tabbane i matchen laurdag, kunne ikkje England-sjef Thomas Tuchel sjå nokon direkte samanheng.

– For meg var det ikkje eit tema. Eg har berre tenkt på Spania, på laget og på møta. Spelarane har meir tid enn meg, openbert, så eg kan sjå for meg at dei har snakka om det. Det er det bra at dei gjer, men eg trur ikkje saka var ein distraksjon for dei, sa han etter kampen laurdag, ifølge The Guardian.

Kane
TEMA: Både Harry Kane og Thomas Tuchel bekreftar at Manchester City-skuldingane har vore tema i England-troppen. Foto: BEN STANSALL / AFP,NTB

Heller ikkje stjernespelar og kaptein Harry Kane meiner lagkompisane var prega av dei alvorlege skuldingane, sjølv om det blir spekulert i at straffa kan bli alt frå degradering til at klubben mistar trofé.

– Det var ein diskusjon, men til sjuande og sist, når vi er samla med England, har det vore eit stort pluss for oss at vi kan legge klubbfotballen til side, og det var ikkje noko annleis denne veka, sa han til ITV Sport, ifølge The Standard.

– Fordel Noreg

Ein annan som ikkje trur City-spelarane var prega av skuldingane i oppgjeret mot Spania, er NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg. Han påpeikar at skuldingane har hengt over City i lang tid, og meiner tabbane laurdag var baserte på slump.

– Eg liker å tru at når spelarar av dette kaliberet, som står i såpass mykje press kvar einaste veke, går på ein fotballbane, så klarer dei å handtere det aller aller meste, inkludert dette, seier han.

Mann i hvit t-skjorte
NRK-EKSPERT: Kristoffer Løkberg. Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Løkberg er samtidig overtydd om at dersom det er éin spelar som neppe lèt seg prege av dette, så er det Erling Braut Haaland.

– Han slår meg som ein som tar sånne ting med knusande ro, og er ekstremt god til å fokusere på det han skal, nemleg fotball, seier Løkberg.

– Trur du Solbakken og støtteapparatet har brukt ekstra ressursar på å førebu Haaland til denne matchen på grunn av det som har skjedd?

– Nei, eg trur dei lèt Erling førebu seg som Erling alltid gjer. Det har han vist år etter år at han klarer veldig fint.

Ståle Solbakken oppsummerte sjølv kjapt da han fekk spørsmål om Haaland kunne la seg påverke laurdag:

– Det trur eg går bra.

Kristoffer Løkberg poengterer at om det faktisk har seg sånn at City-spelarane lèt seg prege av skuldingane, så betyr ikkje det nødvendigvis at Portugal har ein fordel.

Snarare tvert imot.

– Portugal stiller jo med Manchester Citys Rúben Dias i midtforsvaret, og det er jo mogleg å tenke seg at ein forsvarsspelar vil pregast av noko sånt i endå større grad enn ein spiss fordi konsekvensane er så store om du gjer feil bakover på banen. Sånn sett har jo Noreg ein fordel, seier han.

  • Nasjonsligaoppgjeret mellom Noreg og Portugal startar kl. 20.45 søndag kveld, og blir sende på radiokanalen NRK Sport. Følg og høyr kampen her.

Ronaldo «nektar» å gi seg: – Fordel Noreg om han startar