– Eg må prøve å kontrollere meg. Men dette er ein refleksjon av korleis klubben er nå.
Det sa ein innbiten Lisandro Martínez til Amazon Prime etter enda eit Manchester United-tap. Denne gongen mot Atlético Madrid.
Éin siger på dei første seks i Premier League har fått det til å ulme igjen hos Manchester United, men den argentinske stopparen rettar ikkje fingeren mot trenar Michael Carrick.
Han rettar han mot leiinga.
– Vi hadde ein fantastisk sesong førre sesong. Etter det forventa eg meir frå toppleiinga. Eg forventa at dei skulle hente fleire spelarar slik at vi kunne konkurrere.
– Så dette er ikkje ein tropp som held meisterliga-kvalitet? spør Amazon Prime-reporteren.
– Eg forventa meir. Eg skal vere ærleg, eg forventa meir. Frå alle, seier Martinez.
– Eg forventa meir frå den tekniske direktøren vår (Jason Wilcox). Vi (spelarane) må også gjere meir, men det er viktig å lage ein sterk tropp for å vere klar til kampar som dette.
– Førre sesong laga vi ein base for å bygge eit utruleg lag. Det er irriterande og skuffande å komme hit å sjå at laget mitt ikkje prøver på å få til eit godt resultat. Det er skuffande, fortsette Martinez.
– Respektlaust
Naturleg nok har intervjua med Martinez blitt den store snakkisen etter tapet tysdag kveld, og den argentinske midtstopparen får ikkje mykje støtte frå ekspertane.
– For meg er dette respektlaust overfor laget. Noko slikt vil rive garderoben i filler. Han seier jo at lagkameratane ikkje er gode nok, seier Manchester United-legende Wayne Rooney.
Han jobba som ekspert for Amazon Prime tysdag kveld, og trekte parallellar til da han gjekk ut offentleg og kritiserte Manchester United for sala av Cristiano Ronaldo og Carlos Tévez i 2010.
Han har i ettertid bede om unnskyldning for det han sa.
– Martinez har prøvd å tale på vegner av spelarane, men har gjort det på feil måte. Det står fram som ein spelar som prøver å verne om seg sjølv. Det var veldig gjennomtenkt og planlagt. Det er trist, for ein er avhengig av at alle står saman og opptrer som éi eining, seier Rooney.
– Eg hata det
Heller ikkje tidlegare Liverpool-helt Jamie Carragher var særleg imponert klubbleiar-slakt frå Martinez.
– Dette gjer ingen noko bra. Ingen supporterar liker dei dresskledde menneska på toppen. Manchester United-fansen vil hylle det, men eg synest det er forferdeleg at han har komme ut med dette nå. Eg hata at folk gjekk ut mot leiinga eller trenaren da eg var i Liverpool, seier Carragher på amerikanske CBS, og fortset:
– Han seier dei hadde ein fantastisk sesong i fjor. Det hadde dei ikkje. Dei sparka trenaren sin (Ruben Amorim) i fjor. Dei kom på tredjeplass fordi dei, Liverpool og Chelsea var så utruleg dårlege. Nå ser vi det ekte Manchester United.
– Eg set spørsmålsteikn ved timinga hans, for med alt støya rundt Manchester United akkurat nå er det positivitet som må komme ut av garderoben, sa BBC-ekspert Paul Robinson på BBC Radio 5 Live
Beskytta Carrick
Carrick fekk sjølv spørsmål om tiraden frå Martinez etter kampen.
– Eg har ikkje sett det. Etter ein kamp som dette så kan ein vere litt emosjonell. Eg synest derfor ikkje dette er det rette tidspunktet å kommentere dette, svarte Carrick.
– I desse tilfella er det vanlegvis trenaren som får sparken ...? spurde Amazon Prime Martinez.
– Ein kan fortsette å byte og byte og byte trenar, men kva med andre område? spør Martinez retorisk og ser oppover.
– I kveld er det enkelt å skulde på trenaren og oss spelarar, men vi må også sjå på andre område, avslutta Martinez med å tilvise mot leiinga ved å peike oppover.