Ein tidleg torsdag morgon i august er det få folk ved kaia på Sørenga i Oslo, men Tor Kristian Tollefson frå Mysen er på plass.
Så høyrer han eit skrik som skjer gjennom stilla.
– Dei skrik at ein mann har hamna i vatnet, fortel Tollefson.
Dødsaren frå Mysen hoppar uti vatnet og svømmer ut mot mannen, som kavar og er ute av seg.
– Han sleit jo. Han var fullt påkledd, som var litt rart. Så han var litt tung å dra inn, fortel Tollefson.
Dei våte kleda gjorde redningsaksjonen krevjande, så han måtte stole på svømmeteknikken og livredningskurset han hadde i bagasjen.
Ved hjelp av livbøya fekk han til slutt dratt mannen trygt inn til land.
Halvparten veit ikkje kva dei skal gjere
Det var ein annan person på kaia som oppdaga dramatikken først, men han klarte ikkje å kaste livbøya heilt ut til mannen.
– Han som såg han først, sa at han ikkje kunne svømme. Så eg måtte ta med den livbøya ut til han eg redda, fortel Tollefson.
Denne hendinga illustrerer ei brutal verkelegheit:
Fem av ti veit nemleg ikkje, eller er usikre på, kva dei skal gjere om nokon er i ferd med å drukne i nærleiken av dei.
Det viser ei undersøking gjennomført av Tryg Forsikring tidlegare i sommar.
Personen på kaia som prøvde å hjelpe, men mangla kunnskapane, er ikkje aleine.
– Derfor er det ekstra viktig at folk kjenner seg trygge på korleis dei kan hjelpe dersom dei blir vitne til ei ulykke, seier Espen Borge, kommunikasjonsrådgivar i Tryg, i pressemeldinga som presenterte tala.
Derfor «frys» vi til is
Hittil i år har 54 personar drukna, ifølge Redningsselskapets drukningsstatistikk.
Tollefsons bakgrunn som dødsar og erfaringane derfrå, hjelpte han med å hindre at det talet auka på Sørenga.
– Eg driv mykje med sånne store stunts i vatnet, og vi er veldig obs på det å kunne redde folk dersom det skjer noko gale.
Denne mentale treninga – å ha tenkt gjennom «kva gjer eg viss» – er avgjerande for å unngå å bli handlingslamma i ei krise, ifølge psykolog Peder Kjøs.
Når vi manglar denne kunnskapen, slår hjernen over på ein eldgammal automatikk.
– Hjernen får ein automatisk orienteringsrespons for flukt eller kamp. Å stå heilt i ro så «tigeren» ikkje høyrer deg gir evolusjonær meining, men i ei ulykke er det ingen nyttig respons, forklarer Kjøs.
Derfor er det å førebu seg mentalt gull verdt, slik at hjernen har ein autopilot å kople over på.
Og om du likevel skulle fryse fast, minner psykologen om ein trøystande, menneskeleg eigenskap:
– Viss éin person begynner å springe til og prøver å gjere noko, så melder andre seg på. Da får du eit handlingsalternativ som gjer at du hiv deg på, seier Kjøs.
– Ei spesiell oppleving
Sjølv om han er van med adrenalinet frå dødsing, legg ikkje Tollefson skjul på at ein blir litt «shaky» av ei slik oppleving.
– Det var ei litt spesiell oppleving, og veldig rart å sjå han. Han var jo omtrent borte under vatnet da vi først fekk ut den ringen til han, fortel Tollefson.
Kort tid etter redninga var fleire dykkarteam, redningsskøyte, politi og brannvesen på plass, og beskjeden til den snarrådige dødsaren var krystallklar:
– Dei tok meg i handa heile gjengen, klappa meg på skuldra og sa: «Fy søren, så bra du tok han».