Minst 24 menneske er drepne i eit bombeåtak mot eit tog i Pakistan, skriv nyheitsbyrået AFP.
Åtaket skjedde nær Quetta, hovudstaden i provinsen Balutsjistan vest i landet.
Det var soldatar om bord i toget då det vart råka av åtaket, ifølge ei kjelde til nyheitsbyrået.
Den pakistanske statsministeren Shehbaz Sharif fordømer åtaket, skriv Reuters.
– Bombeåtaket har på tragisk vis ført til at fleire uskuldige har mista livet og fleire har vorte skadd.
Fleire drepne og skadde
Ifølge det pakistanske nyheitsbyrået APP er minst 16 menneske drepne og fleire såra. Det skal vera både kvinner og barn blant offera.
Over 30 menneske er sendt til sjukehus, ifølge legar nyheitsbyrået AP har snakka med.
Fleire av dei skal vera kritisk skadde.
Politi har sperra av staden og har starta etterforsking, skriv APP.
Fleire åtak
Åtaket skjedde i provinsen Balutsjistan, kor separatistar har vore i konflikt med styresmaktene i fleire tiår.
Dei krev sjølvstende frå Pakistan og har stått bak fleire åtak mot både militære mål, regjeringsbygg og sivile både i regionen og andre stader i landet.
Provinsen er både den største og fattigaste i landet. Separatistane skuldar regjeringa for å utnytta naturressursane i provinsen utan at det kjem lokalbefolkninga til gode, skriv NTB.
Interessert i det som skjer i verda? Høyr utanriksredaksjonens podkast: