I fjor døydde 25 motorsyklistar i trafikken.
2026 ser også dystert ut, der det fram til torsdag i førre veke var 16 dødsfall.
For Vestland og Rogaland er talet oppe i fem så langt – like mykje som i heile fjor.
UP-sjef i Vest Terje Oksnes, seier ein del ulykker skuldast at MC-ane er vanskelege å sjå i trafikken.
Han foreslår difor at fleire bør kle seg i gult for å verte meir synlege.
– Mange har svart sykkel og svarte klede. Då må ein anten kle seg i gul jakke eller gul vest, for det er avgjerande å bli sett, seier UP-sjefen.
Mellom 2018–2024 mista i snitt 18 motorsykkelførarar livet årleg her til lands.
Ei større undersøking om dødsfall over fleire år, syner at litt under halvparten er utforkøyringar i sving der føraren er åleine.
– Vil synlege klede slik sett ha effekt?
– Nei, ikkje akkurat i forhold til det, seier Oksnes, og seier at desse ulykkene ofte handlar om fart og køyreåtferd.
UP vil endre lova for å få ned ulykkestala
UP-sjef i Noreg Knut Smedsrud støttar forslaget frå kollegaen i Vest og kallar det fornuftig.
UP har kome med fire aktuelle lovendringsforslag som no ligg til behandling.
– Vi trur dei vil ha stor effekt for å få ned ulykkestala i trafikken, seier Smedsrud.
- Forbod om varslingstenester som varslar om politikontrollar langs vegane
- Det skal verte lettare å inndra køyretøy i svært alvorlege trafikklovbrot, som t.d. køyring i over 200 km/t.
- Forbod mot å halde i handheldt mobiltelefon under køyring.
- Utvide prøvetidsordninga for førarkort til alle førarkortklasser og fram til sjåføren er 25 år. Mellom anna vil det vere dobbel prikkbelastning.
MC-lærar: – Kan verte skjult tryggleik
I lett duskregn på ei øvingsbane i Førde køyrer fleire MC-ar fram og tilbake – ikledd godt synlege klede.
Lærar Dan Sundal frå Fossedal Trafikkskule gir dei tips og råd undervegs, slik at dei skal gå ei trygg tid i møte på vegane.
Men om UP-sjefen sitt råd om gule klede er medisinen for det, er han ikkje unisont samd i.
– Det er jo smart å kle seg i gult for å verte meir synleg. Men pass på at det ikkje blir ein skjult tryggleik. Plasseringa er det viktigaste ute på vegen. Du må plassere deg slik at du uansett klesfarge faktisk blir synleg, seier han.
– Trur du dine elevar tek på seg gul refleksvest når dei skal ut på vegane på eiga hand?
– Eg har stor tiltru til elevane mine, men eg trur mange synest det er kjekkare med svarte og kule klede som skal matche motorsykkelen.
Elev Alexander Areklett (21) trur han kjem til å droppe den gule vesten når han skal ut på vegen på eiga hand.
– Men dersom det gir dei meir tryggleik?
– Jo, det er ein tanke. Det kan vere eg vil føle meg tryggare med vest. Men eg føler meg synleg nok i trafikken frå før. Berre følg med i trafikken, så ordnar det meste seg.
– Ikkje nødvendigvis rett medisin
Arvid Stenehjem i Norsk Motorcykkel Union (NMCU) i Sogn og Fjordane meiner MC-førarane er synlege nok.
– Det er ein gammal myte at vi bør vere meir synlege. Motorsyklar i dag er ganske store og har meir lys, noko som er like viktig som å uniformere oss med skarpe fargar.
– Men for all del, det gjer ikkje noko å kle seg i tydelege kle, legg han til.
Stenehjem peikar på at meir synlege sjåførar ikkje nødvendigvis er rett medisin, sidan mange ulykker er singelulykker og utforkøyringar.
Også høg fart går att i ulykkestala.
Sjølv om ulykkesstatikken for årets sommar ser stygg ut, minner han om at talet på ulykker over tid har gått ned.
– Fleire peiker på at mange motorsyklistar køyrer heftig og fort?
– Ja, eg er til dels eining i at mange køyrer for fort og for mange i lag. Vi må ta innover oss at vi er sårbare ute på vegane.
Jan Harry Svendsen, leiar i NAF MC seier motorsyklistar må ta større ansvar.
I staden for å snakke om forhold på vegane, bør det vere meir fokus på at førarfeil kostar liv, seier han i ei ytring.
Les også Førerfeil koster liv
Statens vegvesen testar no ut ein ny type vegmerking som dei håpar skal få ned ulykkestala.
Merkinga markerer farlege svingar og har fått ned talet på MC-ulykker med 80 prosent frå testområde i utlandet.
Lastebilforbund: – Gul vest eit minimum
Noregs Lastebileier-Forbund støttar UP-sjefen og meiner motorsyklistar bør kle seg meir synleg.
– Gul vest er eit minimum. Hjelm i godt synleg farge er også til hjelp, seier marknadsdirektør Kjell Olafsrud.
Yrkessjåfør i over 50 år, Øyvind Arendal Solheim, har opplevd mange nestenulykker med MC. Han stiller seg også bak oppmodinga til UP-sjefen.
– Det er det mest fornuftige eg har høyrt. Dei bør vere meir synlege i trafikken.
Arvid Stenehjem i Norsk Motorcykkel Union Sogn og Fjordane avviser at MC-førarar droppar gule kle fordi det ikkje er «kult nok».
– Det er nok ein gammal myte folk har om MC-folk som berre køyrer i svarte skinnklede. Om du ser på yngre sjåførar rundt deg no går dei i meir fargerike klede.
– Køyrer du sjølv i gule klede for å vere meir synleg?
– Eg har lysegrå klede på, men seks lys i front, så eg viser godt att, seier sogningen.