Kvinne med hatt, briller og munnbind sitter i rullestol. Hun ser til siden. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Amerikanske Lalita Kamut overnatta på flyplassen. Rundt over 300 måtte sove på Flesland natt til søndag. Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Det er så vakkert her, men med denne erfaringa føler eg at eg ikkje vil komme tilbake, seier amerikanske Lalita Kamut.

Ho og mannen Shiroy Ranji, har sove på Bergen lufthamn Flesland natt til søndag, etter at flyet deira blei kansellert laurdag kveld.

Kamut er rullestolbrukar og slit med ein vond rygg.

– Vi kom her og så sa dei at dei ikkje kunne hjelpe oss. Vi visste ikkje kva vi skulle gjere, men så gav dei oss nokre soveposar, så vi sov i den. Det gjorde vondt, seier ho og tar seg til ryggen.

Kvinne i rullestol og en mann sitter i en flyplasshall. En sovepose ligger på gulvet foran dem. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Kamut har blitt ombooka til måndag, men er usikker på om det er ein garanti for å komme seg heim. Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Laurdag kveld var luftrommet på Vestlandet stengd for ordinær trafikk i overkant av tre timar på grunn av flygeleiarstreiken.

Over 300 passasjerar måtte overnatte på Bergen lufthamn Flesland natt til søndag.

– Kan ikkje sove på flyplassen endå ei natt

Ekteparet frå New York prøvde å finne eit hotellrom i Bergen, men alt var fullbooka.

Mannen hennar Shiroy Ranji er strekt kritisk til handteringa av streiken.

– Vi treng at streiken blir løyst slik at folk kan fly, og ikkje treng å sove på golvet.

En mann med briller sitter i en stol i en ventehall på en flyplass. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Shiroy Ranji håper dei slepp å sove ei natt til på flyplassen. Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Han og Kamut er først booka om til eit fly på måndag.

No er dei redde for at dei må sove endå ei natt på flyplassen.

– Ho kan ikkje sove på flyplassen endå ei natt, seier Ranji.

Kamut har også ein legetime i New York på måndag ho må rekke.

Lufthamndirektør Helge Eidsnes ved Bergen lufthamn har stor forståing for at det er ein krevjande situasjonen for ekteparet.

– Vi prøver etter beste evne å avhjelpe situasjonen med senger, soveposar, teppe og vatn, men det er krevjande for dei reisande og opphalde seg så lenge på lufthamna.

Mann i dress med Avinor-merke i en travel flyplasshall. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Lufthamndirektør Helge Eidsnes har stor forståing for situasjonen. Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Dei prøvde i går å skaffe overnattingsstader i går, men det var fult over alt.

– Dette er ein dyrkjøpt erfaring vi tar med oss, fordi vi vil ikkje at reisande skal oppleve det på denne måten.

– Sov berre ein time

Klokka 12 har køen til sikkerheitskontrollen blitt kortare, men strekker seg framleis heilt til utgangen.

Det er ein del menneske som sit og ventar, men dei fleste står i kø. Andre prøver å få tak i ein leigebil. Røde Kors er på plass for å tilby hjelp og nokon å snakke med for dei som treng det.

– Vi sov her, seier kinesiske Luo Yuehua og peiker på ein stolrad med eit turkis liggeunderlag på.

Kvinne med bøttehatt står ved sitteplasser på en flyplass med soveutstyr og bagasje. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Her har Yuehua sove i natt. Foto: Ukjent fotograf / NRK

Ho skulle eigentleg fly heim til Kina frå noregsferien laurdag, men flyet blei kansellert.

Då blei natta tilbragt på flyplassen.

– Eg kan ikkje sove fordi eg er så nervøs. Vi sov berre ein time.

Mange forseinkingar på Gardermoen

– Situasjonen er at vi muligens kjem heim, seier Jo Ringstad.

Han og familien skulle eigentleg flydd frå Oslo og heim til Malaga klokka 11.40, men flyet vart utsett.

en gruppe mennesker som poserer for et bilde (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Familien håper dei kjem heim i løpet av dagen. Foto: Malene Laura Solheim / NRK

Søndag var Gardermoen stengt for trafikk frå klokka 06.30 til 11.30 på grunn av flygeleiarstreiken.

Det førte til mange forseinka og innstilte avgangar.

Familien Ringstad har vore på sommarferie i Noreg i halvannan månad, men i morgon begynner skulen for Marlon og Olympia Ringestad.

Familien har derfor kjøp nye billettar frå Torp i morgon dersom flyet ikkje går i dag.

Reisende med bagasje går gjennom en flyplasshall med Norwegian-skilt i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Det er mange forseinkingar på Gardermoen. Foto: Malene Laura Solheim / NRK

– Eg vil ikkje fly frå Torp fordi eg er ganske sliten. Eg er glad om eg berre ser vennane mine.

– Korleis er det for deg om du ikkje kjem på skulen i morgon?

– Deilig og dårleg

En person som holder en teddybjørn (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Marlon gler seg mest til å sjå vennane sine. Foto: Malene Laura Solheim / NRK

– Ein grusom situasjon

Også på Ålesund lufthamn Vigra måtte mange førebu seg på lang ventetid søndag morgon.

Personer venter på stoler i en terminalbygning. Skilt markerer vei til toaletter i korridoren. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Det var mykje forseinkinga på Vigra i Ålesund. Foto: Trond Vestre / NRK

For brasilianske Jessica da Cruz Pereira Lima fører streiken til store problem.

Ho skulle først til Zürich i Sveits via Gardermoen, deretter til Italia og så til Brasil. Men flyet til Oslo var er kraftig forseinka.

– Dette er ein grusom situasjon. No må eg skaffe meg ein ny billett til Zürich, og eg mistar dei reservasjonane eg har vidare. Så dette blir dyrt for meg. Og eg aner ikkje om eg kjem meg til Zürich i løpet av dagen.

Vigra streik. Jessica da Cruz Pereira Lima fikk store problemer på grunn av forsinkelsene.
Jessica da Cruz Pereira Lima skal til Brasil, men flyet er forseinka. Foto: Trond Vestre / NRK

Fleire måtte bu seg på langvarig venting i føremiddag. Synnøve Hjelsetvik frå Ålesund var på veg til ferie i Malaga. Ekstra venting tar ho med stor ro. – Så lenge vi kjem oss dit vi skal i løpet av dagen så går det greitt.