to personar i kvite dressar står bak eit sperreband med politi på
UNDERSØKER: Krimteknikarar frå politiet gjer undersøkingar på staden. Foto: Bergen foto media

– Min klient erkjenner ikkje straffskuld, og vil etter planen bli avhøyrt i kveld, opplyser forsvarar til den sikta, Darija Jamina, til NRK måndag ettermiddag.

Det var like etter klokka 01 natt til måndag at politiet blei varsla om at ein mann i 60-åra var funnen hardt skadd utandørs i eit bustadområde.

Det var eit tilfeldig vitne som fann mannen, som hadde skadar etter mogleg vald og klede som lukta bensin.

No er ein mann i 20-åra pågripen og er førebels sikta for drapsforsøk på mannen i 60-åra, opplyser politiet.

Årsaka til siktinga er skadane som den fornærma mannen har.

Han er innlagt på sjukehus, men tilstanden hans er ikkje kjend.

Mann siktet for drapsforsøk etter voldshendelse i Birkelundsbakken i Bergen
BIRKELUNDSBAKKEN: Det var i dette området den skadde mannen blei funnen måndag morgon. Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Kartleggar relasjon

Politiadvokat Katrine Engelsgjerd Eikestad seier dei kartleggar kva relasjon det har vore mellom den sikta og den fornærma mannen.

– Dette er eitt av dei temaa me etterforskar no.

– Har dei to involverte nokon førhistorie med politiet?

– Det kan eg dessverre ikkje kommentere.

Mannen i 20-åra blei pågripen heime hos seg sjølv.

Politiet vil ikkje utelukke at det er fleire involverte i hendinga.

Dei skriv i ei pressemelding at dei etterforskar saka breitt, og planlegg avhøyr av den sikta mannen i dag.

En dame i politiuniform.
Politiadvokat Katrine Engelsgjerd Eikestad. (arkivfoto) Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Avhøyrer vitne

Det er gjort innleiande undersøkingar på funnstaden og heime hjå den fornærma mannen.

Politiet er i gang med å avhøyre vitne og kriminaltekniske undersøkingar i området ved funnstaden.

Dei skal også ta stilling til om den sikta mannen skal framstillast for varetektsfengsling.

Politiet skriv at dei er interessert i tips om saka på telefon 02800.

Birkelundsbakken mann funnet hardt skadd
Frå området der mannen i 60- åra vart funnen natt til måndag. Foto: Eskil Byrkjeland / NRK