Ifølgje politiet skal forholda ha skjedd søndag, det blir opplyst i ei pressemelding.
Det er gjennomført avhøyr av dei fornærma og vitne, i tillegg til andre undersøkingar som knyter mannen til saka.
Dei to jentene er i barneskulealder.
Mannen er sikta for valdtekt av barn under 14 år.
Han er kjend for politiet frå tidlegare saker som gjeld uønskt seksualisert åtferd, men då ikkje retta mot barn.
Han er ikkje norsk statsborgar, men har budd i Bergen i fleire år.
Fekk melding frå foreldra
Politiet meiner dei kan knyte mannen til hendinga etter fleire undersøkingar.
– Jentene sine forklaringar, saman med dei andre opplysningane vi har samla inn, gjer at vi meiner han kan knytast til handlingane, seier påtaleansvarleg i politiet, Inger-Lise Høyland.
Politiet har mellom anna snakka med vitne, henta inn digitale spor og sikra videoovervaking.
Mannen blei pågripen måndag ettermiddag. Han er enno ikkje avhøyrd, men politiet planlegg å gjennomføre avhøyret tysdag føremiddag. Det er ikkje kjend korleis han stiller seg til siktinga.
– Politiet fekk melding frå foreldra til dei to mindreårige jentene om at dei var utsette for moglege seksuelle overgrep, og då var det ei hending som skulle ha funnet stad utandørs i eit bustadområde, seier Høyland.
Så langt har politiet ikkje fått opplysningar som tyder på at det er fleire fornærma i saka.
– Eg kan ikkje seie noko om korleis han stiller seg til siktinga, seier forsvararen til den sikta mannen, Ole-Petter Grythe Hoff, til NRK.
Omtalar saka som alvorleg
Beate Hamre er bistandsadvokat for ei av dei fornærma jentene. Ho ønskjer førebels ikkje å kommentere saka i detalj, men legg til:
– Dette er ei alvorleg sak.
Ivar Abrahamsen er bistandsadvokat for den andre fornærma jenta. I ei melding til NRK skriv han:
– Dette er ei alvorleg sak kor etterforskinga har medført at gjerningsmannen er pågripen.