– Det er herleg og ei fantastisk kjensle, seier dagleg leiar i Bergen Vel og initiativtakar til Bergen Walk of fame, Roger Iversen.
Han har i fleire netter gøymd seg bak eit stakittgjerde på andre sida av fortausattraksjonen i Nøstegaten.
Natt til onsdag tok Iversen tjuven på fersken då steinen til den kjende homoforkjemparen Kim Friele blei forsøkt fjerna.
– Han reiste seg opp og kom fram med skrujernet. Då berre hoppa eg på han, vrei armen hans rundt og han gjekk i bakken. Han prøvde å koma seg unna, så eg sette meg oppå han til politiet kom.
Det var BA som først skreiv at det var Iversen sjølv som tok affære.
Aksjonen skjedde etter at Bergen Vel henta inn privatetterforskarane Ola Thune og Kenneth Berg for å oppklara mysteriet med dei stolne steinane.
– Dei har vore gode rådgivarar, seier Iversen.
NRK har ikkje fått kontakt med ein eventuell forsvarar til mannen som er sikta for tjuveriet, eller mannen sjølv. Etter det NRK kjenner til er det pr. onsdag kveld ikkje oppnemnt forsvarar.
Fann 14 steinar heime hos mannen
– Me fekk fleire meldingar om eit mogleg basketak i Nøstegaten. Då me kom fram på staden, fekk me raskt kontroll på to personar, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.
Mannen i 60-åra fekk ein liten skade i kneet, og blei køyrd vekk i ambulanse.
Han har forklart at steinen han prøvde å ta, var heilt tilfeldig plukka ut, ifølgje politiet.
Også tidlegare er det utført skadeverk og fleire steinar er fjerna frå «Walk of Fame». Mannen som blei tatt natt til onsdag, har erkjent all skuld for tjuveria.
Heime hos mannen fann politiet 14 steinar.
Motivet har ifølgje mannen vore «å skapa ein debatt rundt at dei var så lette å ta», seier politiet. Han har forklart at han ville levera dei tilbake etter kvart.
– Betyr det at alle tjuveria er oppklarte?
– Sånn som eg har skjønt det, så var det 14 steinar som mangla her. Dei har me no funne heime hos mannen, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik.
– Han blir i alle fall sikta for skadeverk og tjuveri, men i og med at han kom med full tilståing, blir han ikkje køyrd i arresten no.
Steinane vil så fort det let seg gjera bli leverte tilbake til fornærma, ifølgje politiet.
Fleire steinar fjerna dei siste dagane
Roger Iversen har spana og lege på lur i fleire netter i håp om ta tjuven.
– Eg har ikkje sove noko særleg sidan klokka 6 for to døgn sidan. Så eg merkar at eg sjanglar litt når eg går no.
I oversikta hans er det rundt 20 steinar som er tekne, men han trur nokre av dei stolne steinane kan blitt skadde og kasta.
– Nokre er blitt erstatta, men me klarer ikkje å produsera steinar så raskt som dei er blitt stolne.
Blant namna på steinane som er stolne dei siste dagane er Eide Knudsen-familien, Olav Kyrre, Kniksen, Thue-brørne, Cecilia Brækhus, Dag Steinfeld, Tor Endresen, Paul McCartney og Trude Drevland.
Kim Friele fekk sin eigen stein i 2019. Natt til onsdag blei altså hennar stein også forsøkt fjerna.
Steinane skal heidra kvinner og menn som har sett Bergen på kartet.
Bergen Vel har no kjøpt inn kamerautstyr, og vil overvaka området for å hindra fleire tjuveri.
– Me vil også halda fram spaninga i området, seier Iversen.