En politibil foran Trondheim tinghus.
TILTALT: Den tiltalte mannen må møte i Trøndelag tingrett i desember. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

No er mannen frå Trøndelag tiltalt for grov mishandling i nære relasjonar.

Ifølge tiltalen skal han i ein periode på 52 år ha utvist eit «vedvarande mønster av fysisk og psykisk mishandling mot sin kone».

– Han erkjenner ikkje straffskuld etter tiltalen, fortel Erlend Hjulstad Nilsen til NRK.

Han er forsvarar for mannen som i dag er i 70-åra.

Bladet omtalte tiltalen mot mannen først.

Riksvåpenet i Trøndelag tingrett. Tatt inne i hallen. I forkant ser vi deler av et smijernsgitter
Mannen erkjenner ikkje straffskuld for mishandlinga som skal ha gått føre seg i ei årrekke. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Skal ha slått, sparka, skalla og lugga

Ifølge tiltalen skal den fysiske mishandlinga mellom anna ha bestått av jamlege slag i kroppen, deriblant i brystet og ryggen, spark i kroppen og grep om halsen der mannen klemte til.

Kvinna skal også ha blitt dratt i handledda, lugga, skalla og blitt klipe i underlivet.

I tiltalen er fleire konkrete hendingar omtalt.

På eit tidspunkt på 80-talet skal mannen ha gått laus på kona, klipe ho i underlivet, samt følgt etter kvinna og barna da dei forsøkte å komme seg unna.

Ein annan gong skal han ha slått kona i magen og ryggen, samt kasta ho i bakken og rive ho i håret. Deretter skal han ha rive brillene av ho og knust dei.

Inngangsparti i Trondheim tinghus
Tiltalen beskriv fem konkrete hendingar. Den siste skal ha funne stad sommaren 2025. Foto: NRK

Truga med å drepe

Ifølge tiltalen skal mannen også ha psykisk mishandla kona.

Han skal gjentatte gongar ha opptredd aggressivt, samstundes som han uttalte at han skulle ta livet av kona og deretter seg sjølv.

Han truga også med å ta livet av ho dersom ho ringde til politiet.

Ved gjentatte anledningar skal han ha omtalt kona i nedsettande ordelag og kalla ho mellom anna «hore», «ludder» og «dum».

Ved fleire høve tvang mannen også kona ut av deira felles bustad, står det i tiltalen.

Tove Røddesnes er den fornærma kvinna sin bistandsadvokat.

Ho fortel at kvinna opplever saka som svært belastande. Utover det ønsker ho ikkje å kommentere saka eller tiltalen på noverande tidspunkt.

Advokat Tove Røddesnes
Tove Røddesnes er bistandsadvokat for den fornærma kvinna. Foto: Qader Faraji / NRK

Har etterforska mishandling av barna

– Saka er svært alvorleg og omfattande, seier politiadvokat Cecilie Hartvigsen Brekk.

Ho fortel at politiet i fjor sommar fekk melding om ei pågåande valdsepisode frå nokon som kjente den fornærma kvinna.

– Etterforskinga avdekka at saka hadde eit større omfang.

Hartvigsen Brekk fortel at politiet også etterforska om ekteparet sine barn var blitt utsett for mishandling. Desse sakene har blitt lagt bort.

– Sakene er lagt bort fordi dei er forelda.

– Det vil seie at det har gått for lang tid sidan handlingane til at dei etter lova kan bli straffeforfølgt.

Politiadvokaten fortel at påtalemakta ser alvorleg på saka.

– Saker som gjeld grov mishandling i nære relasjonar er alvorlege integritetskrenking.

– Den øvre strafferamma for slike brot er fengsel inntil 15 år.

Frosta-saken: En konsentrert og noe betenkt forsvarer Erlend Hjulstad Nilsen sitter i rettssal 5 i Trøndelag tingrett, Steinkjer, Han sitter i rettssalen og kikker litt ned og til siden
Erlend Hjulstad Nilsen er forsvarar for den tiltalte mannen. Foto: Bjarte Johannesen

Erkjenner ikkje straffskuld

– Det er ein alvorleg tiltale, seier den tiltalte mannen sin forsvarar, Erlend Hjulstad Nilsen.

Han fortel at mannen ikkje erkjenner straffskuld etter tiltalen.

– Kva er det mannen meiner har skjedd?

– Det tenker eg vi skal ta når vi kjem til retten.