Mann pågripen etter fallulykke i Bremanger
Ein mann i 30-åra vart funnen livlaus på nedsida av ein ti meter høg fjellskrent i Kalvåg i Bremanger tidleg søndag morgon. Det blei sett i gang livreddande førstehjelp, men livet sto ikkje til å redde. Hendinga blei etterforska som ei ulykke. Måndag opplyser politiet at dei har sikta ein mann i 50-åra for å ha etterlate avdøde i ein hjelpelaus tilstand. Politiet jobbar med ulike hypotesar, og har sett fleire ressursar på saka. Dei ber òg vitne som har vore i området rundt Kalvåg sentrum laurdag kveld til søndag føremiddag – og som meiner dei har opplysningar i saka – om å kontakte dei på tipstelefon 47 69 60 60.