Ein mann i 20-åra er sikta for drap på ein mann i 50-åra i Sandnes. Det skriv politiet i ei pressemelding måndag morgon.
Forsvarar Vegard Bråstein seier til NRK at mannen erkjenner straffskuld. Han stadfester òg at den avdøde er far til sikta.
– Han er sjølvsagt prega av det som har skjedd, og eg kan seie at han har gitt ei detaljert forklaring. Han erkjenner straffskuld etter den siktinga som ligg føre, seier Bråstein.
– Korleis blir vegen vidare no for deg og klienten din?
– No er det fastsett eit fengslingsmøte i morgon. Han samtykkjer til fire veker i varetekt. Han skjønar at det ikkje er nokon veg utanom det. Han samtykkjer òg i at det blir avgjort gjennom ein såkalla kontorforretning, så får vi sjå kva dei bestemmer seg for.
Mannen vart avhøyrd i tre timar. Bråstein vil ikkje gå nærare inn på kva klienten har forklart om hendingsforløpet.
Den fyrste meldinga om ei alvorleg valdshending i Sandnes, kom til politiet via AMK klokka 04.02. Politiet rykka med ein gang ut til adressa.
– Mannen som no er sikta vart pågripen på staden, og det er sett i gang etterforsking, seier politiadvokat Christine Kleppa.
Christine Braastad Orre er bistandsadvokat for dei pårørande i saka.
– Det er ei alvorleg sikting. Eg har ikkje nokon kommentarar utover det på noverande tidspunkt, seier ho til NRK.
Nabo: – Høyrde veldige skrik
Lars Strøm vakna rundt klokka fire på natta for å gå på do. Kort tid etterpå høyrde han skrik frå nabohuset.
– Eg høyrde nokre veldige skrik gjennom vindauget. Det var veldig spesielt natt til ein måndag.
Strøm frå Sandnes skjønte at noko var gale. Kort tid etterpå kom politiet til nabohuset.
– Dei gjekk mot døra med skjold, og idet ho opna seg, stod den antatte gjerningsmannen der med hendene opp og overgav seg med ein gong, seier han.
Kort tid etter at den sikta var ført bort, kom det fleire patruljar, ambulansar og legevaktbil til staden.
Då helsepersonellet opplyste at dei ikkje gjekk inn i huset, skjønte naboen at eit liv truleg var tapt. Hendinga har sett eit sterkt preg på det elles rolege nabolaget.
– Dette er eit veldig stille og roleg nabolag med mange familiar og eldre menneske, så det er utruleg trist at noko slikt skjer. Ein blir både fortvila og redd, og tenkjer på dei etterlatne, seier han.
Ein annan nabo som NRK også har snakka med, fortel å ha vakna av bråk og høge lydar allereie klokka 03.00 i natt.
Georg Rørtvedt som også bur i nærleiken seier det aldri er noko bråk i dette nabolaget i Sandnes.
– Det er eit roleg nabolag med mykje eldre folk. Det er aldri noko bråk her, seier Rørtvedt til NRK.
Ein fjerde nabo seier det som har skjedd er ufatteleg trist.
– Det er ei tragedie. Dette hadde vi aldri drøymt om. Vi har aldri høyrt noko bråk derfrå, seier naboen.
Har ein relasjon
Dei involverte har ein relasjon til kvarandre, og begge har ei tilknyting til den aktuelle adressa.
Politiet vil ikkje utover dette kommentere relasjonen til dei involverte.
– Det går føre seg kriminaltekniske undersøkingar, samt taktisk ransaking på staden, seier Lerum.
Lerum opplyser at det også er gjort beslag på staden, men ønsker førebels ikkje å gå nærare inn på dette.
– Vi kan ikkje seie noko om hendingsforløpet eller gå inn på kva beslag som er gjort. Politiet vart kjende med saka då vi vart varsla av AMK. Kva som kom fram der, vert undersøkt og blir ein del av den vidare etterforskinga, seier Lerum.
Fleire vitne avhøyrd
Etterforskinga er førebels i ei tidleg fase, og politiet opplyser at det er for tidleg å seie noko meir om sjølve hendingsforløpet.
– Vi etterforskar saka breitt. Politiet har avhøyrd fleire vitne. Åstaden er sperra av og det vil gå føre seg kriminaltekniske undersøkingar utover dagen, seier Kleppa.
Det vert også gjennomført rundspørjing i området.
Det er sett opp sperreband frå politiet på eigedommen.
Frå rundt klokka 10.40 er krimteknikarar til stades ved adressa i Sandnes.
Obduksjon av den avdøde vil bli gjennomført i morgon. Det vil òg bli gjort ei prejudisiell undersøking av sikta, melder politiet.