– Etterforskinga så langt har avdekt at det er snakk om livstrugande vald mot fornærma, fortel politiadvokat Ane Sørebø i Trøndelag politidistrikt.
Tysdag blei ein mann i 20-åra framstilt for forlenga varetektsfengsling i Trøndelag tingrett.
Han er sikta for drapsforsøk etter ei hending i Trondheim søndag 26. juli.
Politiet ønsker å halde mannen varetektsfengsla i fire ny veker.
– Vi vurderer gjentakingsfaren som såpass stor.
Men tingretten meiner risikoen for nye straffbare handlingar vil vere lågare dersom sikta gjennomfører varetekta heime under tett oppfølging, enn i fengselet.
Dette grunngjev tingretten med at sikta er ung og har vore isolert i fengselet på grunn av kapasitetsutfordringar:
Og i avgjersla frå tingretten står det at sikta kan haldast i varetekt med opphaldspåbod i foreldra sin bustad, i inntil fire veker.
Det er gjeve utsett iverksetting med frist for å levere ei eventuell anke innan onsdag klokka 10.
– Eg kjem til å levere inn ein anke. Det handlar om gjentakingsfaren og at omsynet til å beskytte fornærma veg tyngst, seier Sørebø før ho held fram:
– Det er snakk om ei veldig alvorleg sak.
Sigrun Dybvad er bistandsadvokat for den fornærma kvinna og skriv i ei tekstmelding til NRK at dei har gått gjennom avgjersla, men ønsker ikkje å kommentere ho.
Gjentatte kvelartak og bruk av vaier mot halsen til fornærma
Mannen blei pågripen på staden same kveld som hendinga fann stad. Sidan den gong har han sete i varetekt.
– Av omsyn til etterforskinga kan vi på noverande tidspunkt ikkje gå ut med detaljar om hendingsgangen, fortel Sørebø.
Mannen sin forsvarar, Jasmin Gheshlaghi, fortel at den sikta mannen erkjenner «delar av dei faktiske forhold.»
Kva det betyr kan ho ikkje gå inn vidare inn på.
– Nei, det kan eg dessverre ikkje.
I avgjersla frå tingretten skriv dommar Ingrid Stigum at sikta tok gjentatte kvelartak mot fornærma og brukte ein vaier mot halsen hennar.
– Vi meiner vilkåra for vidare fengsling ikkje er oppfylt
Gheshlaghi fortel at mannen har bedd om å bli lauslaten.
– Vi meiner vilkåra for vidare fengsling ikkje er oppfylt.
– Vi er absolutt ikkje einige i at vilkåra for å konstatere gjentakingsfare er til stades og at det her er alternativ i form av varetektsfengsling med elektronisk kontroll som er mindre inngripande og derfor skal bli nytta.
Varetekt med elektronisk kontroll, såkalla fotlenke, gjer at ein kan sitte varetektsfengsla heime.
– Vi meiner at tingretten har skrevet ei grundig avgjersle, seier Gheshlaghi til NRK.
Det meiner politiadvokaten ikkje er tilstrekkeleg.
– Det er vurdert, men vi meiner per no at gjentakingsfaren er såpass stor at det ikkje er tilstrekkeleg for fornærma.
Politiet har tidlegare fortalt at det var den fornærma kvinna som ringde politiet da hendinga fann stad. Den sikta mannen og kvinna skal ha hatt ein relasjon frå før av.
– Det vi kan seie er ho ikkje hadde noko behov for helsehjelp på staden, fortalde Sørebø den gongen.
Etterforskar framleis saka
Sørebø fortel at etterforskinga framleis er i ein tidleg fase.
– Det blir jobba aktivt med å gjennomgå dei opplysningane som er innhenta, samt analysere innhald på digitale einingar.
– Det er sidan førre fengslingsmøte også gjort fleire avhøyr.
Ho seier vidare at sikta samarbeider godt med politiet.
– Vi opplever at sikta samarbeider godt. Han ønsker å forklare seg for politiet og han har også medverka til å oppklare saka, fortel politiadvokaten.