Mannen som tok livet av 16 år gamle Sigrid Giskegjerde Schjetne har nyleg vore i retten for å be om å bli sleppt fri.
Han blei i 2014 dømd til tvunge psykisk helsevern for drapet etter at 16-åringen til slutt blei funnen, men meiner at han no er mykje friskare mentalt.
No seier retten nei til å sleppe han ut i samfunnet.
Det kjem fram i ei fersk avgjerd frå Sunnmøre tingrett. Dei meiner at det framleis er ein reell fare for nye lovbrot viss han ikkje er under tvungent psykisk helsevern.
Sigrid-drapsmann overføres til tvungent psykisk helsevern
«Som følge av den nærliggende faren for nye alvorlige voldslovbrudd, mener retten at tvungent psykisk helsevern er nødvendig for å verne samfunnet. Retten kan ikke se at det foreligger andre realistiske behandlingsalternativer som i tilstrekkelig grad ivaretar samfunnsvernet.»
- Her er alt om Sigrid-saka.
– Skuffa
Mannens forsvarar, Thor Kleppen Sættem, skriv i ei tekstmelding til NRK at klienten hans er skuffa, men var førebudd på at dette kunne bli utfallet.
– Det positive er at dommen kan bidra til at både spesialisthelsetenesta og kommunen får eit press på seg for å gjere det som trengst for at det ikkje skal vere nødvendig å vidareføre dommen neste gong tingretten skal gjere ei ny vurdering.
Advokaten fortel at dei skal tenke om dei skal anke dommen.
– Dommen er i tråd med min påstand, skriv aktor Ingvild Thorn Nordheim i ein SMS til NRK.
Kjærast med tilsett i psykiatrien
NRK skreiv nyleg at mannen vil ut til kjærasten. Ho var tilsett på den psykiatriske avdelinga der den drapsdømde mannen er pålagt å ta mot behandling og medisinar.
Då forholdet blei oppdaga fekk ho sparken, miste autorisasjonen og er no under politietterforsking for brot på helsepersonellova §4.
No vil han flytte for seg sjølv, og forklarte i retten at han såg for seg ei framtid med den tidlegare tilsette.
I retten fekk han spørsmål om han ønskte å bu åleine.
– Ja, men med tid og stunder håpar eg å flytte saman med kjærasten min.
Meiner han er friskare no
Drapsmannen forklarte sjølv i retten at han er friskare no enn før, og at han er klar for eit liv med mindre strenge rammer.
– Det trur eg burde gå veldig bra. Eg brukar som sagt medisinar, og kjem til å fortsette med det. Eg vil ikkje tilbake der eg var, forklarte han nyleg i retten.
Han forklarte at han likar å køyre bilturar, besøkje kompisar og drive med data. Det fekk han støtte i frå advokaten sin.
Også dei tilsette ved den psykiatriske avdelinga der han bur, meiner at han bør få friare rammer, men ikkje at han bør bli sleppt heilt ut i samfunnet.
Dei forklarte at mannen i 50-åra har stor fridom og det aldri hadde vore problem med at han ikkje kjem tilbake til avtalt tid.
Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim held likevel fast på at det ikkje er tilrådeleg, og at det framleis er fare for at han kan gjere nye, alvorlege lovbrot.
Drapsmannen fortalde i retten at han har søkt Ålesund kommune om å få bu i ein bemanna bustad. Fleire av aktørane uttrykte frustrasjon over at han ikkje har kome i gang med å prøve å bu andre stader enn på sjukehuset.
Møtte fram i retten
Kjærasten til den drapsdømde mannen følgde saka frå tilhøyrarbenken då Sunnmøre tingrett behandla saka hans tidlegare denne veka.
Frå vitneboksen forklarte han at dei to framleis er eit par.
Han er ikkje glad for at ho måtte gå frå jobben i psykiatrien i Helse Møre og Romsdal.
– Ho mista jobben. Dessverre, sa han.
No er han på nytt underlagt tvunge psykisk helsevern.
Tilsett blei kjærast med drapsdømt pasient – Helsetilsynet varsla politiet