Artisten Maria Holand Tøsse skulle fly heim til Sunnmøre i dag tidleg for å halde konsert då den triste beskjeden kom om at kong Harald var død. Tanken om at ho burde reise seg opp å synge kongesongen kom umiddelbart.

– Eg ville heidre minnet hans. Kongen var så fargerik og fantastisk, seier Tøsse.

Ho heldt på å miste motet, men fekk støtte av kollega og komikar Terje Sporsem, som lovde å støtte henne. Dermed spurte ho kabinpersonalet om ho kunne få synge, og det vart også klarert med piloten.

Mange gråt

Tøsse gjekk fram og greip mikrofonen, men turte nesten ikkje sjå opp frå teksten.

– Det var veldig sterkt, og eg har følt slik som veldig mange andre no dette døgnet. Det er trist for nasjonen vår, seier artisten.

Mange av dei andre passasjerane filma og fleire gret.

Erling Omvik
Erling Omvik fekk klump i magen av songen i flyet. Foto: Privat / NRK

Ein av dei som vart overraska er Erling Omvik. Han er tidlegare redaktør i Fredrikstad blad og var på veg til Ålesund på presseveterantreff. Etter ein halvtimes tid i lufta, i nydeleg ver og utsikt over fjella, høyrde han plutseleg song.

– Det var ein sterk augeblink, og eg fekk klump i halsen, seier Omvik, som aldri har opplevd liknande.

– Musikk er ei kraft

Maria Holand Tøsse vart takka av mange etter det impulsive stuntet sitt. Ho er glad for at ho turte å gjere det.

– Eg trur at musikk er ei kraft som gjer at vi kjem nærare kvarandre som menneske. Og eg veit at kong Harald sette pris på god song og musikk, seier Tøsse.