Maricarmen Abascal (87) budde 70 år i leilegheita si i Retiro i Madrid, før politiet gjekk til aksjon og kasta ho ut.
Det førte til at tusenvis av demonstrantar tok til gatene.
No får 87-åringen flytte heim igjen, skriv den spanske avisa El Pais.
Høg leige
Årsaka til utkastinga var ein konflikt med investeringsselskapet Urbagestión, som i 2018 kjøpte opp bygarden som Abascal budde i.
Selskapet skal då ha sett opp leiga frå 500 til 2650 euro i månaden, før ho blei redusert til 1650 euro.
– Det er meir enn eg får utbetalt i pensjon etter å ha jobba som sekretær, sa ho til NRK for elleve månadar sidan.
Abascal meinte at den gamle kontrakten framleis var gyldig, og ho betalte ikkje den auka leiga. Dermed tok eigarane pensjonisten til retten, og 87-åringen blei kasta ut.
No får ho komme heim igjen, etter at Urbagestión inngjekk ein avtale med eigaren av leilegheita og 87-åringen sin advokat.
Etter den nye avtalen vil pensjonisten måtte betale rundt 500 euro for leige, straum og avgifter, ifølge El Pais.
No gjenstår det berre for leigetakaren å godkjenne avtalen.
Store demonstrasjonar
Utkastinga av 87-åringen førte til samanstøyt mellom demonstrantar og politiet.
Fleire av demonstrantane var prega over Abascal sin situasjon.
– Maricarmen, du er ikkje aleine, ropte fleire av demonstrantane.
Turisme, gentrifisering og oppkjøp av bygardar har resultert i at mange lokale ikkje lenger har råd til dei høge leigeprisane i dei største spanske byane.
Interessert i det som skjer i verda? Høyr podkasten til Urix: