På søkjarlista til Sara Nilsen Røsjorde stod psykologi, sjukepleie, HR og sosionomutdanning.
Men då søknadsfristen nærma seg, ombestemde ho seg.
No har ho kome inn på nautikk ved Universitetet i Søraust-Noreg.
Det var då ho byrja å jobbe om bord på Color Line at ho fekk augo opp for yrket.
For Sara var det viktig å kunne kombinere jobb med reising, noko turnuslivet til sjøs la godt til rette for.
– I helsetenesta er det mykje dag- og nattevakter, og fridagane er spreidde utover. Då blir det vanskeleg å reise og oppleve ting. Då tenkte eg at eg måtte finne noko maritimt, seier ho.
Då kollegaene inviterte henne inn i kontrollrommet på båten, fall brikkene på plass.
– Eg fekk prøve å styre båten, og då tenkte eg berre: «Her skal eg sitje.»
Aukande interesse for maritime studium
Sara er langt frå å vere åleine om å velje ei framtid til sjøs.
Utviklinga følgjer ein nasjonal trend. I år har fleire sett maritime utdanningar som fyrsteval enn året før.
Også ved Universitetet i Søraust-Noreg har interessa auka.
I år hadde nautikk 147 fyrsteprioritetssøkjarar, ein auke på 20 prosent frå året før. Skipsfart og logistikk hadde 270 fyrsteprioritetssøkjarar, opp 53 prosent.
I tillegg har både ventelistene og poenggrensene for å kome inn på studia, auka.
Instituttnestleiar Monica Husby er godt nøgd med søkjartala i år.
Ho peikar på fleire årsaker til den aukande interessa.
– Den maritime næringa er inne i eit generasjonsskifte, og har eit stort behov for ny arbeidskraft, seier ho.
– I tillegg får studentane raskt jobb. Det er varierte yrke og det er godt betalte jobbar, seier ho.
Fridom, turnus og løn lokkar
Nautikkutdanninga kan føre til jobb som skipsførar, med ansvar for å navigere og leie skip over heile verda.
Kompetansen opnar også for jobb både til sjøs og på land.
– I tillegg gir det stor fridom, og så er det jo økonomisk bra, fortel Sara.
Samtidig inneber yrket lange arbeidsdagar og mykje tid borte frå familie og vener.
– Nokre gonger kan det vere tøft, fordi ein går glipp av både bursdagar og andre samankomstar heime.
Då Sara jobba om bord på Color Line, opplevde ho likevel ikkje den store skilnaden mellom arbeidsdagar på åtte og tretten timar.
– Om bord blir vi som ein liten familie, og når vi ikkje er på jobb, finst det både treningstilbod og sosiale aktivitetar, seier Sara.
Også medstudenten Dina Celine Søreid Ingebretsen (19) frå Jessheim lét seg lokke av livet til sjøs.
– Eg har sjølvsagt tenkt på løna òg, men det viktigaste for meg var turnusordninga.
Interessa for båt har ho hatt heile livet. Ho søkte nautikkstudium over heile landet.
– Eg såg etter ein jobb som ikkje var så A4, ikkje ein typisk kontorjobb. Då eg høyrde at det er mykje turnus når ein jobbar på båt, syntest eg det høyrdest perfekt ut, seier Dina.
Gode jobbutsikter
Nye tal frå Nav viser at éin av fem i yrkesaktiv alder står utanfor arbeidslivet. Trass i ein nedgang frå året før, gjeld dette framleis titusenvis av unge.
Ved utgangen av 2025 stod 110.000 unge mellom 20 og 29 år utanfor arbeid og utdanning.
Medan mange unge opplever ein krevjande arbeidsmarknad, er situasjonen annleis i den maritime næringa.
– Det fyrste eg fekk høyre, var at det er lett å få jobb. Dei ser òg etter jenter, fordi dette er eit mannsdominert yrke, fortel Sara.
Inntrykket hennar stemmer godt med erfaringane ved USN, ifølgje instituttnestleiar Monica Husby.
– Er studentane garanterte jobb etter fullført utdanning?
– Ja, det kan vi seie. Dei siste åra har alle som har ønskt jobb, fått jobb. Fleire får jobb allereie det siste studieåret, seier ho.
Klare mål for framtida
For Vetle Frog Johannsen (21) frå Hønefoss var studievalet nesten tilfeldig.
Då han leita etter eit tredje studieval, kom han over skipsfart og logistikk på Samordna opptak.
– Eg syntest det verka så spennande at eg flytta det opp til fyrsteplass, og her er eg i dag.
No ser han føre seg ei framtid innan maritim logistikk.
Også medstudentane Sara og Dina har klare planar for framtida.
Sara drøymer om å jobbe på frakteskip, og kombinere arbeid med reiselyst.
Dina har hatt draumejobben klar lenge: Å bli kaptein.
– Eg er svært interessert i navigasjon, og eg likar tanken på å vere på sjøen, jobbe tett saman med kollegaer og ha ansvar, seier Dina.