Jessica ser på brød i ei brødhylle.
DYRT: Jessica jobbar som reinhaldar og har budd i Pittsburgh i 12 år. Ho har aldri opplevd at ting er så dyrt som no. Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

– For å vere ærleg, så er det vanskeleg å få endane til å møtast, seier Jessica, medan ho kastar eitt blikk ned i handlekorga.

Der ligg salat og ein pakke med kylling så langt. No står brød for tur.

– Det vil smerte litt i dag, ja. Det er tøft.

NRK møter Jessica ved brødhylla i ein liten matbutikk i Pittsburgh, Pennsylvania. Ho kjem rett frå jobb som reinhaldar, kor ho vaskar hus og heimar.

Jessica er ikkje aleine om å oppleve at det strammar til i lommeboka.

Faktisk svarer ni av ti amerikanarar, på tvers av både samfunnslag og alder, at dei opplever auka prisar på mat og daglegvarer som deira største hindring i kvardagen, ifølgje ei ny undersøking.

– Eg opplever at mange lever heilt på kanten no, seier Jessica.

– Vil ikkje snu med det første

East End Food Co-Op i Pittsburgh har opna dørene og sagt ja til intervju om kva det er som har drive amerikanske matprisar opp meir enn 30 prosent sidan starten av 2020.

Til samanlikning klatra matprisane kring 6 prosent i dei sju åra før koronapandemien slo inn, ifølgje AP.

I juli klatra prisane 3,4 prosent samanlikna med juli i fjor, viser ferske tal frå U.S. Bureau of Labour Statistics.

Sjølv om veksten i prisane roa seg i juli, er ting framleis dyrt.

Folk på East End Food Co-Op.
Små og store på handel ved East End Food Co-Op. Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

På same måte som i Noreg, sette koronapandemien ein støkk i matprisane. Det gjer også krigen i Ukraina, som både har påverka energiprisar og stadig vekk prisane på korn.

Kampen for å få ned dei høge prisane, vart difor valkampsak nummer ein for Donald Trump i 2024.

Vart han valt, skulle prisane kome ned, var lovnaden.

I staden innførte han tollsatsar nokre månader inn i presidentperioden. Deretter gjekk han til krig mot Iran.

Det har sett nytt press på prisane.

– Det vil ikkje snu med det første, fordi alle delar av forsyningskjedene blir påverka av tollsatsar og auka energiprisar.

Det seier Jeff Guerrero. Han er marknadsføringssjef og medlemsansvarleg i kooperativet.

Opp som ein stein, ned som ei fjør

Han viser NRK ivrig rundt i butikken, og har noko å seie om både den eine og andre vara. Så står vi ved kaffihylla.

– Leverandørane opplyser at ekstremvêr har råka avlingane, som har ført opp prisane. Men tollsatsane speler nok også si rolle, seier Guerrero.

Trump la nemleg ein 50 prosent toll på varer frå den store kaffiprodusenten Brasil. Heller ikkje dei 46 prosenten han la på varer frå Vietnam, den nest største, gjorde kaffiprisane noka nytte.

I midten av november i fjor måtte Trump dra i bremsen. Han fjerna toll på kaffi, bananar og appelsinjuice.

Han lova at prisen på kaffi ville kome ned «i løpet av veldig kort tid».

Men det verkar ikkje så synleg i butikken enda.

– Prisane går opp som ein stein, og ned som ei fjør, som ordtaket seier, fortel Guerrero.

Matvarer
Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Langs butikkhyllene møter vi pensjonistekteparet Barbara og Dan.

– Alt kostar meir, og det er det mange grunnar til. Men eg meiner at ingenting av det regjeringa gjer no, hjelper på, seier Dan.

Han peiker blant anna på krigen i Iran, som han meiner er forferdeleg og umoralsk.

Barbara og Dan
Ekteparet Dan og Barbara har ikkje så mykje til overs for dagens regjering. Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Dei seier at dei klarer seg greitt, men det er verre med dottera deira, som er aleinemor til to og bur i California.

– I mai i fjor var første gang vi måtte hjelpe dottera vår med pengar, seier Barbara.

I ein pris-skvis

Det florerer av lappar med «Made in Pittsburgh» på fleire av hyllene i butikken. East End Food Co-Op får rundt 25 prosent av varene sine frå lokale bønder og leverandørar.

Men heller ikkje dei kan skåne seg for auka drivstoffutgifter, som følgje av krigen i Iran.

Drivstoffprisane har auka rundt 30 prosent i USA sidan krigen braut ut, ifølgje tal frå American Automobile Association.

I eit land kor ein må frakte varer over store avstandar, svir det ekstra når pumpeprisen aukar såpass.

– Alt blir ofte til slutt skyvd ned på kunden, seier Guerrero.

Men han er snar med å legge til at dei som kooperativ ikkje set prisane for å tene pengar, på same måte som dei store matvarekjedene gjer.

East End Food Co-Op står likevel i ein skvis no. At den tyske daglegvaregiganten Aldi har opna butikk like ned i gata er ein ting.

East End Food Co-Op.
Det er heilt enkle lokale butikken held til i. Likevel stig leigeprisen når Google og andre store teknologiselskap slår seg ned i same område. Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Ein annan er at store selskap som Google har fått kontor i den andre delen av gata, noko som har pressa leigeprisen på lokala til butikken opp.

Begge deler trekker i kvar si retning for korleis dei må prise varene i butikken.

I tillegg kjem straumrekninga, som har stige, fordi det byggast datasenter og tilhøyrande infrastruktur i området, forklarer Guerrero.

Tørr å la seg sitere

Jeff Guerrero, som har vist NRK rundt i heile butikken, legg etter kvart marknadsføringssjef-hatten på hylla.

Jeff gurrero.
Jeff Guerrero er medlemsansvarleg i East End Food Co-Op. Han ser medlemstala auke, noko dei har ein tendens til i nedgangstider, ifølgje han. Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Han har gått fleire rundar på om han skal tore å la seg sitere på dette eller ei, men landar til slutt på ja:

– Eg meiner denne presidenten manipulerer marknaden for si eiga og eliten si vinning. Prisane går opp og ting blir dyrare for vanlege folk. Det driv formuesgapet, og inga auke i minstelønna vil kunne redde oss, fordi ulikskapen er for stor.

Uroer seg mest for matprisar

Det seiast at amerikanarane stemmer med lommeboka.

Difor er politiske grep som kan bremse utgiftene til folk viktige, når det no nærmar seg mellomval i USA.

Matvarer.
Til sjuande og sist er det ofte kva ein har råd til, som er drivande for korleis amerikanarane stemmer ved val. Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Sjølv om offisielle inflasjonstal viser at prisane på for eksempel barnehageplass, forsikring eller straum aukar meir i pris, så er det likevel auken i matvareprisane folk uroer seg mest over.

Forsking viser at kor ofte folk møter visse prisar i kvardagen, kan forsterke opplevinga av korleis prisane endrar seg for akkurat desse varene. I dette tilfellet mat og daglegvarer.

East End Food Co-Op.
East End Food Co-Op nyleg lansert eit behovsbasert rabattprogram. Dei håper å kunne gjere det mogleg for fleire i lokalsamfunnet å handle der, når pengane i mindre grad strekker til. Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Dette har president Donald Trump fått med seg.

I juli sette daglegvaregiganten Walmart ned prisane på ei rekke varer.

Trump var raskt ute og hevda at priskutta skjedde på hans bestilling. Walmart nemnde ikkje presidenten med eitt ord.

Vil vinne lommebok-veljarane

For nokre er det uansett for seint.

NRK møter Asante blant alle grønsakene i butikken.

– Ting blir berre dyrare og dyrare, og eg opplever at ingenting blir gjort for å gjere noko med det, seier Asante.

Etter 45 år i Pittsburgh, skal han i oktober flytte til Panama. Dei auka prisane er berre ein av mange grunnar til at han vel å flytte frå USA.

Jessica ved brødhylla i East End Food Co-Op.
Jessica opplever at ho i større og større grad har mista sikkerheitsnettet rundt seg, i USA. Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Det hastar skal ein kapre lommebok-veljarane, om ein lyttar til opplevinga til reinhaldar Jessica:

– Det er ein følelse av at det som ein følte var stabilt og trygt tidlegare, ikkje lenger er det. Det er ein generell følelse av at ein i dette landet er heilt på eiga hand.