To menn sit i campingstolar på gressplen, på kvar si side av ein høgtalar.
HØGREVIND: Nikolay Stadheim (25) og Marcus Oldermoen (26) er ikkje overraska over at fleire vil melde seg inn i FpU. Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

Sola steiker på Bygdøy i Oslo. Venene Nikolay Stadheim (25) og Marcus Oldermoen (26) har tatt med seg ein stor høgtalar til stranda, og i handa har dei kvar sin boks med øl.

Dei er samde om ein ting: Dei er ikkje overraska over at Framstegspartiets ungdomsparti FpU har meir enn dobla medlemstala sine dei siste fem åra.

– Det speglar kva folk ynskjer seg. Ein vil ha ei forandring, seier Stadheim.

Fleire vil inn i politikken

Ein tredjedel fleire unge har meldt seg inn i partipolitikken dei siste fem åra, viser ei ny kartlegging frå NRK.

Øvst tronar FpU med ein medlemsauke på 138 prosent. Etter kjem KrFU med nesten 70 prosent auke. Også AUF har sett ein stor auke på over 50 prosent.

Nedst på pallen er Senterungdommen, som har mista over ein tredjedel av sine medlemmar i same periode. Også Grøn Ungdom har mista medlemmar.

Rir bølga

– Vi har blitt kalla for rasistar, kvinnefiendtlege og homofobe. Det har skremd mange frå å bli medlem. No er saka ei anna.

Det seier nyvald leiar for Framstegspartiets ungdom (FpU) Lars Barstad Løvold til NRK.

Han er storfornøgd med medlemsauken partiet hans har sett dei siste åra.

En mann med hvit pikéskjorte står foran Stortingsbygningen i Oslo. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
FpU-leiar Lars Løvold trur dei unge vil ha forandring Foto: Johan E. Bull / NRK

– Er dette eit resultat av god organisasjonsbygging, eller rir de berre høgrebølga?

– Det er ein kombinasjon av begge delar, sjølvsagt. Men no ser mange på politikken vår som løysinga på mange av utfordringane vi står overfor, meiner Løvold.

Ikkje lenger størst

Samstundes som to av ungdomspartia på høgresida tilsynelatande sankar medlemmar over ein låg sko, slit Unge Høgre med medlemstala.

I 2020 var partiet det største på høgresida: Tre gongar så stort som KrFU og dobbelt så stort som FpU.

No er dei mindre enn sistnemnde, og berre ein tredjedel fleire enn KrF sitt ungdomsparti.

Dei siste fem åra har partiet mista éin av ti medlemmar, noko partileiar Nicolai Østeby meiner kan komme av ei endring i teljesystemet.

– I dag tel vi ikkje støttemedlemmar i totalen, noko vi gjorde i 2020. Det gjer at tala ser noko annleis ut.

– Så du ser det ikkje som eit problem at FpU har gått frå å vere halvparten av deira størrelse, til å no vere større?

– Nei. Eg synest det er bra for norsk høgreside at vi kan ha to sterke ungdomsparti.

Nicolai Østeby
Unge Høgre-leiar Nicolay Østeby synest det er positivt at høgresida blir meir populær. Foto: Tom-Richard Hanssen Olsen

– Overraskande

At fleire unge vel å melde seg inn i politiske parti, er noko som skil Noreg frå ein nedgåande trend i resten av verda, fortel Kristoffer Kolltveit.

Han er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, og har forska på ungdomspolitikk.

– Generelt har det vore ein nedgang i partimedlemskap både blant moderparti og ungdomsparti internasjonalt. Så ein auke på 30 prosent er litt overraskande, seier han om tala.

Han peiker på auka splitting mellom kjønna som ein mogleg grunn til at fløypartia FpU, Raud Ungdom og Sosialistisk Ungdom har fått fleire medlemmar.

Ola Svenneby
Dåverande partileiarar Ola Svenneby (UH) og Simen Velle (FpU) i ungdomspartileiardebatten i Arendalsveka. Foto: NTB

– Bak tala er kjønnsforskjellar som gjer at veksten for partiet på høgresida kanskje er drive av unge menn, og veksten på venstresida kanskje er mest drive av unge kvinner.

NRK har tidlegare skrive om at unge kvinner har blitt raudare, medan unge menn har blitt blåare, både i Noreg og i verda.

Han er heller ikkje overraska over at det er Senterungdommen og Grøn Ungdom som kjem verst ut.

– Klimasaka har til dømes blitt mindre viktig enn ho var berre for fem år sidan. Tala speglar det vi har sett på stortingsnivå, med ei generell høgredreiing.

– Politikk har vore døvt

Tilbake på Bygdøy sit kompisane Stadheim og Oldermoen framleis i campingstolane sine.

Dei synest det er flott at fleire unge har fått auga opp for politikk.

– Politikk har kanskje vore litt døvt tidlegare. At fleire unge engasjerer seg, er berre bra, seier Oldermoen og legg til:

– Dei unge er jo framtida.

RETTING:

I ein tidlegare versjon var ordet homofil ved ein feil skriven inn i staden for homofob. Dette er no retta.