I årevis har Suel Kassembo krangla med politi og byråkratar om å få bli i Noreg. Han hevdar han er frå Burundi, men blir ikkje trudd.
Norsk organisasjon for asylsøkarar, Noas, meiner han no må få opphald i Noreg for alltid, etter nesten 20 års kamp.
– Det må gå ei grense over kor lenge ein skal vere i ein slik situasjon, seier talsperson Jon Ole Martinsen.
Han legg til:
– Ein må sjå til det reint menneskerettslege her. Det er ingen annan stat som per dags dato anerkjenner han som borgar av deira land. Då må ein kunne seie at ein skal få eit løyve i Noreg for å få grunnleggande rettar, seier han.
No snur burundiske styresmakter
Sist veke såg saka ut til å gå mot ein slutt, då politiet kom for å hente Suel Kassembo frå kyrkjeasyl og sende han til Burundi.
Torsdag tok saka likevel ei ny vending.
Tidlegare har burundiske styresmakter stadfesta at Kassembo er frå Burundi.
No blei det overraskande kjent at den burundiske ambassaden har snudd og nektar å ta mot Kassembo.
Noas meiner at Kassembo dermed ikkje er mogleg å returnere, og at han bør få bli i landet.
– For at ein skal få eit slikt løyve, så må det da slåast fast at det ikkje er mogleg å returnere, enten på eiga hand eller ved hjelp av politimyndigheitene i Noreg, seier Martinsen.
Utlendingsforskrifta opnar for at asylsøkarar som har vore lenge i landet kan få varig opphald.
På spørsmål om det er rett å gjere unntak frå reglane som norske politikarar har gitt til utlendingsstyresmaktene, svarar han at embetsverket praktiserer dette svært strengt.
Støtte frå fleire politikarar
Det er mange politikarar som har engasjert seg i saka.
Suel Kassembo har i årevis nekta å forlate landet, har grovt brote Utlendingslova og har tapt fleire rettssaker.
Likevel meiner fleire politikarar at han, ut frå menneskelege omsyn, må få bli i landet.
Støttegruppa hevdar også at det er gjort formelle feil i saka.
– Menneske som er i ein veldig desperat situasjon på flukt, som det Suel Kassembo har vore, er i vanvitig pressa situasjonar som vi andre neppe klarer å forstå, seier Lars Haltbrekken i SV.
Han viser til at det har vore eingongsløysingar for papirlause flyktningar tidlegare.
– Når det gjeld menneske som har vore på flukt, og som ikkje har papir, så må vi ta omsyn til mennesket først, seier Haltbrekken.
Kommenterer ikkje saka
Politiet har no starta vidare undersøkingar for å avklare kva dei meiner er det korrekte heimlandet hans, etter at Burundi sa nei.
NRK har spurt både Utlendingseininga og Justisdepartementet om å kommentere spørsmålet om Kassembo no bør få status som ureturnerbar flyktning.
Justisdepartementet svarar ikkje direkte på spørsmålet, men skriv i ein epost at asylsøkarar som har fått endeleg avslag pliktar å forlate landet.
– Ap-regjeringa fører ein kontrollert, rettferdig og berekraftig innvandringspolitikk. Noreg skal ta sitt ansvar, men asylsystemet må vere for dei som faktisk har rett på vern, skriv statssekretær Kristine Kallset.
Utlendingsnemnda svarar ikkje på spørsmålet.
Kan bli sendt til Sunnmøre
I mellomtida har advokatane i dagevis krangla om om kvar Suel Kassembo skal vere, inntil han blir sendt ut av landet.
Politiet meiner han framleis skal sitte fengsla på interneringsleiren på Trandum, og har anka heilt til Høgsterett, men fredag ettermiddag blei anken avslått.
Fredag kveld blei Suel Kassembo lauslaten.
Etter planen kjem han heim til Sunnmøre måndag.