Han er glad i dei grøne veggene i hagen sin på Gulset utanfor Skien.
Men den pensjonerte gartnaren har blitt meir merksam på brannfare i det siste.
Ikkje minst etter å ha sett bilda frå katastrofebrannen i Krokstadelva nyleg.
Der tok fleire hekkar fyr mellom dei mange rekkehusa som brann ned på svært kort tid.
Prestvik meiner tilsyn frå brannvesenet kan vere lurt, også i hagen.
– Eg grøssar berre av å tenke på brann. Det er nok ikkje så mange som er merksame på dette. Det er skumle greier, seier han til NRK.
– Fornuftig løysing
Om ein hekk av denne typen først begynner å brenne, kan flammane spreie seg så raskt at brannvesenet ikkje rekk fram før brannen har utvikla seg.
Faren for spreiing aukar også betydeleg.
Forskarar NRK har snakka med meiner det nå er på tide å innføre sjekk av hekkar som ein del av det obligatoriske branntilsynet i norske kommunar.
Brannsjef Ketil Lorentzen omtaler brann i tujahekk som «ein klassikar» på sommarstid og ber folk vere bevisste.
– Ikkje hald på med varme i nærleiken av tujahekk, eller hekkar generelt, seier han.
Det er eit råd Prestvik sluttar seg til.
Bustadeigaren har alltid hageslangen i nærleiken, noko han trur mange huseigarar gjer lurt i. Ikkje minst om ein skal grille på varme sommardagar.
– Ein ser jo kor fort det kan ta fyr.
Vanleg i andre land
Ruben Dobler Strand er lektor ved Høgskulen på Vestlandet, og ekspert på brann.
Han meiner tilsyn av hekkar kan vere med å avgrense faren for spreiing om det først tar fyr i sommarvarmen.
– Brannvesenet hadde vore ein naturleg aktør, gitt at dei får midlane til det. Dei har jo kompetansen til å kunne ta sånne vurderingar når dei er der ute, meiner han.
Eksperten viser til at dette har blitt vanlegare lenger sør i Europa og andre stader i verda.
– Dei har reglar, krav og oppfordringar som blir følgde opp under ein kontroll av bustaden. Så ber dei eventuelt bustadeigar rette opp i dette om dei finn feil, seier han til NRK, og viser til at avstand frå husveggen kan ha mykje å seie.
– Det gjeld også brennbar vegetasjon tett på bustaden. Ein såkalla flybrann kan like gjerne treffe ein brennbar hekk som ein bustad, seier han.
Forskaren understrekar for ordens skyld at dette også kan skje heilt uavhengig av vegetasjon, og at det ikkje nødvendigvis påverka spreiinga av brannen i Krokstadelva.
Kan bli ein del av ny forskrift
Morten Meen Gallefos, brann- og redningssjef for Grenland brann og redning, er positiv til forslaget.
– Nå må vi evaluere det som skjedde i Krokstadelva grundig, men det er ikkje noko tvil om at ein hekk kan brenne ganske heftig. Eg trur uansett det er lurt at vi ser nærare på dette, seier han til NRK.
Han opplever stor pågang frå folk som har spørsmål knytte til brannfare. Hans råd er å tenke på avstand frå husvegg og andre forhold i hagen som kan påverke spreiing av brann.
– Det er stort sett menneskelege årsaker til at for eksempel ein tujahekk tar fyr, seier brannsjefen.
I Noreg er det DSB som lagar retningslinjer for kva eit tilsyn frå brannvesenet skal innehalde.
Fagdirektør Anders Leonhard Blakseth ser ikkje bort frå at vegetasjon ved bustader kan bli ein del av dette.
– Eg trur vi kan ende opp med ei oppfordring, sjølv om det neppe vil handle om tuja spesielt. Det er jo vanskeleg å regulere kva du og eg skal gjere i vår eigen hage. Vi hamnar nok fort på oppfordringar og god rettleiing, framfor å endre på regelverket, seier han.
Blakseths oppfordring er uansett å halde vegetasjonen i hagen nede.
– Ein tørr tujahekk er jo verre enn ein tujahekk som har fått mykje vatn. Så kan ein jo halde dei låge. Da står du litt betre rusta. Jo høgare dei er, jo større er sjansane for at dei kan spreie brann, seier han.
– Eit greitt råd er nok generelt å ha det litt ryddig i hagen, avsluttar Blakseth.