Zlatko Tripić har vore det store namnet etter meisterligamøtet mellom Viking og Bayern München tysdag kveld.
I Tyskland blir Viking-kapteinen kalla dritsekk, medan han i Stavanger er blitt hylla for både innstilling og fotballspel.
Berre eit minutt og ni sekund var spelt då han slo ein perfekt corner inn i feltet. Tre sekund seinare låg ballen i nettet bak Bayern-målvakt Jonas Urbig.
Carl-Erik Torp, fotballekspert i NRK, meiner det neppe hadde skjedd om ikkje Tripić allereie før kampstart hadde gjort eit viktig og rett val.
– At Viking vinn myntkastet og får avsparket er heilt avgjerande for at dei kan gå i strupen på dei med éin gong, og sende seks til åtte spelarar fram, seier han.
– Nesten perfekt gjennomført
Tripić gjekk sigrande ut av duellen mot Bayern-kaptein Joshua Kimmich då dommaren slo kron og mynt, og kunne dermed velje om Viking ville ha avspark eller velje side i første omgang.
Utan å nøle valde han at Viking skulle starte med ballen. Då dei tok leiinga, hadde ikkje Bayern München hatt ei einaste ballberøring på Viking sin halvdel.
– Første omgang er nesten perfekt gjennomført i høve til planane vi hadde. Vi tør tidleg og får eit hjørnespark vi skårar på. Vi blir trykte mykje tilbake, men viser ein ekstrem lojalitet, seier Viking-trenar Bjarte Lunde Aarsheim etter 3-3-bragda mot det tyske storlaget.
Stadfestar planen
NRK blei alt før kampen gjort kjent med at den norske serieleiaren hadde ein masterplan om å gå i strupen på det tyske storlaget det første kvarteret av kampen.
På spørsmål frå NRK, stadfestar trenaren at Viking sin plan var å gå «all out» dei første 15 minutta. Han seier det krev mykje å møte storlag som Bayern.
Valet Zlatko Tripić gjorde, var med andre ord alt anna enn tilfeldig.
– I starten har vi i alle fall energi, og kan vere tøffe nok til å gå mann mot mann. Vi får godt betalt tidleg, og så klarer vi det ikkje så mange gonger etterpå.
– Var modige
Kaptein Zlatko Tripić blei altså på mange vis sentral i Viking sin «hemmelege plan».
– Eg synest vi gjekk inn med sjølvtillit og var modige. Vi visste at vi i alle fall ikkje skulle ha for mykje respekt for dei, seier Viking-kapteinen etter kampen.
– Vi måtte sjølvsagt ta nokre omsyn når du veit kva spelarar som står på den andre banehalvdelen, men samtidig har vi mange kvalitetar. Du ser jo på dei måla vi skårar. Det er fantastiske mål alle saman, held Tripić fram.
Carl-Erik Torp peiker på at mykje kunne ha vore annleis om Bayern München hadde fått avspark, slik at Viking hadde blitt tvungne til å forsvare seg frå start.
– I tillegg er sjølvtilliten og trua på det Viking driv med herleg å sjå. Sjølv om dei var ferdige og Bayern München kom tilbake, vakna dei plutseleg til igjen. Det har vore sånn i mange kampar for Viking over tid. Dei har bygd opp ei enorm tru på seg sjølve.
– Heilt magisk
Ikkje nok med at Viking tok leiinga tidleg.
38 minutt ut i kampen gjekk Viking opp til 2–0 etter ei ypparleg kontring, som Peter Christiansen avslutta med å lure ballen heilt ned i det høgre hjørnet.
Viking frå Stavanger hadde sendt sjokkbølgjer over heile fotballverda og kunne gå i garderoben med 2-0-leiing til pause.
I andre omgang svarte tyskarane med eit sterkt comeback og tre mål, to av Harry Kane og eitt av Luis Diaz.
Med rundt eit kvarter igjen blei den franske superstjerna Michael Olise utvist.
Då klarte Viking å snu kampen til sin favør igjen – og på krutsterkt vis heada Herman Haugen inn 3–3 like før det var spelt 90 minutt.
– Vi har sagt at vi skal prøve å lage nokre augneblinkar og skape noko som kan snakkast om i mange generasjonar. Det kjem vi til å gjere no. Det var heilt magisk, seier Eirik Bjørnø, som er dagleg leiar i Viking, til NRK.