– Me tenkte det hadde vore moro med ein gøy måte å introdusere programmet på, med litt action. Me skal jo vere leikne, så målet var å leggje lista med ein gong, seier programleiar Aksel Lund Svindal.

Den tidlegare alpinisten starta den første episoden av Mesternes mester team med å stå på vasski mot deltakarhuset i Hellas.

Han var ikledd smoking og hadde ein klar tanke bak.

Sjå episode 1 her:

– Finken var ein av dei tidlegare vinnarane av Mesternes mester, forklarar programleiaren.

Finn Christian Jagge, best kjend som «Finken», avslutta alpinkarrieren i Bormio i Italia, mars 2000. Då han la skia på hylla, gjorde han det like godt ved å køyre det siste rennet sitt i smoking.

Alpinist i smoking kjører slalåm i en konkurranse. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
SISTE RENN: Finn Christian Jagge køyrde sitt siste renn i smoking. Foto: STEFANO RELLANDINI / X00726,NTB

Svindal ville gjenskape dei ikoniske scenene då han for første gong leiar det nye konseptet Mesternes mester team.

– Det er ein fin måte me byggjer «Mesternes mester-historia» på. Han var ein profil som var med og avslutta karrieren sin i smoking, seier Svindal.

I 2011 vann Jagge den tredje sesongen av Mesternes mester. Han slo tidlegare handballspelar Trine Haltvik og FMX-utøvar Ailo Gaup i finalen.

To menn og en kvinne i treningstøy utendørs. En mann kysser kvinnen på kinnet, mens den andre smiler. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
MESTER: Finn Christian Jagge klar for finale i Mesternes mester i 2011. Her i lag med Trine Haltvik og Ailo Gaup. Foto: Inger-Marit Knap Sæby/NRK.no

Rørt av hyllesta

I 2020 døydde Jagge etter kort tid med sjukdom. Han blei berre 54 år gamal.

Familien til Jagge blir rørt av hyllesta.

– Det synest eg var veldig koseleg gjort. Eg er heilt sikker på at Finn Christian ville sett enorm pris på det også. Det var veldig hyggeleg. Stort synest eg det var, seier Trine-Lise Jagge.

Ho fortel at ho og ungane hugsar godt då mannen hennar var med i Mesternes mester, dei tok også turen ned til Kypros der sesongen blei spelt inn. Ho hugsar at det var ei stor oppleving for Jagge, som gjekk heilt til topps i konkurransen.

– Eg trur det var eit av dei, eller kanskje det realityprogrammet han sette mest pris på. Han møtte jo idrettsvener og då dei konkurrerte gav dei full gass, seier Trine-Lise og held fram:

– Det var stort. Han var veldig stolt av det.

Finn Christian Jagge har eit OL-gull frå Albertville som høgdepunkt i karrieren.

Det var også eit av dei første idrettsminna Svindal hugsar frå TV. Han var ni år og sat og følgde med frå stova.

– Eg skjønte nok alpint til å skjøne at det var noko stort som skjedde, og at det var ein nordmann med, fortel han.

Mann som står på på vannski i Hellas. Det er blått hav og fint vær. Mannen som står på vannski er tidligere alpinist Aksel Lund Svindal. Han har på seg smoking når kan kjører på vannski for å hedre tidligere alpinist og Mesternes mester-vinner Finn Christian Jagge, også kalt Finken.
HYLLEST: Svindal valde å stå på vasski i smoking for å heidre «Finken».Faksimile: Episode 1 av Mesternes mester team / NRK

– Ein av heltane

Dei to alpinistane var aldri på landslaget samstundes, men Svindal er klar på kor stor Jagge var.

– Han var ein av heltane då eg vaks opp, fortel han.

Kona fortel at valet med å køyre i smoking var noko Jagge hadde tenkt ut heilt sidan han var ung.

– Han var ikkje ein som stakk seg fram. Men når han var stolt av noko. Dette hadde han faktisk bestemt seg for heilt sidan han var liten, om eg ikkje hugsar feil. Det å avslutte det siste rennet sitt på den måten var noko han hadde planlagt heile tida, seier Trine-Lise.

Hamna på sjukehus etter middag: – Han meiner det var mi skuld