– Det er eit fast ritual med pasta før kamp, fortel Helene Spilling.
I fredagens episode av Mesternes mester team diskar den tidlegare proffdansaren opp med ein spesiell rett til dei andre deltakarane – noko ho har laga uendeleg mange gonger før.
– Ja, nei, det har blitt mykje. Litt for mykje innimellom, smiler ho.
Sjå episode to av Mesternes mester team:
«Prematch-pasta»
Retten kallar ho «prematch-pasta». Dette måltidet lagar ho kvar gong mannen hennar, Martin Ødegaard, skal spele fotballkamp.
– Eg har ein rett som eg har laga tallause mange gonger no oppgjennom, fordi det har vore ein pastarett eg lagar før Martin speler kamp. Som er for å få masse «carbs», fortel ho.
Ødegaard er kaptein for den engelske klubben Arsenal, og Spilling bur saman med han og sonen deira i London.
I andre episode av Mesternes mester team, fortel ho kva retten inneheld.
Sjølv om retten sit i fingrane, er det éin ting paret ikkje blir heilt einige om.
– Me er berre litt ueinige om det skal vere kylling eller bacon i han. Eg er veldig glad i bacon, men han skal ha kylling for å få protein, seier Spilling, som serverte retten med både bacon og kylling til dei andre deltakarane.
Om du skal lage retten sjølv, må du rekne med å måtte smake deg litt fram.
– Nei, måleiningar det held eg ikkje på med. Eg gjer alt på sånn «feeling». Det er veldig mykje i livet mitt som er på feeling, smiler ho.
– Eg håpar dette er ein rett som får folk til å prestere bra. Me vil jo at alle skal gjere det bra, seier Spilling.
Ein av deltakarane som fekk servert pastaen var Frode Grodås. Han er tidlegare landslagskeeper, og jobbar i dag som keepertrenar for herrelandslaget.
– Det var krut i den altså, seier Grodås om retten.
Kampmaten har endra seg
Grodås har spelt for storklubbar i både England og Tyskland, og veit kva mat ein bør ete før ein kamp. Han fortel at det har skjedd mykje dei siste åra.
– Om eg går veldig langt tilbake i tid, så var nok matchmaten veldig ulik. Då var det biff og bearnés når du går tilbake til 80-talet. Men frå midten av 90-talet og framover, så er det eigentleg ganske likt, seier han.
Han fortel at det ofte var ein form for pasta eller kylling med nokre grønsaker.
– Det har kanskje blitt litt «forfina» og tatt inn litt ulike smakar og litt slike ting, legg han til.
Om ein bør få i seg bacon eller kylling, har ikkje den tidlegare keeperen eit klart svar på.
– Det er jo protein i begge, men det går litt på smak. Nokon vil ha kjøttdeig, nokon vil ha litt bacon, nokon vil ha kylling. Det er veldig individuelt.
Han fortel at om du skal spele kamp for landslaget, så kan du i stor grad plukke og mikse sjølv kva du vil ete.
– På landslaget kan du velje.