Med nasjonaldagen berre ti dagar unna er det på tide å finne ut om solbrillene eller paraplyen må fram.
NRK ringer statsmeteorolog Sigrid Marie Vildskog Auganæs i håp om eit svar.
Ho dreg på det.
– Nja, det er litt tidleg enno. I neste veke veit vi meir, seier ho.
Men heldigvis gir ho oss nokre prognosar om korleis vêret kan bli.
Og kanskje får vi til og med vite kven som ser ut til å verte vêrvinnaren?
Sør-Noreg: Kan verte oppimot 20 grader
Vi startar lengst sør.
I store delar av Sør-Noreg vil temperaturane truleg ligge rundt 15 grader. Nokre stader kan den til og med bikke 20 grader, fortel meteorologen.
Men kven som blir så heldige, er for tidleg å slå fast, legg ho til.
Det er ikkje sikkert vi slepp unna regnet.
På Austlandet er det 30 prosent sjanse for at paraplyen må fram, mens den er oppe i 40 prosent på Vestlandet.
Slik er nedbørsvarselet akkurat no. Meteorologane understrekar at vêrmeldinga for 17. mai framleis er usikker.
Dersom det kjem regn på nasjonaldagen, er det uvisst kor tid på døgnet det kjem.
– Om det kjem natt til 17. mai er det ikkje så farleg, men vi vil helst ikkje ha det når alle går i tog, seier Vildskog Auganæs.
Ho legg (heldigvis) til:
– Men det er størst sannsyn for at det blir opphaldsvêr.
Midt- og Nord-Noreg: Håp om 20 grader også her
Lenger nord i landet kryp temperaturane litt nedover.
I Trøndelag ser dei ut til å ligge kring 13–14 grader og i Tromsø rundt 12 grader.
– Også her i nord seier nokre av prognosane at det kan verte temperaturar opp i 20 grader, men mest truleg blir det nærmare ti grader, seier ho.
Det ser også ut til at den nordlegaste landsdelen slepp unna nedbør. Både i Trondheim og i Tromsø ligg nedbørssjansen på 25 prosent.
Svalbard: Minusgrader
På Svalbard må ein, kanskje ikkje heilt uventa, belage seg på kaldare temperaturar.
Prognosane her peiker mot minusgrader. Det kan kome snø, men Longyearbyen slepp mest truleg unna, seier statsmeteorologen.
Kven blir vêrvinnaren?
Kor bør du reise for å vere sikra ein 17. mai med sol og varme?
Meteorologen kan ikkje seie noko om det per no. Det må vi vente til neste veke for å få vite.
– Med det er fleire stader som har større sannsyn for opphaldsvêr enn nedbør. Det blir heller ikkje for varmt i bunaden, seier ho.
Om det blir sol eller ikkje på nasjonaldagen er også for tidleg å seie noko om.
– Men det blir i alle fall ikkje snø på Fastlands-Noreg denne dagen, det kan vi i alle fall slå fast.