Våpenkvila skal vare gjennom helga, skriv USAs president Donald Trump på Truth Social.

– Forhåpentlegvis er dette byrjinga på slutten for ein veldig lang, dødeleg og hardt utkjempa krig, skriv Trump.

Ei fangeutveksling av 1000 fangar frå kvart land skal også finne stad, ifølge Trump.

Våpenkvila kom i hamn dagen før Russland si årlege markering av sigeren i andre verdskrig.

No «tillèt» den ukrainske presidenten at paraden skal skje utan fare for ukrainske angrep, kjem det fram i eit dekret.

Krigen omhandlar langt meir enn berre kamphandlingar, forklarar Jakub M. Godzimirski, forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi).

– Vi må hugse at denne krigen ikkje berre går føre seg på slagmarka, men også gjennom retorikk, seier han.

– Når Zelenskyj kjem med ei slik utsegn, er det ein måte å sende eit signal om at Ukraina har kontroll over situasjonen, legg han til.

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj. Han er i profil og ser til venstre. Bakgrunnen er uskarp og oransje. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Zelenskyj var på besøk i Noreg 14. april. Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

Fangeutveksling mellom landa

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj stadfestar våpenkvila på Telegram.

Zelenskyj understrekar at det viktigaste for han er få heim ukrainske fangar.

– For Ukraina er løysinga på eit av denne krigen sine viktigaste humanitære spørsmål, nemleg frigjering av krigsfangar, alltid eit tungtvegande argument for vår posisjon, skriv han.

– Den raude plass er mindre viktig for oss enn liva til dei ukrainske fangane som kan bli frakta heim, legg han til.

NRKs korrespondent i Kyiv om våpenkvila:

Også Russland har sagt ja til Trump sitt initiativ om våpenkvile, stadfestar rådgivaren til Vladimir Putin, Jurij Usjakov, til det russiske nyheitsbyrået TASS.

– Det viktigaste som er avtalt i løpet av våpenkvileperioden er å gjennomføre ei fangeutveksling med tusen personar frå kvar side, seier Usjakov til det russiske nyheitsbyrået RIA.

– Det er av stor betydning at president Trump sitt initiativ er lagt nettopp til 81-årsjubileet for sigeren over nazismen, vår heilage merkedag, understrekar han.

NRKs korrespondent i Moskva kommenterer utviklinga:

– Mange liknande våpenkviler

Ei kortvarig våpenkvile mellom landa er ikkje nytt, forklarar Godzimirski.

– Det kan bli tolka som ei slags innrømming frå Putin, men det har vore mange liknande våpenkviler før som ikkje har leia til noko positivt i denne krigen, seier han til NRK.

Samtidig understrekar forskaren at den store fangeutvekslinga er eit positivt teikn, ettersom det landa plar å utveksle rundt 100 personar.

– Det som er viktig er at USA har kome tilbake på banen i forhandlingane. Det kan bidra til at denne krigen blir avslutta på ein fornuftig måte, seier Godzimirski.

Men ei langvarig våpenkvile er lite truleg i næraste framtid, ifølge Russland-forskaren.

Følg utviklinga i krigen her:

Trugslar om hemnangrep

Russland har tidlegare bede Ukraina om ei kort våpenkvile under markeringa 9. mai – noko ukrainarane signaliserte at dei ikkje ville gå med på.

I forkant av militærparaden i Russlands hovudstad laurdag, har Ukraina råka landet med drone- og missilangrep.

Det har leia til trugslar frå Russland om «uunngåelege hemnangrep», ifølge Russlands utanrikstalskvinne Marija Zakharova.

Kvelden før markeringa snudde ukrainarane, som blei med på ei kortvarig våpenkvile.

Flyene flyr over Peterskirken og etterlater røyk i fargene til det russiske flagget. Været er overskyet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Russiske kampfly hadde ei øving over Vasilijkatedralen på Den raude plass i Moskva, i forkant av Putins parade 9. mai. Foto: Shamil Zhumatov / REUTERS,NTB

Interessert i det som skjer i verda? Høyr podkasten til Urix her: