en bygning ved siden av en vannmasse
TØMMER: Med staten si velsigning har Nordic Mining sidan veslejulaftan 2024 lagt gruveavfall på botnen av Førdefjorden. Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Gruveselskapet Nordic Mining treng eit mellombels løyve for å deponere gruveavfall i Førdefjorden.

Det gamle løyvet er nemleg ugyldig, ifølge ein dom frå Høgsterett.

No har Miljødirektoratet gitt si vurdering av søknaden om det mellombelse utsleppsløyve.

Dei tilrår at regjeringa seier ja.

– Etter vår vurdering er den aktuelle verksemda akseptabel, skriv direktoratet.

Mykje tyder dermed på at regjeringa kjem til å godkjenne søknaden frå gruveselskapet.

Aksjonister demonstrerer mot deponi i Førdefjorden
Miljørørsla vann i Høgsterett, men deponeringa held fram. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Tre år

Søknaden gjeld inntil 4,5 millionar tonn gruveavfall, noko selskapet meiner ikkje vil øydelegge miljøtilstanden i Ytre Førdefjorden.

Dette er langt mindre gruveavfall enn selskapet opphavleg hadde løyve til å tømme.

Nordic Mining har søkt om å få deponere i tre år.

Dei vil ikkje kommentere tilrådinga som kom frå Miljødirektoratet i dag.

Oversiktsbilete over Vevring
Minerala blir henta ut frå Engebøfjellet i Sunnfjord. Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Miljødirektoratet har ingen ytterlegare kommentarar til tilrådinga.

Miljørørsla og fleire politiske parti er sterkt kritiske til regjeringa si handtering av tapet i Høgsterett.

SV-leiar Lars Haltbrekken meiner regjeringa har «lagt opp til å ofre Førdefjorden».

– Statsråden må hugse på at han jobbar for miljøet, ikkje for gruveselskapa. SV kjem til å ta denne saka til kontrollkomiteen. Her må alle steinar snuast, seier Haltbrekken.

Klima- og miljøministeren seier dei no skal følge opp saka raskt.

Bilde av en mann som ser inn i kamera. I forgrunnen er det kvister av et tre.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) skal fatte den endelege avgjerda om utsleppsløyvet til Nordic Mining. Foto: Krister Sørbø / NRK

– Vi legg alltid vekt på Miljødirektoratet sine vurderingar. No skal vi gå gjennom det sjølv frå departementet si side, og så ta stilling til kva som blir det endelege utfallet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

–⁠ Mi vanskelegaste sak

Gruvedrifta har fleire gonger vore tema i rettsapparatet, og hadde vore i drift i halvtanna år då Høgsterett slo fast at utsleppsløyvet var ugyldig.

Miljørørsla og fleire politiske parti har kravd at gruvetømminga skal stanse etter dommen.

Men gruvedrifta har halde fram, med regjeringa si velsigning.

– Eg meiner det er urimeleg å be selskapet om å stanse deponeringa i den korte perioden medan vi vurderer søknaden om mellombels løyve, sa klima- og miljøministeren i juni.

Dronebilete av Nordic Mining
Nordic Mining har investert 3 milliardar kroner i anlegget, som vinn ut rutil og granat. Foto: Oddmund Haugen

Nordic Mining får halde fram å tømme gruveavfall i Førdefjorden

Miljørørsla svara med å melde selskapet til Økokrim.

I midten av august omtala statsråden til E24 deponiet som si vanskelegaste sak.

Regjeringa har mål om å finne eit nytt juridisk grunnlag for eit ordinært løyve. Dette arbeidet kan ta fleire år.

Økonomisk trøbbel

Tilrådinga frå Miljødirektoratet i dag kjem samstundes som Nordic Mining slit med akutt pengenaud. Selskapet gjekk med 223 millionar kroner i minus før skatt andre kvartal i år, og treng over 100 millionar kroner for å sikre drifta ut hausten.

På børsen har aksjeverdien stupt.

Fastlenka i gravemaskiner i Vevring
Nordic Mining har langt fleire problem enn å vere i klammeri med miljørørsla. Foto: Nikolai Akse Helgås

Sunnfjord-ordførar Jenny Følling (Sp) har tidlegare åtvara mot følgjene av ein stopp. Gruvedrifta har gjeve store ringverknader i kommunen.

– Bedrifta har investert 3 milliardar, og det er 100 til 130 tilsette som jobbar der. Det er heilt avgjerande å sikre drifta, har Følling understreka.

Regjeringa svarer Brussel: Meiner gruvedrift ikkje svekker fjorden

Kritiserte kort frist

Miljørørsla og Havforskingsinstituttet (HI) har retta hard kritikk mot at høyringa til det mellombelse utsleppsløyvet vart gjennomført på fire veker i fellesferien.

– Eg har aldri vore med på noko liknande, uttala forskar Terje van der Meeren ved HI etter at dei vart nekta utsett frist til eigne analysar.

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, meiner prosessen er ein hån mot rettsstaten:

Oslo 20220430. 
Leder i Naturvernforbundet Truls Gulowsen holder appell på Eidsvolls plass under støttemarkering i Oslo for Natur og Ungdom og de lokale miljøvernerne som bruker sivil ulydighet for å hindre gruvedumping i Førdefjorden.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Naturvernforbundet og leiar Truls Gulowsen har engasjert seg tungt i Førdefjorden-saka. Foto: NTB

– Eg hadde eit visst håp om at Miljødirektoratet skulle vise ryggrad og gje ei klar anbefaling mot mellombels utsleppsløyve, seier han.

SV krev at kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget granskar regjeringa si oppfølging av høgsterettsavgjerda. Partiet fryktar ei ny Fosen-sak.

No er det opp til Bjelland Eriksen sitt departement å avgjere vegen vidare.

Det hemmelege våpenet: Slik kan regjeringa redde sjødeponiet