Mimir Kristjánsson
Mímir Kristjánsson i bar overkropp saman med supportergruppa Viking Oslo på bortekamp då laget spelte i 1. divisjon i 2018-sesongen. Åra etterpå har vore ein stor opptur for dei mørkeblå. Foto: Privat

– Eg trur det aldri har vore verre å vera bergensar enn akkurat nå. Det er nesten som eg synst litt synd på dei, rett og slett. Og det skal mykje til.

Raudt-politikar Mímir Kristjánsson frå Stavanger er blant dei mest profilerte Viking-supporterane.

Han gler seg stort over at Viking er med i gullkampen i Eliteserien og ligafasen i Meisterligaen.

Vestlandsrival Brann er på si side på ein 7. plass på Eliteserie-tabellen og «berre» med i den mindre attraktive Serieligaen (tredje øvste nivå i Europa).

Fredag 9. oktober er det nytt vestlandsderby mellom Brann og Viking i Bergen.

– Kor vondt gjer det for bergensarane å sjå Viking i Meisterligaen, om dei i det heile tatt gjer det, Mímir Kristjánsson?

– Dei påstår at det ikkje angår dei fordi Stavanger er ein liten filleby og så vidare. Men høyr her, eg er sambuar med ein bergensar. Eg kan lova at det stikk mykje djupare for bergensarane enn det dei uttrykker.

– Ser sambuaren din frå Bergen på Viking i Meisterligaen?

– Sambuaren min har ikkje noko val. Nå står kampen om å oppdra sonen vår til å vera Viking-fan og ikkje Brann-fan. Viking- og brannsupporterar har krangla i alle år. Det er ein vennskapeleg og bra krangel som gjer norsk fotball betre.

smilende mann
Raudt-politikar Mímir Kristjánsson frå Stavanger er ivrig Viking-supporter. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Erna Solberg: – Vond Viking-suksess

Tidlegare statsminister og partileiar for Høgre, Erna Solberg frå Bergen, er blant dei mest profilerte Brann-supporterane i landet.

Solberg har deltatt i mange politiske debattar med Raudt-politikaren, og sparkar gjerne litt tilbake – også når det gjeld fotball.

– Suksessen til Viking er sjølvsagt vond for ein bergensar. På den andre sida må jo også folk i Rogaland få nokre lukkelege augneblinkar, seier Solberg, som også innrømmer at ho har eit større hjarta for Bodø/Glimt enn Viking i Meisterligaen.

– Har veslebror Viking nå blitt storebror på Vestlandet?

– Eg trur det er viktig at de (rogalendingar, jour.merk.) ikkje blir for fort «cocky». Brann er eit lag som plutseleg gjer det veldig mykje betre enn det folk forventar. Det håpar eg dei gjer resten av hausten.

Sandvika 20150629.OBOS-ligaen, 1. divisjon fotball 2015: Bærum-Brann. Statsminister Erna Solberg ankommer 1. divisjonskampen mellom Bærum og Brann på Sandvika stadion på Kadettangen.Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix
Tidlegare statsminister Erna Solberg er ivrig Brann-supporter. Foto: NTB scanpix

– Har Viking-folket blitt for høge og mørke, Erna Solberg?

– Nei, men det er vel kanskje eit eksempel på at det har vore dårleg i mange år. Derfor blir ein veldig glad når det går bra, og det unner eg folk sjølvsagt. Men ikkje på bekostning av Brann, seier den tidlegare statsministeren frå Bergen.

Solberg kan også forsikra politikar-kollegaen frå Raudt om at Brann-fansen har hatt det verre, og minner om førre nedrykk til 1. divisjon i 2021.

– I fotballen går det opp og ned, og plutseleg snur det for Brann og laget kjem inn i den rette sona.

«Bergens stoltheit» leverte også ein sterk prestasjon ved å snu til 2–1 siger over Bodø/Glimt i førre seriekamp før landslagspausen.

NRK-ekspert hyllar ordkrigen

Fotballekspert i NRK, Carl-Erik Torp, synest det er «deilig» med vennskapeleg ordkrig frå profilerte personar utanfor fotballbobla.

Torp har også ei fortid som Brann-spelar, og har sakna ei større rivalisering mellom dei to store klubbane på Vestlandet.

– Det har ikkje vore for mykje av det tidlegare mellom Viking og Brann. Eg har sakna at det har blitt spelt opp meir «fotballhat» og rivalisering.

Fotballeksperten meiner vestlandsderbyet har skuffa litt i mange år, også då han spelte oppgjera sjølv i Brann-drakt.

– Me har vore litt misunnelege på oppgjera mellom Vålerenga og Lillestrøm, og seinare Sarpsborg og Fredrikstad. Det er veldig sterke, klassiske oppgjer. Nå er det på tide at kampane mellom Brann og Viking også blir større og viktigare.

Imponert over Viking

«Les dersom du orker: Viking har rykket fra Brann. Slik har de gjort det.»

Det var overskrifta i ein artikkel i Bergens Tidende nyleg.

Torp er einig i at Viking har blitt storebror på Vestlandet på mange måtar. Sportsleg er klubben langt framføre Brann per dags dato, ifølge eksperten.

– I forhold til fotballby og interesse, og det trykket som har vore på Brann Stadion i mange år, har Viking nok hatt litt å gå på. Men supportermiljøet i Viking har i det siste hatt ei like stor utvikling som spelarane på bana. Det er veldig kult.

Tysdag debuterer Viking på heimebane i Meisterligaen. Då møter dei storklubben Bayern München i Jåttåvågen klokka 21.