Kinesiske styresmakter seier at 82 menneske miste livet i gruveulukka nord i Kina, melder statlege medium.
Dødstalet er dermed nedjustert. Det vart tidlegare meldt om minst 90 døde.
Minst to personar er framleis sakna, mens 128 er skadde og på sjukehus.
Først kom det meldingar om åtte omkomne, men det har vorte oppjustert fleire gonger.
Det var ein gasseksplosjon som førte til ulukka, som skjedde fredag kveld lokal tid.
Dette er den største gruveulukka i Kina sidan 2009, då 108 menneske mista livet i ei ulukke nordaust i landet, skriv Reuters.
Pågåande redningsarbeid
Det skal ha vore 247 arbeidarar inne i gruva då eksplosjonen skjedde.
Fleire er henta ut, men det er framleis arbeidarar som er sperra inne.
Redningsmannskapar jobbar for å henta ut dei som framleis er fanga under bakken.
Krev etterforsking
Kinas president Xi Jinping har kravd at alle tilgjengelege ressursar skal settast inn for å henta ut dei som er sakna.
Han krev også ei full etterforsking av ulukka, skriv statlege medium.
Ifølge det statlege nyheitsbyrået Xinhua er fleire av sjefane for gruveselskapet arresterte.
Interessert i det som skjer i verda? Høyr utanriksredaksjonens podkast: