Kraftleidningar på Sunndalsøra med fjell i bakgrunnen. Ned frå fjella stuper fleire fossar, og regnskyer heng lågt over dalen.
Mykje vatn i fjella i Sunndal. Diverre er dette biletet frå 2023, då det var rikeleg med vasskraft å hente. Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Ekspertar meiner straumen vil verte spesielt dyr i haust og ut vinteren.

Ikkje sidan 2018, eit unormalt tørt og varmt år, har so lite straum frå vasskraft blitt produsert i juli månad, syner nye tal frå SSB.

Samstundes har importen av straum ikkje vore so høg den same månaden sidan 2004.

Mindre vatn enn på mange år

I mange delar av landet er det unormalt lite vatn i vassmagasina.

Nokre stadar er det over 20 år sidan det sist var so lite i lageret til kraftprodusentane.

– Det betyr jo at prisen vil halde seg mykje høgare enn det som er normalt for årstida, seier kraftanalytikar Olav Botnen i Volt Power Analytics.

Christian Solevågseide, direktør for vasskraft i Tafjord Kraft, seier den snøfattige vinteren og regnfattige første halvåret har strupa produksjonen av straum.

– Som dei fleste har sett so er prisane litt høgare enn dei normalt plar vere på sommaren, seier Solevågseide.

Og slik vil det bli ut året, trur ekspertane.

Ein mann med blå skjorte det står "Tafjord kraft" på står framfor ein stor, utstilt vassturbin. I bakgrunnen eit kontorbygg i murstein.
Christian Solevågseide, direktør for vasskraft i Tafjord Kraft, seier dei har hatt unormalt låg produksjon av straum i sommar. Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Største import på mange år

I takt med at produksjonen har bremsa opp, har importen av straum auka. Ikkje sidan 2004 har Noreg importert so mykje straum frå utlandet ein juli månad:

– Det er jo eit veldig bra bilete på at kraftmarknaden faktisk fungerer, trass i at mange hevdar noko anna. Det er jo akkurat slik det er meint å fungere, seier Lars Magnus Günther, pressetalsperson i Statkraft.

Lars Magnus Gunther
Lars Magnus Günther i Statkraft meiner det at pila for import peikar opp når pila for produksjon peikar ned, er eit bilete på ein kraftmarknad som fungerer som den skal. Foto: Statkraft

Men større import vil bety ein meir «europeisk» straumpris enn ein er vand med i Noreg, ifølgje kraftanalytikar Botnen.

– Det betyr at ein må liggje nærare dei tyske og kontinentale prisane framover, for Sør-Noreg sin del.

Han seier at underskottet på vatn i magasina ikkje vil rette seg med nokre regnfulle haustveker, og at ein må halde fram med å importere meir straum enn vanleg ut året.

– Men ikkje mykje, for ein hadde ein buffer i utgangspunktet. I normalår har Sør-Noreg eit ganske stort kraftoverskott, men vassunderskottet no er endå større, seier Botnen.

Olav Botnen kraftanalytiker i Volt power analytics.
Kraftanalytikar Olav Botnen meiner at Noreg må importere eit par terawattimar straum gjennom vinteren grunna underskottet av vatn i magasina i sør. Foto: Erik Wiig Andersen

Store variasjonar

Sjølv om produksjonen er låg i Sør-Noreg, gjeld det ikkje alle.

I Midt-Noreg får ein straum frå Nord-Noreg og Sverige, som har meir tilgjengeleg vatn ifølgje Botnen.

– Det er heilt annleis i Nord-Noreg. Der er det veldig vått enno, so ein vil få tilført ein del kraft derifrå til NO3.