– Det er jo ein trettiårsgåve til meg sjølv.

NRK møter Miriam Myhren Bouchleh på toppen av Grefsenkollen. Ho har akkurat fullført sitt 250. ultramaraton på rad.

– Akkurat no er eg kald. Og det er vel det som kan knekke meg.

bilder av strava/løpe-app der man ser gjennomsnitt 360 km i uken.
Foto: Skjermdump Strava / Miriam Myhren Bouchleh

Ho har halde ein gjennomsnitt på 360 km i veka i det siste året.

– Eg hadde ikkje vore heilt frisk viss eg ikkje sa at dette var ekstremt. Mange spring ultraløp for å kjenne på smerte og pushe kroppen, fortset ernæringsfysiologen.

På den siste dagen sprang ho 111 kilometer over elleve timar.

Løpere i treningsklær løper på en våt vei i regnvær, mens en fotograf står i forgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
MÅL: Dei siste meterane av dei 250 ultraløpa Miriam Myhren Bouchleh sprang på 250 dagar. Foto: NRK

– Eg føler ikkje at eg pushar kroppen min på den måten. Slik eg har det no, gir det meg meir enn det tar. Kroppen følast bra og eg har nok energi.

Har sett verdsrekord

Torsdag fullførte ho prosjektet å springe 250 ultraløp på 250 dagar. Og sette også ny uoffisiell verdsrekord på antal ultraløp på rad. Den gamle rekorden var på 200 dagar.

No prøver Bouchleh å få den uoffisielle rekorden inn i Guinness rekordbok.

– Det har aldri vore motivasjonen, men det er sjølvsagt gøy. Det er ikkje kvar dag ein kan sette ein uoffisiell verdsrekord.

– Eg kjem nok til å fortsette å springe. Men det kjem nok til å vere meir periodisert. Springe litt meir intervall og ha litt meir fokus på styrketrening.

Miriam Myhren Bouchleh
SPANIA: Den første tida av verdsrekorden var Miriam i Spania Foto: Privat

Definisjonen på eit ultraløp er alle lengder over ein vanleg maraton, som er om lag 42 kilometer langt.

– At eg ikkje har slite med skader, viser at eg har trent meg opp til det. Enten ein skal springe fem kilometer eller eit ultra kvar dag, må ein ha trent på det, stole på kroppen og kjenne sine avgrensingar.

Og fortel at dersom ho hadde kjent ein skade eller ho hadde blitt sjuk, så hadde ho avslutta prosjektet med ein gong.

Miriam Myhren Bouchleh
STØTTESPELAR: Kjærasten Andreas Lunde Grindstein har vore ein viktig støttespelar på vegen. Foto: Privat

– Aldri i tvil

30-åringen kjenner ekstra godt på kroppen, legg seg tidleg og har starta ein gong mellom fire eller seks på morgonane utifrå kva vakt ho har på jobben.

Springeturen til og frå arbeid, Oslo-Ski, er om lag 50 kilometer.

– Eg vil inspirere folk til å finne sin måte å starte dagen på, før ein møter verda og tar opp sosiale medium og mobilen.

Et par kysser hverandre på en terrasse med steinvegg, mens en kvinne står i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
SIGERSKYSS: Miriam Myhren Bouchleh og Andreas Lunde Grindstein feirar med eit kyss. Foto: NRK

Kjærasten har vore sikker på at Bouchleh ville klare å fullføre.

– Eg har aldri vore i tvil om at det skulle gå. Det har gått sånn på skjener som det kan gjere, seier kjærasten Andreas Lunde Grindstein.

Han har følgt reisa hennar tett sidan starten.

– Ein blir kanskje litt blind på distansen. Det har blitt litt kvardag for oss. Vi skjønar det kanskje ikkje heilt, men vi får ta oss litt tid slik at det søkk inn, seier Grindstein.

SOL: Det var mykje ulikt klima på Gran Canaria. Denne dagen var det fint vêr. Andreas Lund Grindstein
SOL: Det var mykje ulikt klima på Gran Canaria. Denne dagen var det fint vêr. Andreas Lund Grindstein

Bouchleh starta prosjektet 14. desember 2025på Gran Canaria, før ho drog tilbake til Noreg etter to månadar. Målet var å springe 100 ultraløp på 100 dagar. I den perioden tok ho permisjon frå jobben.Les også Sprang 100 ultraløp på 100 dagar: – Ein umenneskeleg prestasjon

Anbefaler ikkje folk å gjere det

Som utdanna ernæringsfysiolog har ho hatt stort fokus på å ete nok og å ikkje gå svolten. Men at ho også har lært noko nytt gjennom prosjektet.

– Det har kanskje vore ein god læring gjennom prosjektet, at ein kan henge seg litt opp i at ein må ha åtte timar søvn. Men eg har lært at det å ha ro, tillit og ikkje stresse eller bekymre seg er mykje meir viktig enn dei åtte eller sju timane søvn.

En gruppe mennesker med treningsklær skåler med glass i et overbygd uteområde med steinvegg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
GJENG: Miriam fekk med seg denne løpegjengen opp dei siste kilometrane til toppen av Oslo. Foto: NRK

– Vil du anbefale andre å gjere det her?

– Nei, det vil eg ikkje. Det er ikkje noko ein gjer fordi du nødvendigvis tenker helse. Ein må ha trent seg opp, og sjølv om ein har drive med ultra så er det ikkje alle som kan gjere dette heller.

Då ho kom tilbake til Noreg frå Spania var ho usikker på om ho ville utvide prosjektet. Ho ville først teste ut korleis det gjekk å springe samstundes som at ho jobba for fullt.

– Det gjekk så bra, om ikkje betre. Det var nesten enklare å planlegge fordi ting var så føreseielege. Det handlar berre om å legge seg tidleg nok.

Då blei 100 dagar til 250 dagar, der mesteparten av øktene blei tatt på veg til jobb.

Fortset med å springe

Ein som heller ikkje anbefaler kven som helst å byrje på same prosjekt er Magnus Thorud.

Han kjenner Bouchleh gjennom ultramiljøet og ho har gjesta podkasten hans «Norsk Ultra.» Dei tok ein prat då Bouchleh hadde fullført 200 ultraløp på rad.

– Det er først og fremst fascinerande kva menneskekroppen er i stand til. Å springe eit ultramaraton på 50 kilometer i seg sjølv er ei verkeleg påkjenning for den gjennomsnittlege mannen i gata. At ho gjer det på rad i 250 dagar er ganske enormt, seier Thorud.

Løper og tre andre personer står på en våt parkeringsplass med blomster, flagg og musserende vin. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
FAMILIEN: Bouchleh fekk besøk av foreldra sine då ho kom i mål på toppen av Grefsenkollen. Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRK

Han meiner det er viktig å understreke at ikkje alle kan springe så langt og mykje som Bouchleh.

– Du må ha eit godt treningsgrunnlag, noko Miriam har. Ho har tidlegare sprunge ganske store løpsvolum, så ho er godt vant til å banke kilometer. Ho spring jo til jobb, så ho har ein tre mil i kvardagen som ho er vant til å gje beina sine frå før, seier Thorud.

Medan Bouchleh ventar på svar frå Guiness rekordbok, feira trettiåringen med ein god middag saman med sin trulova, før ein litt rolegare periode ventar.

– Kva skal du gjere i morgon?

– Eg skal nok springe.