To personer står ved en lekeplass med husker foran en gul boligblokk. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
NYRENOVERT: Til hausten kan Victoria Klemsdal og Thorbjørn Andersen flytte tilbake til rekkehuset, eitt år etter brannen. Foto: Martin Tangen Schmidt / NRK

Bileta frå storbrannen i Krokstadelva i Drammen der over 400 personar blei evakuert, gjer inntrykk på Victoria Klemsdal og Thorbjørn Andersen i Sarpsborg.

For eitt år sidan opplevde også dei ein rekkehusbrann. Andersen hjelpte ein kompis med å legge tak då ein nabo tok kontakt om at heimen stod i brann.

– Først sende han eit bilete av at det brenn. Då trudde eg det berre var kødd. Heilt til han sende ein video. Då var det berre å hoppe ned frå taket og komme seg heim.

Starta på bar bakke

Den første tida etter brannen flytta familien inn hos ein kamerat medan dei skulle få oversikt over situasjonen.

– Vi hadde ingenting. Alt vi eigde, var det vi hadde på oss. Det første vi måtte gjere var å kjøpe sokkar, boksarar, T-skjorter og bukser.

Brannskadet enebolig med knuste vinduer og ødelagt terrasse etter brann. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Rekkehuset fekk omfattande skadar i brannen. Foto: Victoria Klemsdal / Victoria Klemsdal

Paret opplevde at det var mange som stilte opp for å hjelpe. Det blei starta ei pengeinnsamling for familien, og det blei samla inn leiker til dottera.

– Det var til og med framande menneske som eg ikkje visste om, som hjelpte til, seier Andersen.

Oppfordrar til å dokumentere

Paret hadde både innbu – og husforsikring, og oppgjeret gjekk fint. Men arbeidet med å melde inn alt som hadde gått tapt, var tidkrevjande.

– Vi måtte gå gjennom alt vi hadde. Og då meiner eg alt, og det er mykje meir enn det ein trur. Og det tek tid. Vi hadde heldigvis ein del bilete og dokumentasjon, seier Andersen.

En mann, en kvinne og et barn ser gjennom et metallgjerde. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Victoria Klemsdal og Thorbjørn Andresen måtte gå gjennom alt dei eigde etter brannen. Foto: Martin Tangen Schmidt / NRK

Paret fekk redda ut ein del ting som hadde stor verdi for dei, som ein skjenk etter oldemora til Klemsdal. Men mykje gjekk også tapt i brannen.

– Klede, TV og PlayStation kan du erstatte. Men ultralydbileta frå då eg gjekk gravid, kan du ikkje erstatte, seier ho.

Dei har eit klart råd til folk.

– Ta bilete av det du eig og lag kopiar av viktige dokument som du lagrar i ei sky. Du veit aldri kva som skjer.

Sjekk forsikringane

Det er mange ulike forsikringar på marknaden, men det kan vere vanskeleg å få oversikt over kva dei ulike dekker. Det kan difor vere lurt å gå nøye gjennom kva forsikringar ein har, seier fagsjef Thomas Iversen i Forbrukarrådet.

En mann i mørk dress og lyseblå skjorte er fotografert innenfra et kontorlokale. Mannen har mørkt hår og skjegg. Bak mannen er det planter og kontorinnredning. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Fagsjef Thomas Iversen i Forbrukarrådet. Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

– Innbuforsikringa er fote litt låg for ein del menneske. Du har ofte dyrare ting enn du trur, så pass på at forsikringa har god nok dekning, og at du ikkje betalar for mykje.

Han synest rådet til paret i Sarpsborg om å dokumentere kva du eig, er eit godt råd.

– Ta ein video og bilete av det du eig, så du har det klart dersom uhellet eller katastrofen skulle skje.

Skadeførebyggar i forsikringsselskapet Fremtind, Therese Hofstad Nilsen, oppfordrar også folk til å gå nøye gjennom forsikringane sine.

– Dersom du synest det er vanskeleg å lese forsikringspapir, bør du ta kontakt med forsikringsselskapet eller banken for å få hjelp til å sette deg inn i kva du faktisk er forsikra mot.

I tillegg er ho oppteken av at folk kan gjere mykje førebyggande for å hindre skadar.

– Det er viktig å halde ved like bustaden både med tanke på brann og vasskadar. I tillegg er det viktig å passe på at sløkkeutstyret i huset fungerer, og at ein har brannøvingar med familien, seier ho.

Ordnar seg til slutt

Til hausten kan Thorbjørn Andersen og Victoria Klemsdal flytte tilbake til rekkehuset i Sarpsborg.

Bileta frå Drammen gjer inntrykk på paret, som veit litt om kva alle dei som no har mista heimen sin står midt oppe i.

– Sjølv om det verkar frykteleg botnlaust no, så ordnar det seg til slutt, seier Klemsdal.

Kvinne med caps ser mot høyre bak et byggegjerde. En bygning er synlig i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Victoria Klemsdal seier dei var heldige i brannen. Foto: Martin Tangen Schmidt / NRK

Ho har også eit råd på vegen.

– Bruk menneska rundt deg. Bruk kriseteamet, Nav og kriseteamet. Snakk med andre om det du går gjennom.