Frå Styggevatnet i enden av Jostedalsbreen tar Jostedøla fart og dundrar nedover mot Sognefjorden.
Men idet elva når botnen av dalføret, og ho passerer Bluefjords datasenter i Gaupne, er det som om ho må kvile ut etter den lange ferda.
På innsida av datasenteret er det ingen kvile.
Til summinga frå kjølevifter blinkar det uavbrote i tusenvis av hyperaktive diodar, medan datamaskinene borar etter neste blokk med kryptomyntar.
Kryptoutvinninga har vore til forlegenheit for Luster kommune, som sponsar det utanlandskeigde datasenteret med rimeleg konsesjonskraft.
Lustringane trudde at krafta skulle gå til meir samfunnsnyttige formål, og har no fått signal om at eigarane tar sikte på å fase ut mining-verksemda i løpet av året.
Det er iallfall målsettinga.
Inntil vidare kan ikkje kommunen gjere stort anna enn å krysse fingrane og håpe at det engelskregistrerte eigarselskapet gjer alvor av det dei seier.
– Vi har ikkje oversikt over det faktiske forbruket
Regjeringa har i fleire år lova kamp mot kryptoutvinning på norsk jord, men så langt har innskjerpingane late vente på seg.
I mellomtida er det ingen som veit nøyaktig kor mange som driv med kryptoutvinning, og før jul åtvara NVE-sjef Kjetil Lund om ein eksplosiv auke i krypto-datasenter i dei delane av landet der straumprisane er lågast.
Til E24 sa han at det dreidde seg om eit «titals datasenter».
Til samanlikning: I det offisielle registeret er det ført opp ni kryptofabrikkar.
Ifølge regjeringa står desse for ein femtedel av datasenter-forbruket.
Anslaget baserer seg på kva datasenteroperatørane sjølv rapporterer at dei gjer.
Fleire spør seg om dette gir eit rett bilde på den faktiske kryptoaktiviteten i Noreg.
– Vi har ikkje oversikt over det faktiske forbruket, seier seksjonssjef i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, Sander Norrøne Ask.
Han forklarer at Nkom berre har opplysningar om straumavtalen til dei ulike datasentera, ikkje kva som faktisk renn ut av stikkontakten.
– Det som tidlegare var spekulasjonar, har blitt bekrefta
For å danne oss eit inntrykk av det reelle forbruket kan vi studere marknadsdata frå Elhub, som overvaker den norske straummarknaden.
Grafen som openberrar seg viser ein påfallande samvariasjon mellom bitcoin-prisen og straumbruken til norske datasenter:
Den nærliggande forklaringa er at fleire datasenter intensiverer «gruvedrifta» når det er mest lukrativt.
Eit dagsaktuelt og handfast eksempel på dette finn vi i prisområdet som strekker seg frå Sognefjorden i sør til Salten i Nordland.
I oktober, då Bitcoin-verdien låg på eit høgt nivå, stod datasentera for om lag 7 prosent av det totale kraftforbruket i denne prissona (NO3).
Eit halvt år seinare hadde valutakursen falle med nesten 40 prosent i verdi. I same tidsperiode stupte datasentera sin del av straumforbruket til 4 prosent.
Den same marknadssensitiviteten blei demonstrert då ein av dei største børsane for kryptovaluta (FTX) gjekk over ende.
Elhub trekker fram «kryptokrakket» i 2022 som eit bevis på korleis kryptomarknaden påverkar den norske straumbruken.
«Det som tidlegare var reine spekulasjonar, har blitt nærare bekrefta», skriv dei i denne rapporten.
–Kunne vore ei samfunnsnyttig teneste
Anders Lie Brenna, redaktør i EnergiWatch, meiner det er «fleire indikasjonar» på at kryptoaktiviteten i Noreg er større enn det som blir rapportert.
– Datasenter med kryptoutvinning kan vere relativt enkle løysingar som raskt kan settast opp, og som raskt kan stengast ned eller flyttast til prisområde med gunstige straumprisar.
På den andre sida seier han at denne av og på-mekanismen kan bidra til «sårt trengt» fleksibilitet i straumsystemet:
–Hadde denne bransjen fått strenge og tydelege krav, kunne det blitt ei samfunnsnyttig teneste.
Fem grunnar til at kryptoutvinninga i Noreg «sluker» meir straum enn det regjeringa legg til grunn. Sjå under.
Reynir Jóhannesson er dagleg leiar i Norsk datasenterindustri. Han understrekar at kryptoutvinning er konsentrert i dei to nordlegaste straumsonene (der straumprisen tradisjonelt er lågare enn i sør), og at han forventar at medlemmene hans snakkar sant til myndigheitene.
– Eg har aldri høyrt om at det er store mørketal, og ville naturlegvis blitt svært skuffa om selskapa ikkje gir rett informasjon til myndigheitene, seier han.
I april 2024 annonserte regjeringa at Noreg skal «lukke døra» for kryptoutvinning på norsk jord.
– Dette er ein type verksemd vi ikkje ønsker i Noreg, sa energiminister Terje Aasland.
To år seinare er døra like open: Kryptofabrikkane kan halde fram som før, så lenge dei registrerer seg.
Digitaliseringsminister Karianne Tung har derfor presisert at formuleringa om å lukke døra ikkje var ein konstatering, men uttrykk for ein ambisjon:
– Målet er å lukke døra, sa ho i Politisk Kvarter.
– Dette er det fyrste steget.
Statsråden: – Bevisste avvik vil vere lovbrot, og vil bli følgt opp
Før jul var statsråden på besøk hos Lefdal Mine Datacenter utanfor Måløy.
Den gamle olivingruva blei i 2017 omskapt til Nord-Europas største datasenter, og lokka til seg selskap med ulike interesser, mellom anna eit tysk kryptoselskap.
Sidan tok datasenteret eit verdival om å avvise alle «krypto-mistenkelege» aktørar.
– Vi seier konsekvent nei til alle førespurnadar der vi skjønnar at det ligg i krypto i botn, sa leiaren til NRK i 2022.
Han la til at kryptoutvinning har «øydelagt omdømmet til datasenterbransjen».
– Det har vore fleire uheldige historier rundt krypto. Det vil vi ikkje vere ein del av.
NRK har konfrontert digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap) med at det reelle kryptoforbruket kan vere høgare enn det som er rapportert.
Ho forsvarer kravet om at alle som driv med krypto må registrere seg, men erkjenner det metodiske gapet mellom bestilt kapasitet og straumen som faktisk blir brukt.
– Regjeringa har sørgt for regulering av datasenternæringa i Noreg for første gong, slik at vi no har god oversikt over aktørane og næringa.
På spørsmål om ho stoler på bransjen sine eigne tal, svarer statsråden:
– Vi må føresette at næringsdrivande følger lova og rapporterer til Nkom i samsvar med krava i forskrifta. Bevisste avvik vil vere lovbrot, og vil bli følgt opp.