To hender skriver på tastatur
Kommunen på Sunnmøre meiner dei har avdekt omfattande journalsnoking. No får dei sjølv kritikk.Illustrasjon: Øyvind Sandnes / NRK

Nyleg måtte ein sjukepleiar i ein sunnmørskommune gå frå jobben sin på dagen. Kommunen hevdar at ho har drive med omfattande snoking i journalar.

  • No viser avviksmeldingar at snokinga skal ha pågått i ein periode på over to år, frå 2024 til 2026.
  • Kommunen opplyser til NRK at det skal vere totalt 76 pasientar som er råka.

Bente Ohnstad er professor emerit i helserett ved Universitetet Innlandet. Ho har aldri høyrt noko liknande.

– Nei, ikkje så omfattande. Det har vore enkelttilfelle som har vore slått hardt ned på, for det er jo eit lovbrot, men slik som dette har eg ikkje kjennskap til.

– Kor alvorleg er det at kommunen ikkje oppdagar det før etter lang tid?

– Det virkar som dei ikkje har hatt gode nok rutinar, og det er alvorleg. Dei har internkontrollforskrift som pålegg dei plikter, det er ei journalforskrift som pålegg plikter, så det er sjølvsagt alvorleg fordi det rokkar ved tilliten til kommunen også, seier ho.

Les svaret til kommunen lenger nede i saka.

Bente Ohnstad
Professor emerit Bente Ohnstad meiner saka svekkjer tilliten også til kommunen. Foto: Kursiv kompetanse

På natt og i feriar

I avviksmeldinga frå kommunen kjem det fram at sjukepleiaren skal ha slått opp i pasientjournalar på fritida:

«Dei loggførte avvika er hovudsakleg når den tilsette ikkje er på arbeid (fri utfrå turnus, eigenmelding, permisjon, feriar og...Gjer merksam på at mange av oppslaga skjer sein kveld/natt», heiter det i avviksmeldinga til statsforvaltaren.

Sladda avviksmelding
Her er avviksmeldinga som kommunen har sendt til statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Fargelegginga er gjort av NRK for å tydleggjere hovudpoenget. Foto: Sladda dokument

Anne Kjersti Befring, som er professor og ekspert i helserett ved Universitetet i Oslo, meiner det er spesielt kritikkverdig at dette ikkje har blitt fanga opp.

– Ein skal jo ikkje utstyre helsepersonell på ein slik måte ta dei kan gjere oppslag i alle journalar på si eiga fritid, seier ho.

Ho meiner at det er urovekkjande at det gjekk over to år før kommunen ante uråd.

– Alle skal føre logg over kven som gjer oppslag, og då vil det vere veldig enkelt å sjå når oppslaget er gjort, og om det er gjort medan ein er på arbeid, seier ho.

en kvinne med langt hår
Professor Anne Kjersti Befring seier det er urovekkjande at det gjekk to år før kommunen ante uråd. Foto: Torbjørn Brovold / NRK

Startar tilsynssak mot sjukepleiaren

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal starta nyleg gransking av sjukepleiaren.

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen seier det påståtte omfanget er svært uvanleg og at det er viktig å vurdere saka.

– Målet er å bevare tilliten i befolkninga slik at innbyggarane kan vere trygge på at helsepersonell ikkje urettmessig skaffar seg informasjon om helsa og omsorgssituasjonen deira.

Ho meiner det er svært alvorleg dersom saker som denne gjer at pasientar vegrar seg mot å dele viktig informasjon som helsepersonell treng for å kunne hjelpe dei.

en kvinne med langt hår
Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen. Foto: Roar Strøm / NRK

Vil sjekke alle tilsette framover

Nyleg måtte sunnmørskommunen informere 76 uvitande pasientar om det som skal ha skjedd.

Kommuneleiinga vil ikkje seie kva for relasjon sjukepleiaren har til dei 76 pasientane, og meiner det kan røpe identifiserande detaljar om dei.

Kommunen sjølv legg vekt på at det påståtte avviket blei avdekt gjennom ein rutinekontroll, og skjerpar no kontrollen av dei tilsette.

Kommuneleiinga vil ikkje kommentere utsegna frå dei to professorane.

Bør bruke ressursane på pasientane

Elektroniske journalar har gjort det enklare å snoke, og professor Anne Kjersti Befring seier at det ikkje er mogleg for nokon kommune å vere sikre på at alle tilsette held seg på matta.

Ho seier at det kan vere svært krevande å skilje det som er lovleg frå det som er ulovleg, men er klar på at sunnmørskommunen har ein jobb å gjere.

– Når dei får ei slik sak er det ein god grunn til å gå gjennom alle kontrollrutinar, sjå korleis ein kan forbetre det, utan at det fører til enormt mykje ressursbruk. For ressursane bør brukast på pasientane primært, seier ho.

Sjukepleiaren fekk for kort tid sidan avskjed på dagen. Gjennom advokaten sin har ho tidlegare avvist å ha gjort noko gale.