Kristin Evina Øhrn Fredwall.
SLÅR TILBAKE: Kristin Evina Øhrn Fredwall har fått mykje hets som mor til Ru-leiaren. Nå slår ho tilbake mot nettrollene. Foto: Viktor Sødal / NRK

– Det er transfobi, valdstruslar, feilkjønning og stygge ting, fortel Alexandra Fredwall.

Det å få netthets har blitt ein del av kvardagen for leiaren av Raud Ungdom.

Som transkvinne opplever ho at mange av kommentarane ho får går ut på dette.

– Eg prøver å ikkje la det gå inn på meg, seier RU-leiaren frå Kristiansand.

Mora Kristin Evina Øhrn Fredwall har derimot ikkje like lett for å la hetsen gå forbi. Ho har nyleg tatt eit oppgjer med dei som utset dottera for netthets.

Rød Ungdom leder Alexandra Fredwall.
Ru-leiar Alexandra Fredwall fortel at hetsen ofte angrip henne som person framfor politikken ho snakkar om. Foto: Viktor Sødal / NRK

– Her er eg

Øhrn Fredwall var førebudd på at dottera ville få hets da ho blei utnemnd som RU-leiar. Likevel har hatkommentarane vore verre ho kunne sjå for seg.

Ho har også fått hets, som mor til politikaren.

– Eg får høyre det som forelder òg, både på privatmeldingar og i kommentarfeltet.

Kristin Evina Øhrn Fredwall.
Mora blir rørt når ho fortel om hetsen ho og dottera opplever. Foto: Viktor Sødal / NRK

Når ein googlar Alexandra Raud Ungdom er eit av dei første forslaga som kjem opp «foreldre».

– Folk er opptatt av kven som er forelderen til Alexandra og meiner at det må ha skjedd noko gale ein stad, seier mora som tørkar ei tåre.

Ho bestemte seg for å snakke direkte til nettrolla i eit innlegg på Facebook.

– Eg er mor til Alexandra. Vi kjenner ikkje kvarandre, men eg ser at de skriv om både henne og meg i kommentarfelta, kvar gong ho er i media, startar ho.

Ho appellerer til alle «tilsynelatande godt vaksne kommentarfeltkrigarar».

– Orda dykkar hjelper ingen. Ikkje dei som les kommentarfelt, ikkje dei andre ungdomspartileiarane, ikkje samfunnet, ikkje demokratiet, og mest sannsynleg ikkje dykk heller.

Skjermdump av google søk.
Googlesøk viser at fleire er interesserte i Fredwalls bakgrunn og foreldre. Grafikk: SKJERMDUMP

Ho set spørsmålsteikn om det verkeleg er hetsen som dei ansvarlege vil bli kjente for og gir ein klar beskjed til dei som kalle dottera for «mann», «han», «skulle vore abortert» og undrar «kor er foreldra?».

– Her er eg. Mor til Alexandra. Fornøgd med resultatet, skriv ho.

Ho oppfordrar alle til å la den 19-årige dottera vere i fred.

Les heile facebookinnlegget her:

– Systemsvikt

– Eg prøver å separere det litt frå meg sjølv, men eg trur også at det handlar om at ein har fått ei auka politikarforakt i det norske samfunnet, seier RU-leiaren om hetsen.

Ho meiner at det er viktigare å fokusere på kvifor folk skriv hatmeldingar, framfor sjølve innhaldet.

Rød Ungdom leder Alexandra Fredwall.
Fredwall kallar mora for sin største støttespelar og takkar henne for innlegget. Foto: Viktor Sødal / NRK

Fredwall trekker fram systemsvikt.

– Mange sit heime på sofaen og slit med å få endane til å møtast. Då trur eg det er mange som irriterer seg over det dei meiner er sløseri eller systemsvikt, seier ho.

Vil straffe netthetsarar

– Ytringsfridommen gir deg ingen rett til å hetse eller true andre personar. Det slår assisterande sjef i PST, Inga Bejer Engh fast i Dagsrevyens studio.

Ifølgje Politiets tryggingsteneste har talet på straffesaker mot personar som hetsar politikarar på nett økt den siste tida.

Inga Bejer Engh, assisterende sjef, PST
Assisterande sjef i PST, Inga Bejer Engh seier at dei aukar talet på straffesaker fordi det er veldig belastande for dei som blir utsett for det. Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

– Mange sit sikkert bak ei lukka dør på eit rom og tenker at dei aldri skal oppdagast. Det trur eg ikkje dei skal kjenne seg så trygge på, seier Bejer Engh.

PST har fleire straffesaker gåande mot folk som truar og hetsar på nett. Ein person har blant anna blitt straffa med 21 dagars fengsel på vilkår og 20 000 kroner i bot. To andre har fått bøter på 6000 kroner.

Bejer Engh seier at hets mot politikarar som Alexandra Fredwall også er skadeleg for demokratiet. Ho har ei klar oppfordring til alle som ser netthets.

– Vi er heilt avhengig av at ein tar kontakt. La det heller vere opp til oss å vurdere den nedrige grensa for kva som er straffbart eller ikkje. Særleg når det gjeld hets og sjikane, fordi eg er redd for at ganske mange trur at dei skal finne seg i meir enn dei kanskje bør.

Eit utbreidd problem

Eit stort fleirtal av norske rikspolitikarar har vore utsett for ulike former for hets, trakassering eller truslar. For mange har dette også hatt negative konsekvensar for både privatliv og politisk arbeid.

Det viser ein rapport om hets og truslar mot politikarar.

Sommer i P2
Professor Tore Bjørgo fortel om ein auke av politikarar som opplever hets. Foto: Robert Rønning/NRK

– Vi har sett ein auke i andelen politikarar som blir utsette for hets og truslar frå valperiode til valperiode fram mot 2021. Nå ser vi at nivået har stabilisert seg på rundt 40 prosent, seier professor Tore Bjørgo, som leier prosjektet.

Samtidig rapporterer mellom 20 og 25 prosent av politikarane at hets og truslar har fått konkrete konsekvensar for dei, blant anna i form av behov for sikkerheitstiltak som valdsalarm, eller auka oppleving av utryggleik.