– Responsen er enorm, fortel Edvard Moser.
Forskingsteamet har allereie presentert dei nye funna på vitskapeleg konferansar.
6. august ble ho også publisert i det prestisjetunge tidsskriftet Science.
– Vi høyrde frå redaktøren for nevrovitskap i Science at dette var noko av det mest fantastiske han har vore borti på lang tid.
«Gittercellene sine hemmelegheiter»
Forskarane ved Kavli-instituttet ved NTNU har tidlegare publisert banebrytande forsking som viser at hjernen har sin eigen stadsans.
I 2005 oppdaga May-Britt Moser og Edvard Moser gittercellene i rottehjernen.
Gitterceller er nerveceller som lagar eit slags mentalt kart i hjernen vår. Dei er viktige for stadsansen vår, og hjelper oss mellom anna med å navigere.
Funnet var ein del av grunnen til at dei fekk nobelprisen i medisin, saman med John O'Keefe.
I fjor publiserte forskingsmiljøet funn som viste at gittercellene også sender ut «mentale følehorn».
Desse følehorna kartlegg kor vi er når vi beveger oss.
– Det vi visste allereie i fjor var at desse sveipa som hjernen gjer for å kartlegge stad, går fram og tilbake som ein maskin, fortel Edvard Moser.
Forskarane fann da ut at gittercellene sende ut jamlege signal frå høgre til venstre og til høgre igjen i ein fast rytme:
«Hjernens søkelys»
No har forskarane målt hjerneaktiviteten til rotter mens dei har jakta etter ein matbit festa på ein snor på ei fiskestong.
Da går ikkje gittercellene i ein fast rytme fram og tilbake lengre.
– Det vi fann ut no er at hjernen faktisk kan overstyre det og rette søkelyset mot dei tinga som er viktige, fortel Edvard Moser.
Når noko skjer i nærleiken av rotta eller noko krev merksemd, går ikkje signala frå gittercellene i sin jamne rytme lengre.
– Da kan desse sveipa plutseleg skyte ut og bruke stadssansen til å vere merksam på noko som skjer i miljøet, fortel May-Britt Moser.
– På den måten kan ein bruke stadssansen til å bygge eit kognitivt kart. I koordinatsystemet som stadssansen er, kan ein kople på hendingar.
For ei rotte kan det vere ei påskjøning som gjer at stadssansen endrer retning, fortel Moser.
For menneske kan det til dømes vere eit anna menneske som kjem inn i sida av synsfeltet.
– Når rotta går bakover på denne måten, så ser vi at sveipa i det mentale kartet også går bakover, fortel Abraham Zelalem Vollan.
Han er ein av forskarane bak studien.
– Litt som eit ryggekamera, kan du seie.
Kan vere til hjelp for å forstå sjukdom
Sjølv om det er rotter forskarane har gjort forsøka på, er funnet truleg overførbart til menneske også.
– Sannsynet for at prinsippa er sånn hos oss også er enormt stor, seier May-Britt Moser.
– Så vi føler at vi lærer om oss sjølv ved å studere rottene.
Funna kan også vere til hjelp for å forstå sjukdommar betre.
– Forstår vi den normale hjernen, så kan vi også skjønne kva som går gale i sjukdommar, fortel Edvard Moser.
– Også er det sånn at desse sveipa er i stad-sanseområdet i hjernen, som er det første som blir ramma ved alzheimer-sjukdom.