Ansikt nært 1
Ansikta har ulike nyansar som barna kjenner seg igjen i. Foto: Håvard Heggen / NRK

Eit barn slår seg, får eit beinbrot, skadar hovudet eller har sterke magesmerter.

Det skjer ved akuttmottak over heile landet: Når eit barn kjem inn, er det viktig å finne ut så tidleg som mogleg kor store smerter barnet har.

Ved akutten i Førde blir barn som er mellom fem og ni år møtte med ein linjal med mange figurar på.

Dei ulike eggforma ansikta manglar hår og øyre. Det er berre uttrykket som står i fokus.

Sjukepleiar Inger Leknes Gryte har alltid linjalen i nærleiken når ho er på jobb.

– Då kan eg seie til barnet at her har eg nokre bilete av ansikt. Korleis føler du deg no? Kan du peike på kva ansikt du har akkurat no?

sjukepleiar på pasientrom
Barn får i oppgåve å peike på eit ansikt på linjalen når dei kjem inn og møter sjukepleiar Inger Leknes Gryte. Foto: Håvard Heggen / NRK

Har blitt overraska

Til venstre ligg eit ganske nøytralt ansikt, lett smilande. Så blir dei neste ansikta meir bekymra, før det siste går over i intens grining. Overraskande ofte peikar barnet med ein gong på ansiktet han eller ho kjenner seg mest igjen i.

Det viser seg at for ein god del barn er det lettare å uttrykke smerte ved å peike på figurar enn ved å sette ord på det verbalt.

– Eg har opplevd fleire gongar at barnet ikkje framstår så veldig påverka av smerte, men når dei peikar så viser det seg at dei har meir vondt enn dei klarer å seie.

Skilt av ansikt
Til venstre er ansiktet nøytralt. Til høgre gir ansiktet uttrykk for intens grining. Foto: Håvard Heggen / NRK

Stor endring

Kartlegginga er viktig for å finne ut kva slags smertestillande medisin barnet skal ha.

Ved akuttavdelinga i Helse Førde har det skjedd ein liten «revolusjon». Medan ingen av sjukepleiarane brukte verktøy som dette for tre år sidan, brukar eit stort fleirtal det i dag. Enkelte månader har nesten 90 prosent av barna blitt vurderte med slike verktøy.

– Det er ein stor forskjell som vi er veldig nøgde med. Vi veit at dette er grunnlaget for betre smertebehandling, seier seksjonsleiar Anita Dvergsdal.

Også ho har sett fleire døme på barn der ein ikkje venta å få utslag. Men ved hjelp av verktøyet har smertene blitt vurderte til fem eller seks – på ein skala frå null til ti. Dette blir vurdert som moderate smerter.

Sjukepleiar i gang
Seksjonsleiar Anita Dvergsdal er nøgd med at sjukepleiarane på avdelinga i løpet av kort tid har teke i bruk dei nye rutinane. Foto: Håvard Heggen / NRK

For barna under fem år må sjukepleiarane bruke ein annan metode. Her er det dei som fagpersonar må observere rørsler og ansiktsuttrykk når barnet kjem inn. Barn som er over ni år klarer ofte sjølv å sette ord eller eit tal på eiga smerte.

Framleis variasjonar

Karoline Lyngtun Vik sit i styringsgruppa for Nasjonalt kompetansenettverk for legemidler til barn, som er lokalisert ved Haukeland i Bergen. Ho blir imponert når ho høyrer resultata i Førde.

– Det høyrest jo fantastisk ut. Og absolutt eit eksempel ein bør følge andre stadar i landet.

Har også verv i Nasjonalt kompetansenettverk for legemidler til barn
Karoline Lyngtun Vik meiner det framleis er forskjellar i kor mykje etablerte verktøy blir brukte når det gjeld kartlegging av barn og smerte. Foto: Haukeland universitetssykehus

Ho har god kontakt med legar, sjukepleiarar og farmasøytar i ulike delar av landet for å sikre trygg og kunnskapsbasert medisinering. Sjølv om retningsliner rundt smertevurdering av barn har vore tilgjengelege i mange år, meiner ho at dei ikkje alltid blir følgde opp slik dei skal.

– Eg trur det framleis er ein del både lokale og nasjonale forskjellar. Vi vil jo at alle barn skal få lik behandling og riktig behandling.

Ho får støtte av leiaren i nettverket, Henrik Irgens, som også er lege. Han er samd i at bruken kan variere, men meiner situasjonen generelt er betre i dag enn for 10–15 år sidan.

Henrik Irgens
Henrik Irgens er leiar i Nasjonalt kompetansenettverk for legemidler til barn. Foto: Privat

Vil unngå at barn får for lite smertestillande

Irgens trekker fram at det kan vere utfordrande å finne ut kor store smerter eit barn har, utan at ein har gode verktøy i botn. Når barn kjem på sjukehus, kan ein tenke seg at dei kjem i eit miljø som dei ikkje er kjende i.

Barna blir redde, gret og er lei seg. Andre barn kan vere stille, men samstundes ha store smerter.

– Det å kunne skilje og gi smertelindring til dei som faktisk treng det, er særs verdifullt.

sengepost
Barn som er på akutten kan ofte vere redde fordi miljøet rundt kjennest utrygt. Foto: Håvard Heggen / NRK

Professor og lege ved Universitetet i Bergen, Christina Brudvik, seier det kan vere alvorleg for eit barn å ikkje få riktig smertelindring.

– Det er jo ikkje riktig at barn skal ha meir smerter for dei same skadane eller tilstandane som dei vaksne. Det er slik det har vore, og ein har vore redd for å gi nok smertelindring til barn.

Ho meiner også det er viktig å avlive myten som enkelte vaksne uttrykker om barn og smerte: at smerta kan herde, slik at barnet toler meir i vaksen alder.

– Det er heller motsett. Barnet kan få ein frykt i seg og får faktisk lågare smerteterskel i mange tilfelle, samanlikna med andre jamaldrande som ikkje har opplevd same type smerte.

Christina Brudvik, professor og lege ved Universitetet i Bergen
Professor Christina Brudvik seier det kan vere alvorleg for eit barn å ikkje få riktig smertelindring. Foto: Privat