Den omkomne er heimehøyrande i Øygarden i Vestland.
Ulukka vart meld like over klokka 11 laurdag føremiddag. Motorsykkelen kom køyrande austover på Haukelivegen i retning i Telemark.
Det var tidleg klart at ulukka var alvorleg. Litt seinare vart det meldt at føraren var stadfesta omkomen på staden.
– Like før Ulevå bru gjorde føraren ei forbikøyring og mista kontrollen over sykkelen, opplyste operasjonsleiar Morten Rebnord ved Vest politidistrikt.
Ulukkesgruppa frå Statens vegvesen og krimteknikarar rykte ut, og fjellovergangen var stengd på ulukkesstaden til desse var ferdige med undersøkingane sine.
Vegen vart opna like over klokka 17.