Kong Haakon VIII og kronprinsesse Ingrid Alexandra i stortingssalen
I STORTINGET: Kong Haakon VIII framfør Stortinget. Ved sida av står kronprinsesse Ingrid Alexandra med sørgeslør. Foto: Krister Sørbø / NRK

Litt før klokka 13 kom kong Haakon til Stortinget for å avlegga eid.

Det er éin av mange seremoniar som finn stad i samband med tronskiftet etter at kong Harald døydde fredag.

– Eg lovar og sver å villa regjera kongeriket Noreg i samsvar med dets konstitusjon og lover, så sant hjelpa meg Gud den allmektige og allvitande, sa kong Haakon til Stortinget klokka 13.06.

– Dronninga og eg stadfestar at me stiller oss til disposisjon for å utføra vår gjerning for land og folk, sa kongen vidare.

Dronning Mette-Marit kunne ikkje delta på grunn av komplikasjonar etter lungetransplantasjonen i juni.

Fleire andre frå kongefamilien var likevel til stades: kronprinsesse Ingrid Alexandra, dronning Sonja og prins Sverre Magnus.

Sonja, Ingrid Alexandra og Sverre Magnus
Kronprinsesse Ingrid Alexandra, dronning Sonja og prins Sverre Magnus utanfor Stortinget. Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Minnetale og eitt minutts stille

Etter at kongen hadde avlagt eida, tok stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) ordet og heldt ei minnetale for kong Harald.

Deretter var det eitt minutts stille i stortingssalen.

Kong Haakon VIII taes i ed i Stortinget
Stortingssalen var full under den høgtidelege seremonien. Foto: Krister Sørbø / NRK

– Det er ein tung, men eineståande arv Deira Majestetar no tar opp. Sjølve arva ligg i fellesskapet med folket dykkar. Dette fellesskapet vert understreka i dag, sa stortingspresidenten.

Vidare sa Gharahkhani at det fylgjer store forventingar med dette ansvaret.

– Me er ikkje i tvil. Kongen står usedvanleg godt rusta til å møta desse forventingane.

Deretter song dei frammøtte kongesongen.

Krav i Grunnlova

Sjølv om Haakon vart konge idet faren døydde, krev Grunnlova at han avlegg denne eiden.

Den nye kongen skal forplikta seg til å vera lojal mot Stortinget og det dei bestemmer.

Eiden markerer at makta til kongen er avgrensa.

Vil du vita meir om eidsavlegginga?

– Folkets vilje skal også vera kongens vilje. Det handlar om at monarki og demokrati ikkje er motsetnadar i Noreg. Det heng saman. Kongefamilien er beskyttarar av demokratiet vårt.

Slik skildra stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) det som skulle skje.

Høgtideleg mottaking

På veg ut frå Slottet danna kadettar Krigsskulen espalier for kongen, der utgangen til Slottsbalkongen er.

Kong Haakon VIII forran Stortinget
Kong Haakon då han kom til Stortinget. Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Kong Haakon helste soldatane med «god dag, kadettar!» på veg ut. Svaret frå kadettane var eit rungande «god dag, herre konge!».

Han var ikledd Hærens gallauniform med storkorskjedet til St. Olavsordenen og Fortjenstordenens band.

Fullt i sentrum

Store delar av Oslo sentrum er tysdag prega av dei offisielle seremoniane.

Kort tid etter at eidsavlegginga er ferdig, opnar Slottskapellet så folk kan gå forbi båra til kong Harald og ta farvel.

Langs den korte ruta frå Slottet til Stortinget, hadde mange møtt opp for å fylgja med.

På vegen heng flagga på halv stong.

Full sal

Store delar av det offisielle Noreg var til stades på Stortinget.

Både regjeringa og stortingsmedlemane er på plass. Det er òg sametingspresident Silje Karine Muotka og forsvarssjef Eirik Kristoffersen.

Ankomst statsminister Støre
Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Òg utanfor kunne ein følga seremonien på ein storskjerm som var sett opp på Eidsvolls plass.