Lasteskip i Hormuzsundet. I forgrunnen ei kvinne i sjal som går på en strand.
Hormuzsundet har vore eit av dei største stridstemaa i krigen mellom USA og Iran. Foto: Majid-Asgaripour / Wana News Agency,NTB

Nye samtaler mellom USA og Iran kan skje «veldig snart», skriv Pakistans president Shehbaz Sharif på X.

Pakistan har vore ein viktig del av forhandlingane for å få i stand ei avtale mellom USA og Iran og få ein slutt på krigen.

Også Iran stadfestar at det no finst eit utkast til ei avtale.

– Utkastet til avtale mellom Iran og USA inneber at Washington D.C. og deira allierte ikkje skal gå til åtak på Iran og deira allierte. Til gjengjeld lover Iran å ikkje gå til førebyggande åtak mot USA eller deira allierte.

Det skriv det statskontrollerte iranske nyheitsbyrået Fars sundag morgon, ifølge Reuters.

Samtidig melder det Fars at 33 skip har passert gjenom Hormuzsundet de siste 24 timane.

Sundet ha vore stengt av Iran sidan krigen starta.

– Me er klare til å forsikra verda om at me ikkje vil utvikla atomvåpen, seier den iranske presidenten Masoud Pezeshkian ifølge Reuters.

Han seier òg at forhandlarane deira ikkje vil inngå kompromiss når det gjeld landets ære.

Den iranske presidenten har til vanleg avgrensa makt i landet, heller ikkje over Revolusjonsgarden.

En eldre mann sitter i et møtelokale, delvis vendt bort fra kameraet. Han har grått hår og bærer en svart dress med hvit skjorte. Bakgrunnen viser en grønn vegg og en utydelig brunfarget struktur. Bildet gir inntrykk av en offisiell eller formell setting.
Irans president Masoud Pezeshkian. Foto: Reuters

Viktig for Trump

– Det er bra at det no ser ut til at ei avtale kjem på plass, kommenterer Kåre Aas.

Han er tidlegare ambassadør til USA og Israel og er no rådgivar i PR-byrået Kruse Larsen.

Portrett av Kåre Aas, en mann med lyst hår i blå skjorte og blå dressjakke
Tidlegare toppdiplomat for Noreg, Kåre Aas. Foto: Tommy Iversen / NRK

Sjølv om han meiner begge sider vil tena på å få slutt på krigen, har det vore spesielt viktig for Trump.

– Han har ynskt å få slutt på denne krigen i lang tid, for han har store problem i USA. Det er så mange amerikanarar som ikkje berre er misfornøgde med krigen, men som òg er forbanna for at bensinprisane har auka og som er redde for inflasjon, seier Aas.

Kan koma nyheiter snart

Det er framleis ikkje noko avtale som har vorte formelt godkjend. Men USAs utanriksminister Marco Rubio hintar sundag føremiddag om det kan skje snart.

– Det er mogleg at det vil koma gode nyheiter om Hormuzsundet i løpet av dei neste timane, seier han.

Ifølge Rubio har det vore framgang i forhandlingane om Hormuzsundet dei siste to døgna.

Marco Rubio på en talerstol med amerikanske flagg bak seg, holder opp en finger
USAs utanriksminister Marco Rubio deltok på ei pressekonferanse i India sundag. Han nytta også anledninga til å kommentera Iran-konflikten. Foto: MANAN VATSYAYANA / AFP,NTB

Fleire punkt

Ifølge det statskontrollerte iranske nyheitsbyrået Tasnim står det også i utkastet at:

  • USA skal droppa sanksjonar mot iransk olje
  • Israel må stoppa åtak mot Libanon

I tillegg skal det vera ein frist på 30 dagar for å diskutera opning av Hormuzsundet og 60 dagar for forhandlingar om atomprogrammet til Iran, ifølge Tasnim.

Donald Trump mellom store, hvite søyler. Bak ham to menn som ser ut som sikkerhetsvakter.
Donald Trump kom til Det kvite hus 22. mai, i staden for å dra i bryllaupet til sonen. Mange tolka det som eit teikn på at det kunne koma nyheiter om Iran-krigen i løpet av helga. Foto: Jose Luis Magana / FR159526 AP,NTB

USA eller Israel har førebels ikkje sagt noko om innhaldet.

Positive reaksjonar

Den britiske statsministeren Keir Starmer seier han vonar på ei avtale som set strek for krigen og opnar Hormuzsundet igjen.

– Me vil jobba saman med våre internasjonale partnarar for å bruka denne moglegheita til å oppnå ei langvarig diplomatisk løysing, seier han ifølge Reuters.

Òg Ursula von der Leyen, leiar av EU-kommisjonen, er glad for at ei avtale ser ut til å vera nære.

– Eg ynsker framgangen om ei avtale mellom USA og Iran velkomen, skriv ho på X.

– Resultata frå desse forhandlingane gir grunnlag for optimisme for at eit positivt og varig resultat er innan rekkevidde, seier den pakistanske utanriksministeren Ishaq Dar sundag morgon.

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan har sundag morgon diskutert situasjonen med Trump og fleire statsleiarar i Midtausten, skriv Reuters.

NRK har vore i kontakt med Utanriksdepartementet, som vil venta med å kommentera til ei eventuell avtale er godkjend.

Et håndtrykk mellom to menn. I bakgrunnen davidstjerna på det israelske flagget.
Benjamin Netanyahu og Donald Trump møttest i Florida i desember. Ei eventuell avtale med Iran må verta godkjend av dei begge. Foto: Jonathan Ernst / REUTERS,NTB

Aas: Mogleg ny variant av gamal avtale

Opp gjennom åra har det vore fleire rundar med forhandlingar mellom USA og Iran.

I 2015 fekk dåverande president Barack Obama på plass ei avtale som sa at Iran forplikta seg til å avgrensa atomprogrammet sitt.

Til gjengjeld skulle internasjonale sanksjonar mot landet fjernast gradvis.

Obama var svært nøgd med avtala då ho kom på plass:

Men avtala overlevde ikkje presidentskapen til Trump, i likskap med mykje anna frå Obama-administrasjonen.

Trump grunngav det mellom anna med at avtala gav Iran for mange fordelar, spesielt økonomiske. Fleire av støttespelarane hans var òg sterke motstandarar av avtala.

– Det eg stiller meg spørsmål om no, er om den avtalen som på sikt kanskje kjem på plass no, vil vera ganske identisk med den avtala som president Obama inngjekk for elleve år sidan, seier Kåre Aas til NRK.

Donald Trump lener seg til siden for å si noe til Barack Obama. Rundt dem sitter Melania Trump, George W. Bush, Laura Bush, Kamala Harris. De er i en begravelse.
Få år etter at Donald Trump vart president for fyrste gong, var det slutt på atomavtala Obama fekk i stand med Iran. Her er dei saman i bisettinga til tidlegare president Jimmy Carter i 2025. Foto: Jacquelyn Martin / AP,NTB

– Kor langt har ein eigentleg kome då?

– Då kan ein seia at elleve år har gått tapt fordi Trump ikkje ville ha noko med Obama-avtala å gjera. Då står ein på same stad som ein gjorde for elleve år sidan, og da har denne krigen vore unødvendig, svarar den tidlegare toppdiplomaten.

Varsla snarleg avtale

Laurdag melde USAs president Donald Trump at eit gjennombrot kunne vera like rundt hjørnet.

– Ei avtale er i stor grad forhandla fram, skreiv presidenten på sitt eige sosiale medium Truth Social.

Ifølge presidenten stod det framleis att å snakka om nokre detaljar, før avtala så må verta formelt godkjend av USA, Iran og dei andre landa som har vore med på forhandlingane.

Analytikar: Annleis tone frå Trump

Måten Trump varsla om eit mogleg gjennombrot gir eit inntrykk av at noko er annleis denne gongen, meiner Iran-analytikar Trita Parsi.

Han peikar på at meldinga hadde ei seriøs og disiplinert tone, i motsetnad til tidlegare meldingar frå den amerikanske presidenten.

I am in the Oval Office at the White House where we just had a very good call with President Mohammed bin Salman Al Saud, of Saudi Arabia, Mohammed bin Zayed Al Nahyan, of The United Arab Emirates, Emir Tamim bin Hamad bin Khalifa Al Thani, Prime Minister Mohammed bin Abdulrahman bin Jassim bin Jaber Al Thani, and Minister Ali al-Thawadi, of Qatar, Field Marshal Syed Asim Munir Ahmed Shah, of Pakistan, President Recep Tayyip Erdoğan, of Türkiye, President Abdel Fattah El-Sisi, of Egypt, King Abdullah II, of Jordan, and King Hamad bin Isa Al Khalifa, of Bahrain, concerning the Islamic Republic of Iran, and all things related to a Memorandum of Understanding pertaining to PEACE. An Agreement has been largely negotiated, subject to finalization between the United States of America, the Islamic Republic of Iran, and the various other Countries, as listed. Separately, I had a call with Prime Minister Bibi Netanyahu, of Israel, which, likewise, went very well. Final aspects and details of the Deal are currently being discussed, and will be announced shortly. In addition to many other elements of the Agreement, the Strait of Hormuz will be opened. Thank you for your attention to this matter! President DONALD J. TRUMP
Fleire statsleiarar i Midtausten har vore involvert i samtalene, ifølge Trump.Faksimile: @realDonaldTrump/Truth Social

Det vitnar om at Trump har forankra dette regionalt og har brei støtte, skriv Parsi i ei analyse på Substack.

Parsi trur likevel at det er nok av folk som vil at krigen med det iranske regimet skal fortsetta, kosta kva det kosta vil.

Han nemner mellom anna Reza Pahlavi, son av Irans tidlegare diktator og shah. Han ynsker seg rolla som overgangsleiar til eit nytt Iran og vil ikkje vera nøgd.

På den andre sida står statsminister Benjamin Netanyahu i Israel, som fleire gonger har gitt klart uttrykk for at han ikkje vil avslutta krigen med det fyrste.

Interessert i det som skjer i verda? Høyr utanriksredaksjonens podkast: