Fotballspiller Erling Braut Haaland i hvit landslagsdrakt på banen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
SLITEN?: Fleire ekspertar meiner Haaland verka avskrudd og sliten mot Wales. Foto: Hannah McKay / REUTERS,NTB

– Det var veldig mange svake involveringar jamt over, seier NRKs fotballekspert Andrine Hegerberg etter kampen mot Wales.

– Eg synest laget ser litt tungt og trått ut både med og utan ball, legg ekspertkollega Kristoffer Løkberg til.

Eit norsk kollektiv klarte ikkje å prestere i kampen der dei i utgangspunktet var store favorittar. Men heller ikkje Erling Braut Haaland var slik han brukar å vere.

– Haaland verka avskrudd frå første minutt. Han kom seg aldri på nivå, og fekk ein-to gylne sjansar med hovudet – men vi sat roleg på stolen. «Den her går ikkje i mål». Spruten kjem ikkje, ingen god dag for Haaland heller, seier Hegerberg.

– No er han heilt køyrd, og om han kan spele den kampen på søndag er eg veldig usikker på, seier NRKs ekspert Carl-Erik Torp.

Erling Braut Haaland ser uttrykksfull ut på fotballbanen med Martin Ødegaard i forgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
FRUSTRASJON: Det blei ein dag utan skåringar for Erling Braut Haaland. Foto: Hannah McKay / REUTERS,NTB

– Heilt køyrd

Haaland spelte 90 minutt både mot Danmark og Portugal, og gjekk dermed inn i Wales-kampen med to fulle kampar den siste veka.

Carl-Erik Torp trur kampen mot walisarane kunne vore eit høve til å kvile Haaland.

– Ein tenkjer jo alltid at ein vil ha ein målskårar av hans kaliber på banen med dei 65 måla sine på 58 kampar. Samstundes handlar det om tøffe val og å klare å sjå dei gongene ein kanskje bør velje noko anna, seier NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.

– Denne kampen var kanskje ein type kamp der ein kunne kvilt han, sjølv om det blir etterpåklokskap og litt meiningslaust.

Erling Braut Haaland går av banen sammen med støtteapparat på Ullevaal stadion. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
GJEKK AV: Etter alle dei 90 minutta, for tredje kamp på rad. Foto: Hannah McKay / REUTERS,NTB

Ståle Solbakken vedgår overfor TV 2 at det var ein sliten Haaland ute på banen torsdag. Han meiner likevel det var rett å starte med han.

– Var det i retrospekt ei feil avgjerd å starte han?, spør NRK på pressekonferansen.

– Nei, det synest eg ikkje. Han fekk eit par sjansar der han i alle fall burde sett den eine, som han brukar å skåre på, seier Solbakken.

Torp fryktar det han trur kan bli ein krevjande situasjon for Noreg no, tre dagar før bortekampen mot Portugal.

– Eg sa det vel også inn mot pausen, at ein kanskje burde tatt av Haaland og kvilt han. Noreg hadde kanskje ikkje blitt nemneverdig dårlegare i denne kampen, men då hadde ein hatt ein meir utkvilt Haaland til kampen mot Portugal på søndag, seier Torp.

– Han såg sliten ut frå starten i dag, og eg har sjeldan sett han så mør undervegs i første omgang.

– Blir overskrifter

På spørsmål frå pressa om korleis han opplevde Haaland under kampen torsdag, og at fleire opplevde at han såg sliten ut, tek Martin Ødegaard kompisen i forsvar.

– Nei ... Du kan seie, skårar han på ein eller to av dei sjansane, så blir han hylla og «alt sånn». Han blir jo målt på å skåre mål, så då er det ofte slik det blir – at det blir overskrifter om det ikkje skjer, seier Ødegaard.

– Men han kjem til sjansar, og på ein annan dag skårar han kanskje to i dag.

Martin Ødegaard og Erling Braut Haaland i norske landslagsdrakter på fotballbanen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
STØTTE: Ødegaard meiner skilnaden er stor om Haaland skårar eller ikkje, når det gjeld overskriftene i avisa. Foto: Kin Cheung / AP,NTB

– Tung og seig

Men det blei ikkje ein slik dag. Allereie til pause la fleire merke til haldninga. Kjetil Rekdal sa i VGTVs sending at Haaland ikkje hadde vore særleg delaktig.

– Eg synest han verka veldig sliten. Han verka tung og litt, skal ikkje seie at han er uinspirert, for det er feil ord å bruke, men han er ikkje med i kampen. Og det er Noreg heilt avhengig av, sa Rekdal etter den første omgangen.

Også han la til at Haaland fort kunne skåre eit par mål i andre omgang, utan at det skjedde denne gongen.

– Han verkar ikkje hundre prosent klar for kamp i utgangspunktet. Han ser litt tung ut, litt seig ut og litt forsiktig kanskje.