Ørjan Nyland – Julian Ryerson, Kristoffer Ajer, Torbjørn Heggem, David Møller Wolfe – Martin Ødegaard (K), Sander Berge, Fredrik Aursnes – Oscar Bobb, Erling Braut Haaland, Andreas Schjelderup.
Det er Ståle Solbakkens utvalde i kveldens nasjonsligakamp mot Wales.
– Martin trente i går, som dokke såg, og følte at han var klar, seier Solbakken til TV 2.
Det betyr at Antonio Nusa og Patrick Berg startar kampen på benken. David Møller Wolfe er inne i ellevaren igjen etter å ha sona karantene, medan Fredrik Aursnes flyttast frå backposisjon til midtbane.
– For vingane handlar det litt om at Nusa har spelt to, tett på, fulle kampar. Både Andreas (Schjelderup) og (Oscar) Bobb har gjort det godt. Så dette handlar om at den som kjem inn av dei òg kan bidra. Det er lettare å ta den avgjerda, forklarar Solbakken.
- Kampen sendast på TV 2. Du kan også følgje og høyre kampen på NRK Radio, kampstart klokka 20.45.
– Alle illusjonar om at dette vil bli lett kan folk berre legge bort, seier landslagssjefen.
Han har hatt fleire store val han måtte ta før den viktige kampen. Mellom anna om kaptein Ødegaard ville bli klar etter smellen han fekk mot Portugal, då Bernardo Silva kom inn med ein stygg etterslengar på overtid i 1-2-tapet.
Det har også vore knytt stor spenning til keeperplassen. Solbakken landa igjen på Ørjan Nyland, som NRK erfarte tidlegare torsdag.
– Eg meiner jo det er feil. Eg meiner jo Egil Selvik burde få sjansen. Men samtidig er eg ikkje overraska over at Ståle Solbakken vel det han vel, og gir Nyland enda ein sjanse og den tilliten kan han vekse på.
Det sa NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg tidlegare torsdag.
– Samtidig spør eg meg sjølv: Kva skal til for at Egil Selvik får moglegheita?
Keeperplassen har vore heftig debattert etter Nylands marerittkveld mot Portugal søndag.
Presset blir desto større på Nyland, meiner Andrine Hegerberg.
– Det er ingen tvil om det. Alle auge kjem til å vere på han, både når det gjeld å stoppe skot og hindre mål, men ikkje minst med ballen i beina, der han fekk sin store blemme mot Portugal, seier fotballeksperten.
Prega etter tabbane
Ørjan Håskjold Nyland var tydeleg prega undervegs og etter kampen mot Portugal etter to tabbar.
Først spela han ballen rett til portugisiske Gonçalo Ramos som scora vinnarmålet mot Noreg. Like etter var han passiv i ein duell då same portugisar snappa ballen og scora på nytt, denne gongen annullert for offside.
I tillegg sit Nyland på benken i klubblaget RB Leipzig.
Det fekk mange til å sjå til andrekeeper i troppen, Egil Selvik. Selvik spelar fast i det franske laget Brest og fekk også stå i mål mot Frankrike under sommarens VM.
I etterkant av kampen mot Portugal fekk Nyland støtte frå lagkameratane:
Det er frå før av bekrefta at Kristian Thorstvedt og Sondre Langås ikkje er med i den endelege 23-manns troppen. David Møller Wolfe er tilbake i troppen etter det raude kortet mot Danmark.
Usikre moment
Den tredje av fire kampar denne landslagssamlinga står for tur. Noreg står med tre poeng så langt i nasjonsligaen og er store favorittar før kveldens kamp.
Høyr kva podkasten Bakrommet fortel om kampen her:
Det har i fleire dagar blitt spekulert i kva som er Noregs beste startellevar mot Wales.
Ødegaard fekk også eit overtrakk på tampen av kampen mot Portugal, etter sparket frå Bernardo Silva.
Etter eit par rolege dagar trente Ødegaard med laget dagen før kamp, med ein tilsynelatande frisk ankel.
Julian Ryerson og Kristian Thorstvedt har begge hatt trøbbel og sistnemnde er ikkje med i troppen.
NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg sa tidlegare denne veka at Erling Braut Haaland burde bli benka grunna ei intens kamprekke, og at Jørgen Strand Larsen kan bidra med friske bein frå start.
– Eg trur han er freista til å benke Haaland. Jørgen Strand Larsen er ein god Premier League-spiss som kan gjere ein god jobb mot Wales. Det ville vore «jackpot» å vinne mot Wales og samtidig ha kvilt Haaland til Portugal-kampen. Eg er heilt sikker på at Solbakken leikar med den tanken, sa Løkberg tysdag.