Sidan fredag i førre veke har aksjonistar frå Natur og Ungdom aksjonert i og ved gruva ved Vevring i Sunnfjord.
Fleire gonger har politiet vore på staden og fjerna aksjonistar frå transportbandet som fraktar malm frå gruva.
Dette har gjort at gruveselskapet Nordic Mining i helga truga både Natur og Ungdom og einskilde aksjonistar med søksmål om store erstatningssummar, fordi dei meiner dei har tapt inntekter.
Nordic Mining driv no på mellombelse løyver frå staten, der dei har lov til å deponera gruveavfall i Førdefjorden.
Tysdag slår Natur og Ungdom fast at dette ikkje får noko å seia for den vidare aksjonen.
– Vi meiner denne saka er såpass viktig at vi ser oss villige til å ta konsekvensane av eit eventuelt søksmål, seier Eirin Støfringsdal i Natur og Ungdom.
NRK møter Støfringsdal tysdag ettermiddag.
Over 40 aksjonistar er tilstades i Vevring ifølge Natur og Ungdom.
– Vi syns det er ganske drøyt å saksøke en gjeng ungdommer som bruker ytringsfriheten vår, det vi ser på som vår siste mulighet til å påvirke denne saka, fortel Støfringsdal.
Leiaren i Natur og Ungdom legg til følgjande:
– Mange fekk seg ein støkk etter brevet. Men me meiner no at brevet er for lite konkret, og kor mykje me er ansvarlege for å erstatta. Slik situasjonen er no vil me ikkje la oss skremme, seier leiar Sigrid Hoddevik Losnegård.
Kommunikasjonssjef i Nordic Mining, Tone Løfuft, seier selskapet kjem til å gå vidare med søksmålet, og at det dreier seg om minst ein million kroner for kvar dag det har vore aksjonar.
– Viktigare å verna Førdefjorden
Når NRK snakkar med Losnegård er ho og andre aksjonistar på veg til Vevring. Ho slår fast at eit mogleg søksmål ikkje er viktigare enn saka dei kjempar for.
– Me ser på dette som ein trugsel frå eit selskap i ein desperat situasjon, seier ho, og held fram:
– Det er viktigare for oss å verna livet i Førdefjorden og å prøva å følgja opp Høgsterettsdommen enn det er å bli skremde av Nordic Mining, seier ho.
Natur og Ungdom opplyser at ti personar skal blokkera inngangane til gruveanlegget.
Losnegård seier ingen aksjonistar har trekt seg som ei følgje av breva frå Nordic Mining.
Meiner millionsum har gått tapt
Måndag fortalde Nordic Mining til NRK at det er snakk om ein millionsum dei vurderer å saksøkja aksjonistane for.
I eit brev til Natur og Ungdom NRK har sett kjem det fram at selskapet meiner å tapa ein million kroner kvar dag på aksjonen.
Kommunikasjonssjef Tone Løtuft sa måndag:
– Eg trur me kan seia at for eit ungt menneske så vil dette kunne bli eit litt tungt erstatningskrav å få i fanget.
Natur og Ungdom meiner på si side at dei berre gjer jobben som staten burde ha gjort, etter at Høgsterett slo fast at dei opphavelege løyva til å deponera gruveavfall i Førdefjorden var gjeve ulovleg.
Regjeringa har seinare slått fast at det ikkje er aktuelt å stansa drifta, og har gjeve Nordic Mining nye, mellombelse løyve.
Klima- og miljøminister Sigrun Aasland sa til NRK i førre veke at regjeringa vurderer meir langvarige løyve.
– Dommen frå Høgsterett betyr at departementet må gjere noko med vedtaka som er kjent ugyldige. Det har vi no gjort ved at desse er suspenderte, skreiv Aasland til NRK via si kommunikasjonsavdeling.
Vidare heitte det:
– Samstundes har vi gjeve selskapet eit nytt tidsavgrensa løyve til å deponere på kort sikt, medan vi vurderer om det kan bli gjeve eit meir langvarig løyve.
– Kan bli haldne økonomisk ansvarlege
Professor Anine Kierulf ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo er ein av dei fremste ekspertane på ytringsfridom i Noreg.
Ho slår fast at Natur og Ungdom og aksjonistane kan bli haldne ansvarlege for økonomiske tap Nordic Mining blir påført.
– Noko må den skadelidande tole, men dersom tapet er vedvarande og demonstrantane har fått eit varsel om dette, kan dei få eit erstatningsansvar, slår Kierulf fast.
Ho seier folk har eit stort og godt spelerom når det gjeld straffelova og sivil ulydnad, men at andre ting speler inn når det gjeld private søksmål.
– Det er opp til retten å avgjera kven som har ansvaret for eit økonomisk tap, men i utgangspunktet kan ein få eit erstatningsansvar ved denne type framferd, seier Kierulf.