Nederland trekker seg likevel frå ESC
Det melder EBU i ei pressemelding. Dette er andre gong Nederland melder at dei trekker seg i år. Årsaka skal vere Israel si deltaking i konkurransen. – Det er synd, men vi ønskjer dei velkomen tilbake neste år, seier prosjektleiar for ESC i NRK, Mads Tørklep. ESC-general i EBU, Martin Green, stadfestar i ei pressemelding at Nederland ikkje kjem til å delta. – Vi forstår avgjerda deira, og vi respekterer dei sterke kjenslene som ligg bak henne i Nederland, seier Green. Nederland er eit av grunnleggjarlanda bak tevlinga og har vore ein del av Eurovision-familien heilt sidan den aller fyrste utgåva i 1956.