– Helvete, var alt eg rakk å tenka før eg sette på naudbremsen.
Lokførar Jørgen Ingebrigtsen er blitt van med nestenulukker. Sist søndag var samanstøyten likevel nærare enn nokon sinne før.
– Eg skvatt veldig då den bilen kom. Denne gongen var det så nære på at eg var heilt sikker på at eg kom til å treffa han.
Ingebrigtsen skildra opplevinga først til BA.
Personbilen køyrde på raudt lys over planovergangen på Lone i bydelen Arna i Bergen sist søndag, 14.juni.
Toget er eit veterantog frå Museet Gamle Vossebanen. Det hadde fleire enn 200 passasjerar om bord, og var på veg frå Midtun mot Garnes.
Vognkassane er av tre, og Ingebrigtsen fryktar dei ha tatt fyr i ein samanstøyt.
– Det er heilt hovudlaust å køyra slik, og eg blir forbanna.
Fleire tilskodarar til nestenulukka
– Det var ei skremmande oppleving. Me var sikre på at det kom til å smella. Det såg ut som det var mindre enn ti cm klaring mellom toget og bilen, seier Rolf Alver.
Saman med kona Margun var han på tur med barnebarnet då nestenulukka skjedde.
– Me hadde stått veldig utsett til viss toget hadde treft bilen. Då kunne bilen ha blitt skubba mot oss. Bilføraren hadde tydelegvis ikkje fått med seg lyd- eller lyssignalet, seier Alver.
Det er raude, blinkande lys, og lydsignal som seier tydeleg ifrå når toget kjem til planovergangen.
– Dersom ein har sertifikatet, så skal ein skjøna dette. Det finst ikkje unnskyldningar, seier Ivar Gubberud.
Han er driftsstyrar for Museet Gamle Vossebanen, som driv veterantoget.
Det er ikkje første gong at bilistar tek sjansar nær toga. I 2022 blei ein bil treft av damplokomotivet ved ein tunnel i Erdalsvegen ved Grimen.
Same år skjedde det ei anna nestenulukke, der bilisten køyrde på raudt lys over planovergangen på Lone.
Lokførar Jørgen Ingebrigtsen køyrer berre tog som ein hobby, men seier han opplever farlege situasjonar minst to-tre gonger i året.
– Det er ikkje akseptabelt. Dei har ingen aning om kva fare dei er i fordi dei ikkje følgjer med i trafikken, slår Ivar Gubberud fast.
Kan få store konsekvensar
– Har du ei oppfordring til bilistar som køyrer denne strekninga?
– Dei må vera klare over at me køyrer tog på strekninga mellom 250 og 275 dagar i året. Det skal ikkje vera eit fnugg av tvil for bilistane når det kjem eit tog. Dette er eit problem me må setta fokus på, seier Gubberud.
Han legg til:
– Det kan få store konsekvensar, og det er bilisten sitt ansvar å vera oppmerksam i trafikken, og passa på omgivnadene sine.
Bilførar: – Eg køyrde uoppmerksamt
NRK har vore i kontakt med eigaren av bilen, som bekreftar at det var han sjølv som køyrde.
Bilføraren seier at han køyrde uoppmerksamt, og at han ikkje såg toget før det var for seint, og då valde han å køyra fort for å koma seg forbi.
Han beklagar hendinga, og anerkjenner at han gjorde ein feil.