Ørjan Håskjold Nyland
VM-HELT: Det var ikkje berre målvaktprestasjonane som gav Nyland merksemd under VM. Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Det er vel slik dagens samfunn berre har blitt og noko ein må ta stilling til, seier Ørjan Håskjold Nyland.

Det har gått 29 dagar sidan Nyland og resten av det norske landslaget feira VM-bragda framfor titusenvis av feststemte tilhengarar i Oslo sine gater.

Sidan den gongen har målvaktstjerna bestemt seg for at Tyskland og RB Leipzig blir den neste stoppestaden i karrieren.

Men då Nyland tysdag gjorde sitt første intervju etter Leipzig-returen, blei også ein absurd VM-snakkis eit tema.

Trudde Neymar at Nyland bad om tilgiving for Brasil-tapet?

Ørjan Håskjold Nyland klar for RB Leipzig
TILBAKE: Etter å ha slite med speletid i spanske Sevilla signerte Nyland for RB Leipzig sist veke. Sunnmøringen spelte også i klubben i 2022/23. Foto: RB Leipzig

– Den vaks ganske fort

Søndag 5. juli skjedde det igjen.

Brasil vart nedkjempa av vesle Noreg for andre gong i eit fotball-VM.

Berre ein mann fekk 10 på NRK sin børs: Ørjan Håskjold Nyland.

Nyland
MÅLVAKTHELT: I åttedelsfinalen mot Brasil blei Ørjan Håskjold Nyland vurdert som banens beste av NRK etter strafferedning og ei rekke avgjerande involveringar. Foto: Dylan Martinez / REUTERS,NTB

Den enorme prestasjonen skapte vill merksemd for voldingen på sosiale medium.

På Instagram gav ein konto seg ut for å vere Nyland, og fleire innlegg blei posta kor det kunne sjå ut som målvakta sjølv var avsendar.

– Det er litt slike ting som kan skje når ein plutseleg får ein god del fleire følgarar over natta. At nokon vil prøve å utnytte seg av det. Den vaks jo ganske fort, seier Nyland til NRK.

Nyland aadvarer
RYKTE UT: På sin eigen Instagram-konto bad Nyland folk om å rapportere den falske kontoen. Foto: Skjermdump / Instagram

Neymar-trøbbel

I etterkant av Brasil-kampen publiserte den falske Nyland-kontoen fleire hyllester av Brasil-laget, og beklaga å ha slått søramerikanarane ut av VM. Neymar blei trekt fram som ein den norske målvakta såg opp til.

Fleire av innlegga blei likte av Neymar sjølv.

Fleire kontoar delte Neymars likarklikk, og den falske kontoen fekk derfor enorm merksemd. På eit tidspunkt hadde han over 170.000 følgarar. Eit av innlegga hadde nærare 900.000 likes.

Nyland fortel at han fekk med seg at superstjerna var innom den falske kontoen og gav tommel opp.

– Eg såg det, men det bryr eg meg fint lite om. Eg og vi fekk fortsette VM, og han var kanskje framleis litt bitter for at dei måtte heim, seier Nyland.

neymar
NEYMAR-TABBE: Eit av innlegga brasilianske Neymar gav eit hjarte, har fått over 800.000 likes. Foto: Skjermdump / instagram

Ønsker regelendring

Etter at Nyland sjølv bad om hjelp til å få kontoen fjerna, forsvann verifisert-markeringa av «nylandofficial», som den kalla seg.

Seinare har han både vore heilt borte, og komme tilbake under andre namn.

– Det viser kanskje at det skulle vore litt vanskelegare å opprette profilar. At det skulle vore ein måte ein kunne identifisere seg på, foreslår Nyland.

Han meiner ein treng erfaring for å takle innhaldet ein kan støyte på sosiale medium.

– Det er derfor det er litt farleg for yngre personar òg, seier 35-åringen.

I dag har fleire plattformer 13 års aldersgrense for å opprette profil på sosiale medium. Dersom den norske regjeringa får det som ho vil, vil det bli 16 års aldersgrense i Noreg.

Blir nummer 1

Det var tysdag førre veke Nyland signerte kontrakt med bundesligaklubben fram til 2028.

Nyland fekk berre to ligakampar då han sist var i Leipzig i 2022/23-sesongen. Den gongen hadde han draktnummer 13, no har han fått nummer 1.

– Eg veit at eg kjem til å få kampar. Ut over det så kjenner eg at eg har vist kva nivå eg har inne, og det er nok derfor eg har blitt henta hit òg, seier Nyland.

Tre norske fotballspillere med armene rundt hverandre på banen under en landskamp. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
BLIR LAGKAMERATAR: Ørjan Håskjold Nyland (35) skal spele saman med sin 14 år yngre landslagskollega Antonio Nusa (21) i RB Leipzig. Foto: ELSA / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB

Ungararen Peter Gulácsi, som til liks med Nyland er fødd i 1990, har vore det klare førstevalet til klubben i ti sesongar.

Gulácsi er klar for spanske Villarreal, og Antonio Nusas klubb trong dermed ein erstattar.

Det var likevel Maarten Vandevoordt som stod i mål for Leipzig mot slutten av førre sesong, etter at Gulácsi blei skadd i februar. 24-åringen er framleis i klubben og vil truleg gi Nyland tøff konkurranse om plassen på laget.

– Eg er her for å spele så mykje som eg kan og det er målet mitt for tida mi her, oppsummerer Nyland kontant.

Skjelv i buksene før Noreg-kamp: – Kan vi tilsette Drillo?