Det norske landslaget på Ullevaal
FOR LITEN? NFF meiner herrelandslaget har vakse ut av Ullevaal stadion, som rommar rundt 27.000 tilskodarar. Foto: Vegard Grøtt / Bildbyrån

Ullevaal stadion rommar rundt 27.000 tilskodarar. Til fleire av dei mest attraktive landskampane, meiner Norges Fotballforbund (NFF) at dei kunne selt omtrent dobbelt så mange billettar.

– Vi tar ikkje i når vi seier at vi nok kunne selt ut Ullevaal stadion gonger to på fleire av dei mest attraktive kampane, seier NFFs generalsekretær Karl-Petter Løken til NRK.

Nasjonsliga-kampane mot Portugal og Danmark er allereie utselde.

Neste moglegheit kjem når billettane til Wales-kampen 14. november blir lagt ut til førehandssal onsdag denne veka.

– Det er ingen tvil om at herrelandslaget har vakse ut av Ullevaal stadion, seier Løken.

NFF ønsker på sikt ein ny nasjonalarena med plass til mellom 40.000 og 50.000 tilskodarar.

En fullsatt tribune
FULLSETT: Det er stappfullt på dei største fotballkampane på Ullevaal. Foto: Lise Åserud / NTB

Oslo vil ha arenaen

Oslo kommune er tydelege på at dei ønsker ein eventuell ny nasjonalarena til hovudstaden.

– Byrådet ønsker at ny nasjonalarena blir lagt til Oslo. Eg heiar på initiativ som gjer Oslo til ein enda betre arrangements- og idrettshovudstad, seier byråd for byutvikling Anita Leirvik North (H).

Kommunen er allereie i dialog med NFF om kor ein ny arena kan ligge.

Anita Leirvik North med et regnbuefarget bånd rundt halsen. Andre personer er delvis synlige i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
POSITIV: Byråd for byutvikling, Anita Leirvik North (H), bekreftar at Oslo kommune er i dialog med NFF om mogleg plassering av ein ny nasjonalarena. Foto: Terje Pedersen / NTB

– Det stemmer at kommunen er i dialog med NFF om mogleg plassering av ny arena for å hjelpe til med å peike ut område som kan vere aktuelle for eit så stort anlegg som kan handtere 40–50.000 gjester.

North understrekar samtidig at prosessen er på eit tidleg stadium. Kommunen ventar nå på fleire detaljar frå NFF om prosjektet.

– Fotballen aleine vil få utfordringar

Idrettsøkonom Harry Arne Solberg meiner det finst argument for ein større nasjonalarena, men understrekar at ein arena av denne størrelsen må brukast til langt meir enn landskampar.

– Når du bygger ein sånn stadion, får du veldig høge faste kostnader. Jo fleire aktørar du kan dele dei på, jo enklare er det.

Harry Arne Solberg står i et auditorium. Han snakker med en person som vi kun ser deler av ansiktet til.
ÅTVARAR: Idrettsøkonom Harry Arne Solberg meiner fotballen aleine vil få problem med å gjere ein ny storarena lønnsam. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Han trekker fram Parken i København, der arenaen også blir brukt til konsertar, messer og andre arrangement.

– Fotballen aleine vil nok ha utfordringar med å gjere det til ei lønnsam investering, seier Solberg.

NFF ser også for seg at ein ny arena kan brukast til store europeiske klubbkampar, ein mogleg framtidig meisterskap på kvinnesida og konsertar med dei største artistane i verda.

Staten ser det an

NFF meiner ein ny nasjonalarena må realiserast gjennom eit spleiselag mellom myndigheitene og private aktørar.

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) viser til at staten verken bygger eller eig idrettsanlegg.

Ho meiner NFF og Oslo kommune må gjere fleire avklaringar før staten eventuelt kan vurdere å bidra.

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit applauderer på tribunen med norske supportere. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
PÅ TRIBUNEN: Kulturminister Lubna Jaffery (Ap) saman med kongefamilien på tribunen på Ullevaal. Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB

– Eg er open for å inngå nærare dialog dersom dette kjem på mitt bord, seier Jaffery.

NFF kan foreløpig ikkje seie når ein ny nasjonalarena kan stå ferdig.

Forbundet understrekar også at eit nytt nasjonalt treningsanlegg har høgare prioritet.

– Først må det vere reell interesse frå myndigheiter og private aktørar, og gitt interesse vil det erfaringsmessig uansett ta ganske lang tid før første kamp kan spelast, seier Løken.