tre turistar som står utanfor ein campingresepsjon
UTSJEKK: Clotilde Vitre og foreldra Christine og Pascal er storfornøgde med Noreg og Hov hyttegrend som reisemål. No ventar snart heimlandet Frankrike for turistane. Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRK

Etter fleire år med rekordsommar etter rekordsommar, ventar ein liten kalddusj i år.

– I år er vi veldig spente på sommaren, seier administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold.

Dei trur det kan verte færre turistar i sommar enn tidlegare år. Medlemsbedriftene melder om færre førehandsbookingar.

Kristin Krohn Devold smiler med et skjerf rundt halsen
At nordmenn har litt dårlegare råd og at det er varsla hetebølger i Europa, kan likevel lokke fleire til å ta noregsferie i år, trur Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv. Foto: Oda Hveem

Ho peiker på fleire årsaker til nedgangen frå den utanlandske marknaden.

Uroa i Midtausten råkar turismen frå Asia. I tillegg kvir amerikanarane seg for å reise når landet deira er involvert i konflikt.

Nordmenn er derimot mindre bekymra.

67 prosent av dei spurte i ei NHO-undersøking, seier uro i verda ikkje påverkar ferieplanane deira.

Sommer i Nord-Norge. Tre jenter hopper fra brygga i Telegrafbukta i Tromsø.
Færre nordmenn vil feriere i eige heimland i år. Men NHO reiseliv håper hetebølger i utlandet likevel vil få fleire til ta ferien her. Foto: NTB

Samstundes vil færre nordmenn feriere i eige heimland.

I fjor ville 69 prosent av oss feriere i Noreg, men i år har talet sokke til 58 prosent.

Hetebølger skremmer oss heller ikkje vekk frå varmare strøk.

40 prosent av dei spurte vil berre reise utanlands i år – det høgste talet sidan pandemien.

Ei undersøking Virke har gjort syner at sju av ti nordmenn skal på sommarferie. Desse tala er stabile frå førre måling.

– Våre tal er meir optimistiske enn NHO sine, seier Geir Vik, bransjeleiar reiseliv.

Ålesund
I år kan det gå mot færre turistar i Noreg. Ei lita trøyst for Vestlandet er at dette er det mest populære reisemålet blant nordmenn her til lands. Foto: Tore Ellingseter

Før var prisnivået det som styrte ferievalet. No er det derimot verdsbildet og tryggleik som avgjer, fortel han.

Meir optimistiske i vest

Men medan NHO Reiseliv er svært spente på årets sommar, er ein fersk campingplasseigar i Sunnfjord på Vestlandet, meir optimistisk.

– No har nokre tyske turistar sjekka ut, så no må det gjerast klar for nye folk, seier Cecilie Hoff.

to damer står ved ein camping-respesjon
Storfamilien er med å drive Hov hyttegrend og i dag er det mor til Cecilie, Marianne Hoff, som er med å ta i eit tak i resepsjonen. Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRK

Ho går med raske steg og vaskebøtta i handa mot ei av dei tjue utleigehyttene ved Hov hyttegrend i Sunnfjord.

Omkransa av fjell og fossedrag, 12 grader i lufta og lett duskregn, er dette perfekt for turistar som rømmer frå hetebølger.

1. mai opna campingplassen. For Hoff og sambuaren blir årets sesong den første heile sesongen sidan dei kjøpte feriestaden i fjor.

ei dame vaskar ein kjøkkenbenk i ei hytte
Cecilie Hoff har i mange år drøymt om å kjøpe campingplassen som ligg eit steinkast unna barndomsheimen hennar. I fjor gjekk draumen i oppfylling, men arbeidsdagane kan fort verte lange og hektiske. Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRK

– Så langt ser det bra ut, og særleg juli. Eg håpar det blir skikkeleg hektisk, seier Hoff.

Sterk oppgang, men truleg ikkje rekord

I Bergen er dei også meir optimistiske enn NHO reiseliv.

I resepsjonsområdet til Opus XVI i Bergen summar det av liv.

– Vi ser ein sterk oppgang, fortel hotelldirektør Lise Solheim.

Dei har ein byks i talet på bookingar frå same tid i fjor.

– Det er høg etterspurnad etter Bergen og reiselysta er stor, seier ho.

Vestland fylke er nettopp det fylket som flest vil besøke, syner NHO-tala.

Stein Ove Rolland, direktør i Fjord Norge.
Den norske marknaden er vanskelegare å føresjå enn den utanlandske, seier Stein Ove Rolland, direktør i Fjord Norge. Årsaka er at nordmenn bestiller seint og etter vêret. Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det stemmer overeins med Stein Ove Rolland, administrerande direktør i Fjord Norge sitt inntrykk.

Han seier dei jamt over får gode tilbakemeldingar frå turoperatørar, reiarlag og flyselskap.

– Så eg er forsiktig optimist.

Men at det kan verte like bra som rekordåret 2025, kan verte vanskeleg.

Medan NHO fryktar for den amerikanske marknaden, er trafikken inn mot Vestlandet ganske god, fortel Rolland.

Også den asiatiske marknaden er på veg opp att, legg han til.

«Coolcation» er enno like aktuelt – og endå meir enn før, sidan fleire land i Europa har rekordtidlege hetebølger, seier Rolland.

– Vanskeleg å føresjå den norske marknaden

I Sogn ser årets sesong ganske lik ut fjoråret og så langt er det få avbestillingar.

Det fortel reiselivsdirektør Heidi Hauge i Visit Sognefjorden, som har 220 medlemsbedrifter i sju sognekommunar

Flåm stasjon med turistar
Sogn er ein populær destinasjon for turistar, og slik ser det også ut til å verte i år, ifølge reiselivssjef. Foto: Merete H. Høidal / NRK

– Men den norske marknaden er vanskeleg å føresjå, legg ho til.

– Vi reiser etter vêret og er seine med å bestille, fortel ho.

Ein trend dei siste åra er færre, men meir pengesterke turistar, legg ho til.

– Draumejobben

På campingplassen i Sunnfjord er ein fransk familie i ferd med å sjekke ut.

Etter tre veker i Nord-Noreg og på Vestlandet ventar heimlandet att.

– Det er nydeleg her med skog, fjell, vatn og fjordar. Så stille og fredeleg. Vi skulle gjerne blitt endå lenger, seier Clotilde Vitre.

en gruppe mennesker utenfor en bygning (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Dei franske turistane takkar for seg og vender nasen mot Bergen og deretter fly heim mot Frankrike. For campingplasseigar Cecilie Hoff ventar eit nytt oppdrag. Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRK

At Noreg er i ein roleg del av verda, var veldig viktig i val av reisemål.

Lett duskregn og knapt 12–13 grader er heilt supert, synest Clotilde og foreldra Christine og Pascal.

Eller – Christine synest badetemperaturen er litt vel låg.

– Eg greidde berre å duppe tåa nedi, seier ho og ler så krøllane ristar.

ei dame står ved ei hytte
Fjorårets juli var svært god. – Då hadde vi så stor pågang at vi måtte avvise fleire om dagen, seier Cecilie Hoff, som håper det blir like hektisk i år. Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRK

Campingplasseigar Cecilie vinkar dei av garde før ho tek til på neste gjeremål.

For henne er dette draumejobben:

– Det er utruleg kjekt. Du møter folk frå mange land og får høyre om andre kulturar. Samstundes er det også mykje jobb og tida strekk ikkje alltid til, legg ho til.

For eigen del er det først til vinteren småbarnsmora får tid til ein tur, og gjerne til ein varmare plass enn Viksdalen.

– Eg må ha litt sol og varme, seier ho.