Miljødirektoratet refsar Equinor: – Lurer på om dei har kontroll på drifta
MONGSTAD: Medan Noreg tidlegare hadde fleire raffineri, står Mongstad i dag att som den einaste anlegget som kan foredle råolje til drivstoff her til lands. Dette gjer raffineriet til ein heilt avgjerande brikke i den nasjonale tryggleiken. Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Krig i Midtausten og blokade av det viktige Hormuzsundet har i 2026 avslørt ein kritisk sårbarheit i norsk beredskap.

Medan nabolanda Sverige og Finland har lager som toler nitti dagar med importstans, har Noreg sidan 2007 halde seg til eit krav om berre 20 dagar.

Det er energibyrået IEA som krev at medlemslanda som hovudregel skal halde et beredskapslager av drivstoff som tilsvarer minst 90 dagars nettoimport.

Reglane blei laga i et tid der oljenasjonen Noreg i prinsippet kunne forsynt seg sjølv med drivstoff i ei krise. Det kan ikkje Noreg lenger.

No ropar Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) varsku på vegner av det norske næringslivet.

– Dersom vi kjem i ein situasjon der vi ikkje har tilgang på drivstoff, så rammer det forsvarsevna, sivilsamfunnet og moglegheita næringslivet har til å oppretthalde verksemda si, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid til NRK.

Bildet viser en gruppe mennesker i en innendørssetting, delvis omkranset av fargerike lamper. To menn i forgrunnen står nær hverandre, mens flere andre personer er synlige i bakgrunnen. Den ene mannen er kledd i en mørk dress, mens den andre har en uniformert antrekk. Atmosfæren ser ut til å være formell, muligens relatert til en konferanse eller et møtested.
– Det er veldig alvorleg for eit samfunn som treng dette drivstoffet i ein krisesituasjon, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid til NRK. Foto: Øystein Otterdal / NRK

Støre: – Me har full kontroll

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) er også oppteken av situasjonen i Hormuzsundet og beredskap.

Jonas Gahr Støre, leder for Arbeiderpartiet, smiler til høyre. Han er kledd i mørk dress og hvit skjorte. I bakgrunnen skimtes en person i mørk jakke. Utenfor er grønne planter og en rød vegg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap). Foto: Peder Bergholt / NRK

– Det er viktig å seie at me har full kontroll på dette no, seier han og legg til;

– Det verdsbilde som er byrjar vi å merke no. Om Hormuzsundet blir verande lukka så er det alvorleg, så det må me jobbe for fullt med.

Slutt på «den djupe freden»

I fleire tiår har norsk beredskap vore prega av det analytikarar kallar den djupe freden.

Men dei siste åra har tilliten til den globale marknaden fått djupe sprekker.

Ein ny rapport frå Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) underbyggjer alvoret.

Forskarane slår fast at Noreg er kritisk avhengig av import av diesel og flydrivstoff, og gjer eitt poeng av at vi berre har eitt attverande raffineri, på Mongstad i Vestland.

Rapporten konkluderer med at det er eit enormt gap mellom det vi har i dag og det vi treng i krig.

Sjursøya
Sjursøya i Oslo fungerer som Noregs største og viktigaste energilager, og det er her dei store tankane med bensin, diesel og flydrivstoff står plasserte. Men sjølv om tankane er massive, er innhaldet berre berekna på å halde hjula i gang i 20 dagar. Foto: Anders Fehn / NRK

– Marknaden fungerer ikkje i krise

Bjarne Schieldrop, sjefanalytikar for råvarer i SEB, forklarar til NRK at oljenasjonen Noreg er i ei sårbar «dieselfelle».

Etter at Esso la ned raffineriet på Slagentangen i 2021, må over halvparten av dieselen og nesten alt flydrivstoff bli importert.

– Greia er jo at når det verkeleg blir forsyningskrise, så fungerer ikkje desse marknadene skikkeleg lenger. Dei som då normalt eksporterer, sluttar å eksportere, seier Schieldrop.

Han legg til:

– Det blir ein sånn «hoarding»-mentalitet som gjer at krisa blir mykje verre enn det ein trudde, seier han.

I tillegg til dei faglege åtvaringane, aukar det politiske presset om at regjeringa må ta grep.

Senterpartiet har nyleg fremja eit framlegg på Stortinget om å firedoble dei norske lagera til nitti dagar, på linje med nabolanda våre.

Framlegget får støtte frå Frp-leiar Sylvi Listhaug, som i vinter peika på dei tomme tankane ved det nedlagde raffineriet på Slagentangen som ei gyllen moglegheit til å auke kapasiteten raskt.

Regjeringa varslar grep

Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) stadfestar no at regjeringa rykker ut for å tette gapet.

I eit skriftleg svar til Stortinget varslar ho at forskrifta om beredskapslagring frå 2006 blir revidert og sendt på høyring i løpet av 2026.

– Vi arbeider med tiltak som å auke kravet til drivstofflagring og ferdigstille ei prioriteringsordning for drivstofforsyning, skriv Myrseth.

Målet er å sikre at Forsvaret, sjukehus og matlogistikk blir prioritert dersom det blir tomt.

NHO-sjef Almlid seier at organisasjonen allereie har hatt møter med myndigheitene i saka – og varslar at kontakten skal trappast opp i tida framover.

– Vi må nok sjå på dette på ein litt ny måte no enn vi har gjort fram til i dag, seier han.

– Meir dialog med privat næringsliv er hjarteleg velkommen. Vi har hyppig kontakt nå med Rådet for drivstoffberedskap og snakkar sjølvsagt også gjerne meir med NHO om situasjonen, seier statssekretær Ragnhild Syrstad i Nærings- og fiskeridepartementet.

Miljødirektoratet refsar Equinor: – Lurer på om dei har kontroll på drifta
Dersom importen av ferdigraffinert diesel og flydrivstoff sviktar, er vi i praksis avhengige av at produksjonen på Mongstad går for fullt. Foto: Marit Hommedal / NTB